Heim Blogg Side 20

Ny leiar i Norsk Målungdom

0

– Det byrja med gratis pizza, men har blitt utruleg mykje meir enn det. Engasjementet for Norsk Målungdom, nynorsk, dialekt og språkmangfald kjenner eg veks for kvar dag.

Det fortel førdianaren Frida Pernille Mikkelsen på e-post til Framtida.no.

Førre helg vart 24-åringen valt til leiar i Norsk Målungdom, der ho til no har vore tilsett som skrivar.

Tennvæske på engasjementet

Frida Pernille Mikkelsen er oppvaksen i nynorskkommunen Sunnfjord, og fortel at det var først då ho flytta til Oslo etter vidaregåande at språkengasjementet tok verkeleg grep.

– Eg kjente for første gong på kjensla av å verkeleg vere eit mindretal og kor utruleg mykje ekstraarbeid eg fekk berre fordi eg hadde nynorsk som hovudmål. Det var tennvæske på engasjementsflammen, fortel 24-åringen.

Ho slit ikkje med å halde flammen ved like.

– I dag hentar eg engasjement frå medlemsmassen vår, frå klageportalen, frå idelogiske samtalar ein sein onsdagskveld, frå historia til målrørsla, frå det offentlege ordskiftet og ein million andre plassar.

Saka som ligg hjartet nærast er elev- og studentrettar, to grupper ho nettopp har vore del av sjølv og difor noko av det ho har mest erfaring frå.

– Som elev og student får ein iblant kjensla av å vere brikker i eit system. Alt er så veldig ferdig utforma rundt deg, og du skal køyrast gjennom det. Det er også då så utruleg frusterande når systemet ikkje tar omsyn til deg eller fullstendig køyrer over deg.

Håpar å ikkje øydelegge den gode stemninga

Den påtroppande leiaren fortel at dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom i 2021 er språk i høgare utdanning, språk i skulen og stortingsvalet.

– Dei fleste studentar som nyttar nynorsk har nok kjent på kjensla av motstand, og eit system som ikkje er bygd for dei. Dette skal vi sette fokus på i 2021.

Mikkelsen fortel at det er eit hav av saker å ta tak i for å betre kåra for nynorskstudentar, og at landsmøtet òg vedtok eit nytt politisk program om dette.

Samstundes vil målungdommen arbeide for å sikre og styrke rettane til nynorskelevane i revideringa av opplæringslova. Mikkelsen påpeikar at lova inneheld rettane ein har som nynorskelev i skulen, og legg grunnlaget for jamstilling òg etter skulegangen.

– Så skal ein jo heller ikkje gløyme stortingsvalet. Vi skal jobbe for at språk er ei av sakene veljarane tek med seg inn i vallokalet, og at det kjem ei regjeringsplattform som styrker nynorsken.

Den påtroppande leiaren fortel at ho ikkje har noko særskild leiarførebilete, men at ho plukkar mykje med seg frå andre leiarar ho har møtt i organisasjons- og arbeidslivet.

– Eg håper eg blir ein open leiar, som kan lage god stemning. Det er jo alltid god stemning i målungdommen, så håpet er vel meir at ein ikkje øydelegg det. Draumen er å vere ein som byggjer opp andre og sikrar politiske sigrar til Norsk Målungdom.

24-åringen har òg ei bachelorgrad i offentleg administrasjon og leiing, og håpar å kunne drage nytte av utdanninga i førarsetet i Norsk Målungdom.

Stolt oldefar og deltidsjobb

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

Ingenting. Det har litt vore ein vits heile vegen min i målungdommen at eg manglar ein hobby, eller er på evig jakt etter ein, fortel Frida Pernille Mikkelsen og held fram:

Eg kjenner at alt eg eigentleg vil fylle tida mi med er det her. No jobbar eg 100 %, og litt til, som skrivar i Norsk Målungdom, men har fått meg ein deltidsjobb for å ha noko å gjere på fritida.

24-åringen fortel at ho etter jul i år var lei av å sitje heime i eit nedstengd Oslo, og i februar fekk ho seg like greitt ein jobb som ekstrahjelp i administrasjonen til forlaget Det Norske Samlaget.– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg får ofte høyre frå slekt at no ville oldefaren min vore stolt. Han var lærar på ein skule utanfor Harstad, og nynorskmann, som dei seier. Han kunne eg gjerne tenkt meg å ta ein prat med, fortel Mikkelsen og legg til:

– Då skulle eg brukt Foodora, for eg er ikkje spesielt interessert i kjøkenaktivitetar.

Agnes Ravatn, skjermtid og idealsamfunnet

Frida Pernille Mikkelsen har ikkje éi særskild bok ho meiner alle bør lese, men tilrår heller heile forfattarskapen til Agnes Ravatn.

– Ho skriv på ein måte som passar meg perfekt. Alle burde lese ei bok av ho, eller alle! Eg lurer på om ein kanskje kan forstå noko meir av vestlandsvesenet då?

Frida Pernille Mikkelsen tilrår alle å lese bøkene til den prislønte forfattaren Agnes Ravatn. Foto: Marius Viken. Kollasj: Framtida.no

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg held meg oppdatert ved å prate med folk. Det kjem kanskje litt av at eg fort gløymer at eg skulle ha sjekka avisa, så då er det god hjelp at folk fortel meg kva som skjer.

I tillegg har Mikkelsen god nytte av kvissen til Aftenposten, og dei tallause podkastane ho lyttar til.

Den største tidstjuven i kvardagen hennar er mobiltelefonen.

– Eg skjemmest nesten litt når eg får skjermtidrapportane ein gong i veka. Blir ikkje betre av at det er Instagram og TikTok som tek storparten av tida.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit romsleg samfunn der ein unner kvarandre litt ekstra. For at alle skal få den same utsikta treng nokon nokre ekstra krakkar å stå på, og andre treng kanskje ingen. Det trur eg er ei universell linje å legge seg på uansett sak.

Ny dagleg leiar i NRK Nynorsk mediesenter

0

Rune Fossum Lillesvangstu blir dagleg leiar for Nynorsk Mediesenter på distriktskontoret til NRK i Førde.

– Eg synest sjølv at det er eit artig paradoks at eg eigentleg er bokmålsbrukar. Eg hadde det som hovudmål fram til eg fekk jobb i Firda. Då konverterte eg, seier Rune Fossum Lillesvangstu til avisa Firda.

Lillevangstu tek over som leiar for Nynorsk mediesenter i Førde etter Magni Øvrebotten. Ho har vore dagleg leiar på mediesenteret sidan det vart oppretta som del av NRK Sogn og Fjordane i Førde i 2004.

– Ho har gjort ein heilt enorm jobb. Eg trur ikkje folk heilt ser kva ho har gjort. Å vidareføre dette og utvikle det endå meir, er noko eg går til med respekt, seier han til Firda.

Lillevangstu har bakgrunn både som journalist i avisa Firda og NRK Sogn og Fjordane. I NRK har han jobba som journalist og etter kvart vaktsjef i fleire år, før han i 2016 begynte som faglærar på mediesenteret.

Nynorsk mediesenter er eit nasjonalt kurs- og kompetansesenter for bruk av nynorsk i media, og tar inn praktikantar kvart halvår. Praktikantane får journalistopplæring ved mediesenteret, for så å ha ein praksisperiode i NRK. Senteret vart oppretta for å bidra til meir bruk av nynorsk i NRK. (©NPK)

Skrivekonkurranse erstatta kåring av Noregs beste nynorskeksamen – her er vinnarane

Fridthiov Oos’ pris har blitt delt ut i over 100 år, og går normalt til dei beste eksamenssvara i nynorsk. Grunna korona blei prisen erstatta av ein skrivekonkurranse i regi av Det Norske Samlaget, Framtida.no og Magasinett. No er vinnarane kåra.

Vinnarane av skrivekonkurransen er:

  • Thea Holand (17) frå Heggen videregående skole i Harstad
  • Synne Solberg (18) frå Vinstra vidaregåande skole
  • Celine Rognaldsen Mietle (18) frå Nøtterøy videregående skole

Vinnarane svarte på desse oppgåvene og får 5000 kroner kvar frå Fridthiov Oos’ legat.

Totalt 170 bidrag frå heile landet kom inn til skrivekonkurransen. Juryen ved Anders A. Fitje og Synnøve Marie Sætre synest det er stor stas at så mange har sendt inn bidrag til skrivekonkurransen.

– Bidragsytarane har vist skrivelyst og kreativitet, og det har resultert i mange gode svar på oppgåvene og ein utfordrande jobb for juryen, skriv Synnøve Marie Sætre.

Thea Holand (17) frå Harstad er den yngste av vinnarane av skrivekonkurransen. Foto: Privat

«– Dæsken!»

Vinnar Thea Holand (17) synest det er utruleg stor stas å vinna konkurransen.

– Eg måtte ropa «dæsken» til mor mi då eg fekk mailen frå deg, skriv Thea Holand på epost til Framtida.no.

Ho valde å skriva eit essay om dialektar.

– Det er ein spennande sjanger med mange moglegheiter. Temaet var også noko eg tenkjer er interessant, og eg er fascinert av alle dialektane i Noreg. Sidan bokmål eigentleg er hovudmålet mitt, synest eg det er veldig fint å skriva på nynorsk, og eg tenkjer at det er eit vakkert skriftspråk, slår harstadværingen fast.

– Utruleg glad i dialekta

I teksten hennar skriv Thea Holand om at bestefar hennar alltid pleidde å retta på ho då dei åt fisk ved middagsbordet.

«Det hete ikkje fisk, Thea, det hete fesk!».

– Kva betyr dialekten din for deg personleg?

– Eg er utruleg glad i dialekta mi! Eg føler at den er ein stor del av kven eg er, og eg føler at dialekta mi knyter meg til staden eg er ifrå. Eg må også seia at eg er glad i nokre nordnorske frasar sjølv om eg ikkje alltid er den fyrste til å seia dei, og at eg synest det er gøy med lokale ord som er unike for kvar stad.

Juryen synest teksten hennar er eit særs godt svar på oppgåva, og skriv at forfattaren på elegant vis greier å balansera kunnskap om temaet, artige anekdotar og gode drøftingar.

QUIZ: Test deg sjølv kor god du er på dialektar!

Steingalen

Thea Holand er snart ferdig med andre året på Heggen vidaregåande skule i Harstad, og tek studiespesialiserande med realfag som programfag. Skulen har vore prega av gult og raudt om ein annan.

– Eg er skikkeleg lei av orda «avlyst» og «restriksjonar»! Men eg har hatt det greit og det kunne ha vore mykje verre. No får eg vera på skulen kvar dag, noko eg er veldig glad for.

Etter vidaregåande tenkjer ho å studera geologi i Trondheim.

– Eg er «steingalen» og er kjempeinteressert i geologi og bergartar. Eg er også utruleg glad i å teikna og gjera noko kreativt, så eg tenkjer også å ta nokre år på kunstskule. Draumen er ein gong å gje ut ei eiga bok med sjølvlaga illustrasjonar og tekstar.

«Eg har opp gjennom åra høyrt store forskjellar mellom min generasjon, foreldregenerasjonen og besteforeldregenerasjonen sin talemåte», skriv Synne Solberg (18) i vinnarinnlegget sitt. Foto: Privat

«Kæn é få `n påsså?»

Synne Solberg frå Harpefoss er òg strålande nøgd med å vinna.

– No blir norsklæraren min glad!

3.klassingen ved Vinstra vidaregåande skule er veldig interessert i språk.

– Då eg såg skrivekonkurransen, og attpå til fekk ein liten dytt av norsklæraren min, takk Arnhild, så var valet av oppgåve veldig enkelt! skriv ho på epost til Framtida.no.

Synne Solberg seier ho lenge har tenkt på korleis ho og andre unge blir påverka av kvarandre og verda rundt oss, og korleis vår talemåte skil seg ut frå dei eldre generasjonane.

– Dette var jo ei perfekt oppgåve for å reflektera over akkurat dette.

Juryen skryt over teksten hennar «Kæn é få ’n påsså?» om dialektar i Noreg, og utsiktene til å få eitt felles talemål:

«Ho syner fram eit stort register av språklege reidskapar for å få fram ulike syn på saka, og til slutt sitt eige. Til slutt sit lesaren att med ei stolt kjensle ikkje berre for sitt eige talemål, men for alle dei ulike talemåla i landet.»

– Stor del av identiteten vår!

Dialekten betyr mykje for ho personleg.

– Eg pratar jo midt-gudbrandsdøl og er veldig stolt av det! Eg synest absolutt fleire burde vera stolte av dialekta si og bruke alle særeigne ord som finst. Det er jo det som gjer språket vårt så unikt og fint! Eg er jo kanskje litt overdriven interessert i språk og spesielt dialektar, men det er jo ein stor del av identiteten vår som vi absolutt burde behalda!

3.klassingen i musikk har søkt på fleire studium til hausten.

– Planen min er å gå rett på studium etter sommaren, og har prioritert studium som har med kultur å gjera, både musikk men også litteraturrelaterte retningar.

LES OGSÅ: Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

– Det var veldig overraskande og hyggjeleg å vinna konkurransen, seier Celine Rognaldsen Mietle. Foto: Privat

Skreiv om nynorskrobot

Celine Rognaldsen Mietle (18) frå Tjøme valde å skriva om nynorskroboten og korleis han kan påverka norskundervisinga i skulen.

– Klassen min fekk denne oppgåva i samband med at skulen eg går på hadde besøk av nokre studentar som skulle gjennomføra eit opplegg med oss. Eg tenke at eg like gjerne kunne senda inn eit bidrag då eg blei kjend med konkurransen, skriv tredjeklassingen på Nøtterøy videregående skole i ein epost til Framtida.no.

I vinnarteksten skriv ho at det er viktig å tenkja på kor avhengige vi vel å gjera oss av nynorskroboten, og åtvarar mot at elevar kan gjera seg ei stor bjørneteneste til eksamen om ein bruker denne i skulen.

Juryen var samstemde om at teksten var eit særdeles godt svar på oppgåva:

«Det er ein tekst som på eksemplarisk vis drøftar emnet om nynorskroboten si rolle i skulen, som viser ulike sider ved denne viktige saka, og som tek tydeleg stilling til ei aktuell sak som opptek mange. Den har god og etterretteleg kjeldebruk og verkar solid på alle vis.»

No blir det enklare å talestyra mobilen på nynorsk

0

Takka vere ei gratis uttaleordliste på nynorsk frå Nasjonalbiblioteket, blir det no enkelt og billig å utvikla program der nynorskbrukarar kan styra mobiltelefonen med stemma eller få datamaskina til å lesa høgt på nynorsk.

– Til no har det ikkje vore så mykje taleattkjenning på nynorsk, seier språkteknolog Per Erik Solberg ved Språkbanken til Nynorsk pressekontor.

For å bøta på dette har Nasjonalbiblioteket no gjort tilgjengeleg ei uttaleordliste, som er ein viktig grunnlagsressurs for nynorsk taleteknologi.

Snart kan datamaskina snakka nynorsk

Uttaleordlista er ikkje ei vanleg ordliste som menneske kan slå opp i. Ho er laga spesielt til bruk for datamaskiner. Solberg forklarer at ordlista både vil vera nyttig for taleattkjenning og for såkalla talesyntese.

– Taleattkjenning er det å snakka til datamaskina, og så skriv maskina det du seier, medan talesyntese er ei syntetisk stemme som les opp tekst frå datamaskina. Du kan til dømes få datamaskina til å lesa ein avisartikkel på nynorsk, utdjupar han.

På same måten kan taleattkjenning vera eit nyttig verktøy viss du til dømes har senebetennelse og ikkje kan bruka hendene. Då kan du i staden bruka stemma til å diktera til pc-en.

– Taleattkjenning kan også brukast til automatisk transkripsjon av møte, som til dømes Stortinget held på å utvikla, forklarer språkteknologen.

Gratis for alle

Den nyutvikla nynorske uttaleordlista er utvikla av trondheimsfirmaet Lingit og er gratis tilgjengeleg i ressurskatalogen til Språkbanken for alle, både kommersielle – og ikkje-kommersielle utviklarar.

– Å ha ein open lisens er veldig viktig for oss. Språkbanken er til for å tilby ressursar som trengst for å utvikla norsk språkteknologi slik at verken bokmål eller nynorsk taper terreng samanlikna med engelsk og andre større språk, seier Solberg.

Han peikar på at det er svært dyrt å utvikla slik teknologi, og at det for mange føretak ikkje ville vera mogleg eller lønsamt å laga si eiga liste for nynorsk.

– Ved å tilby denne lista med open lisens, gjer vi det billegare og enklare å utvikla taleteknologi for nynorsk, seier han.

570.000 nynorske ord

Ordlista inneheld 570.000 nynorske ord og maskinlesbare, fonetiske transkripsjonar av orda. Den tilsvarande uttalelista på bokmål har oppunder 800.000 ord.

– Forskjellen er likevel ikkje så stor som det i utgangspunktet kanskje høyrest ut som, seier Solberg.

Han forklarer at bokmålsordlista inneheld mange namn som er dei same både på bokmål og nynorsk. Mykje av bokmålsordlista kan ifylgje Solberg difor også brukast på nynorsk.

Taleattkjenning på dialekt

Språkbanken vil no gå vidare og utvikla begge ordlistene med fleire dialektversjonar og fleire ord, slik at ordlistene blir endå meir nyttige.

– Vi har akkurat begynt på eit prosjekt der vi skal utvida desse ordlistene med dialektvariasjonar, slik at ein fangar opp ulike dialektar ein har i Noreg, seier Solberg.

Han peikar på at det i dag mellom anna kan vera eit problem for dialektbrukarar at dei ikkje blir så godt forstått når dei snakkar med taleassistenten på mobilen sin.

– Ved å leggja til variasjonar i ei slik ordliste, kan ein forbetra den situasjonen i ein viss grad.

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto

Mållagsleiar jublar

For leiaren i Noregs Mållag, Per Lofnes Hauge, er nyheita frå Nasjonalbiblioteket godt nytt.

– Dette er ei kjempenyheit som eg er svært glad for å høyra, seier Lofnes Hauge og held fram:

– Det å sikra språkteknologi på nynorsk er noko av det Noregs Mållag vil jobba mest med i tida som kjem, fordi utviklinga går svært fort og det tek over fleire og fleire funksjonar både i arbeidslivet og privatlivet. Det å få taleteknologi som forstår nynorsknære dialektar, er difor utruleg viktig.


Les også om SV-politikar Eirik Faret Sakariassen krev å verte referert på nynorsk på talarstolen på Stortinget: – Det er eit viktig signal å senda

Stortinget vedtok Språklova

0

Torsdag 25. mars vedtok Stortinget ei ny språklov for Noreg. Sjølv om Noregs Mållag har nokre punkt dei gjerne skulle sett var annleis, er dei nøgde med at den nye lova no er ein realitet.

– Den nye formålsparagrafen i lova, er historisk bra. Han slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Og at det blir lovfesta, må bety eit takskifte for norsk språkpolitikk i åra som kjem, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge til Nynorsk pressekontor.

Han håpar følgene av lova vil bli at styresmaktene aktivt legg til rette for å favorisere nynorsk, så ein kan oppnå reell likestilling mellom nynorsk og bokmål.

Men sjølv om dei er nøgde med mykje, skulle han ønskt at Stortinget ville gå lenger i å stille krav på vegner av nynorsken.

Sanksjonar

Mållaget har særleg gitt innspel knytt til språkreglar for fylkeskommunane, klagerett for organisasjonar, og sanksjonar for brot på den nye språklova. Hauge seier at regjeringspartia på desse punkta ikkje har vore villige til å komme krava i møte.

– Vi meiner jo at Stortinget allereie i dag burde følgt opp den gode formålsparagrafen i den nye språklova. Det lykkast dei ikkje heilt med. Men vi vel å sjå framover og ta med oss at det offentlege sitt ansvar for å aktivt fremje nynorsk no blir lovfesta, og at det er nøydd til å bety ein langt meir offensiv nynorskpolitikk frå styresmaktene i åra som kjem, seier Hauge.

Han har òg forventingar til regjeringa, når dei i år skal leggje fram ei ny opplæringslov.

– Det må bli ei opplæringslov som styrker nynorsken i skolen. Dei må omsetje intensjonane i språklova til praksis og syte for at nynorskelevane får ein betre skolekvardag og ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane.

Styrker statusen til språka

– Vi er veldig glade for at Stortinget no endeleg vedtar den språklova vi har venta på i over 10 år. At Noreg endeleg får ei språklov, styrker statusen både til språka våre og til språkarbeidet, seier Gunhild Skjold, leiar i Målungdommen.

Men også ho seier det er nokre punkt ho gjerne skulle sett var annleis.

– Slik lova er no, har ho ikkje tiltak for å oppnå føremålet sitt. Vi saknar konsekvensar for brot på lova, klagerett for organisasjonar og framleis krav til skrivekompetanse for statstilsette.

– Kva vil ei språklov seie for nynorsken?

– Om lova lever opp til føremålet sitt, lover det godt. Dessverre meiner vi at lova snublar på målstreken, og ikkje kjem med dei tydelege og offensive tiltaka som trengst for å styrke nynorsken, seier Skjold. (©NPK)

Ruset held fram som leiar i Kringkastingsringen

Inger Johanne Ruset (35) frå Valldal i Møre og Romsdal har teke attval som leiar i Kringkastingsringen. Sjølv om det første året som leiar vart spesielt, tykkjer ho at organisasjonen har greidd å markere seg.     

– Vi er særleg nøgde med at vi har greidd å løfte nynorsk og samisk mediespråk inn i arbeidet med ny språklov, seier Ruset i ei pressemelding.

– Vi ser at den teknologiske utviklinga gjev nye moglegheiter for språkmangfald. Til dømes har det på få år blitt mykje enklare å få nynorske eller samiske undertekstar på kino. No er utfordringa å sørge for at slike undertekstar faktisk kjem, og her kan vi ta ei viktig rolle. Samstundes har vi ambisjonar om å utvikle samlingsarenaer for nettverksbygging, og for å løfte fram problemstillingar som er aktuelle for oss. Korona hindra oss i å ha møteplassar det siste året, men vi satsar på å kome sterkt tilbake til hausten, seier Ruset.

Det nye styret er: Inger Johanne Ruset (leiar), Mone Celin Skrede, Kari Nygard Tvilde, Anders Boine Verstad, Ingjerd Lindeland, Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad og Hans-Olav Rise.

Varamedlemer: Arne Henning Årskaug, Ivar Bruvik Sætre, Mona Vetrhus og Vegard T. Foseide.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 % nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk, samisk og dialekt i alle andre mediekanalar. Organisasjonen vart skipa i 1955, har om lag 700 medlemer og har kontor i Oslo.

Regjeringa viser vilje til meir nynorsk for barn

Nynorsk kultursentrum er glade for at Abid Q. Raja har lagt fram ei barne- og ungdomskulturmelding som peikar på eigne tiltak for meir kulturtilbod på nynorsk, samiske språk, norsk teiknspråk og kvensk.

Regjeringa la fredag fram den nye barne- og ungdomskulturmeldinga. Eit viktig perspektiv i meldinga er å sikra gode vilkår for norsk, med bokmål og nynorsk, samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk.

– Det er avgjerande med medietilbod, litteratur og kulturopplevingar for barn på alle språk Noreg har ansvar for, for å sikra språkmangfaldet for framtida, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

I meldinga er både Framtida.no og Framtidajunior.no nemnd.

Direktør i Nynorsk kultursentrum har tre utfordringar til dei nye statsrådane.
Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Sunniva Lund Osdal, Nynorsk kultursentrum

Snur trenden

Sidan 2008 har staten hatt som politikk å vurdera nynorsk særleg der norsk språk blir tematisert.

– Likevel har Kulturdepartementet sidan då lagt fram mange viktige språkpolitiske meldingar og strategiar, om til dømes mediepolitikk, bibliotek, film og arkiv utan å tematisera vilkåra for nynorskbrukarane. Raja snur med denne meldinga den trenden. Det er gledeleg og på tide, understrekar Sandsmark.

Ventar på konkrete tiltak

Stortingsmeldinga problematiserer at barn og unge med nynorsk eller samisk som førstespråk har langt færre moglegheiter til å bli trygge språkbrukarar. Dei viser blant anna til mangelen på strøymetenester, levande bilete, lydbøker, teikneseriar, omsett litteratur og sakprosa for barn og ungdom, mindre formidling av nynorsk i Den kulturelle skulesekken og på andre kulturarenaer for barn og ungdom.

– No blir arbeidet for kulturminister Raja, politikarane på Stortinget og framtidige kulturministrar å realisera desse måla og tankane. Ei samla nynorskrørsle ventar at statsbudsjetta framover har konkrete tiltak som styrkjer tilgangen på kultur på nynorsk for barn og ungdom, avsluttar Sandsmark.

Rekordstor tildeling til Falturiltu frå Kulturrådet

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu har nett fått tildelt 250.000 kroner frå Norsk kulturråd.

Programrådet for Falturiltu skriv i ei pressemelding at dei er utruleg glade for denne rekordstore tildelinga, det er første gong festivalen får eit tilskot på over 200.000.

– Det er ingen tvil om at dette gjev ekstra motivasjon og spelerom til å utvikla eit spennande program til hausten, skriv festivalkoordinar Trond Leirvik Onarheim i pressemeldinga.

Den nynorske litteraturfestivalen for barn og ungdom går føre seg 6. til 12. november med Ruth Lillegraven som festivalforfattar, samt ei mengde andre forfattarar, illustratørar, musikarar og skodespelarar. Festivalen som har base på Stord var i fjor innom 10 kommunar i Vestland og Rogaland med 114 arrangement.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven blir festivalforfattar på Falturiltu 2021

Nytt kraftselskap i nynorskland

0

Fire kraftselskap i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre har gått saman å lage eit felles selskap, som skal selje kraft på privatmarknaden i heile landet. Mållaget reknar med at selskapet vel nynorsk i kommunikasjonen sin.

Dei fire selskapa er Tafjord, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi og Tussa kraft. Det er venta at det nye selskapet blir lansert til hausten. I dag har dei 100.000 kundar, og det er planen å nå ut til endå fleire og bli eitt av dei største selskapa nasjonalt.

– Tre av kraftselskapa er ein del av nynorsken i Noreg. Dei har vore og er samfunnsbyggjarar på nynorsk i godt over eit hundreår. Vi forventar at det nye selskapet tek med seg nynorsken inn i framtida, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Berre Tafjord kraft i Ålesund brukar bokmål i dag, medan dei tre andre nyttar nynorsk. Hauge håper at også Tafjord også vil bidra til eit nynorsk salsselskap.

– Eit nynorsk nasjonalt kraftselskap er verkeleg noko å gle seg til. Nynorsken er også eit kraftspråk og vi trur både gamle og nye kundar vil ta godt imot ei slik nysatsing, seier Peder Lofsnes Hauge.

Han minner om at Ålesund no er den største nynorskkommunen i verda, og at det såleis er naturleg at Tafjord kraft bidreg til eit nynorsk salsselskap. (©NPK)

Nynorskstipend til yoga-materiell

0

Ingvild Skodvin Prestegård får stipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag for å utvikle materiell om yoga på nynorsk.

– Yoga er populært i Noreg, og det er eit felt som er dominert av engelsk. Dette prosjektet er spennande fordi det legg så klart vekt på at eit godt språk er eit tydeleg, nært og konkret, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Ingvild Skodvin Prestegård er yogainstruktør i Bergen. Ho er utdanna sosialantropolog frå Universitetet i byen med spesialisering i meistring. Ho er oppteken av at deltakarane skal ha eit godt, norsk språk for å kunne formidle erfaringane sine. I yogatimane lærer dei om anatomi og fysiologi slik at dei skal forstå kroppen betre.

Prestegård har sett at utmatting er eit problem for nokre deltakarar, og no ser ho også at mange som har vore smitta av korona, slit med seinskadar og redusert kapasitet. Ho vil derfor utvikle ein enkel sjølvomsorgsressurs, som kan gi praktiske, enkle yogateknikkar som kan gi hjelp til å bli frisk.

Ein slik brosjyre vil spreie gode livsmeistringsreiskapar på nynorsk, meiner Mållaget.(©NPK)

Mange kommunar opnar pengesekken for å sikre seg unge innbyggjarar

0

Mange kommunar er kreative i forsøka på å få unge menneske til å busetje seg der, men kommuneorganisasjonen KS meiner dette ikkje er nok.

Mange mindre kommunar tilbyr blant anna tilskot til kjøp av bustad eller rabatterte prisar på byggjeklare tomter. Mange har også prøvd seg med tilflyttingsstøtte og gratis barnehageplass.

Helge Eide, direktør for samfunn. velferd og demokrati i KS, seier til NRK det er mykje kreativitet ute og går i norske småkommunar.

– Det har vore relativt høgt nivå på flytting frå dei utprega distriktskommunane dei siste åra. Desse tiltaka er ikkje så sterke at dei kan utlikne dei sterke kreftene påverkar flyttemønsteret, seier han.

Han innser at dei ikkje veit korleis innbyggjarutviklinga ville blitt i dei aktuelle kommunane utan desse lokkemidla.

– Til fleire som bruker slike verkemiddel, til lågare blir effekten for den enkelte kommunen, seier han.

Hemnes på Helgeland i Nordland er ein av kommunane som gir nye innbyggjarar eit solid bustadtilskot når dei flyttar til kommune. Dei kan betale ut opp mot 200.000 kroner til unge i etableringsfasen, og kravet er berre at det skal vere snakk om ein heilårsbustad.

Kommunen innvilga 33 søknader i fjor til ein prislapp på 6,5 millionar kroner. Ordførar Paul Asphaug (Sp) kallar ordninga ein suksess. (©NPK)

Tusen barn har bidrege til nye mål for barne- og ungdomskulturen

0

For første gong legg regjeringa fram ei stortingsmelding om barne- og ungdomskulturen. Målet er å gjere kulturtilbodet breiare og tilgjengeleg for fleire.

Staten har sidan slutten av krigen hatt ansvaret for barne- og ungdomskulturen i Noreg. I 2021, etter nesten 80 år, legg regjeringa fram den første stortingsmeldinga om temaet.

Meldinga vart presentert i statsråd fredag og skal bidra til å forme politikken på feltet i framtida. Det er kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) som har vore pådrivarar for prosjektet.

– Vi trur at dette vil vere eit taktskifte og bidra med å setje eit større fokus på barne- og ungdomskulturen i framtida. Dette skal vere startskotet, fortel Raja.

Tusen barn har bidrege

Målet er å leggje til rette for at alle barn og unge – uavhengig av kvar ein bur, kor mykje familien tener, funksjonsevne og bakgrunn – får eit kulturtilbod der dei kan delta, skape, lære og meistre.

– Fokuset er at kulturen skal vere for alle, og at det skal vere eit mangfaldig kulturtilbod, seier han.

Tusen barn har bidrege i arbeidet med å forme kulturmeldinga. Tilbakemeldingane har sett grunnlaget for dei tre viktigaste punkta.

– Det første barna tek opp er at tilbodet skal vere tilgjengeleg for fleire. Alle barn skal få lov til å nytte seg av kulturtilboda. Det andre dei tek opp er, faktisk det alle vaksne tek for gitt, nemleg at dei yngste òg vil vere med å bestemme. Det tredje dei ønskte er kvalitet, opplyser han.

Har sett av 45 millionar kroner

Kunnskapsminister Guri Melby meiner at det er viktig at tilbodet er tilgjengeleg for alle.

– Vi meiner at vaksne har eitt ansvar for å gi barn moglegheita til å bli eksponert for kultur. Det vi merkar er at kven barna har som foreldre har mykje å seie, med tanke på om du deltek på kulturskulen, om du går på teater eller er med på diverse aktivitetar, seier ho.

Ho legg til:

– Ofte er det slik at foreldre med høg utdanning og høg inntekt sørgjer for at barna deira får kulturopplevingar. Då har vi politikarar eit ansvar for at alle barn, i det minste, får tilbodet og blir eksponert for kultur, fortel ho.

For å få gjennomført tiltaka som er beskrivne i stortingsmeldinga, er det sett av fleire millionar kroner.

– Det er sett av 45 friske millionar kroner som skal bidra til å oppfylle måla i meldinga. Det er òg slik at denne meldinga legg premissen for framtidige budsjett, seier Raja. (©NPK)