Heim Blogg Side 214

– LNK er meir enn ein språkorganisasjon

0

LNK har nyleg gjennomført ei kartlegging blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Målet er å kartlegge kva lesarane veit om organisasjonen, og kva dei meiner redaksjonen bør arbeide med vidare. 293 personar har svart på kartlegginga, av desse er 201 abonnentar av LNK-avisa.

Heile 86 prosent svarer at dei les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 – 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart.

Medan abonnentane av LNK-avisa meiner det er passeleg stoffmengde i dag av saker som til dømes kommunesamanslåing, språkpolitikk i skulen og nynorsk i offentlege selskap så vil 74 prosent lese meir om distriktsutvikling i avisa.

Kartlegginga viser også at lesarane av LNK-avisa og lnk.no er samde i påstanden om at organisasjonen arbeider for å styrke nynorsken i det offentlege rommet, og at LNK kan vere ein rådgjevar og støttespelar for kommunen i språkspørsmål. Medan fleirtalet av dei som har svart er usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.

– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganisasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre – kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskelnd.

– I 2001 vedtok landstinget at LNK skulle setja språk inn i ein større samanheng, og me skulle synleggjera samanhengane mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling. Dei svara me har fått inn i denne brukarkartlegginga tyder på at me må bli endå meir tydelege på dette området.

205 har svart at dei fekk vite om LNK via kommunen sin, andre svar er Noregs Mållag, Dag og Tid, Facebook og tips frå venner og kjende.

 

Les meir om LNK på lnk.no

facebook.com/lnk

lnk.no/lnk

 

For meir informasjon

ta kontakt med

 

dagleg leiar i LNK

Vidar Høviskeland

90 50 66 17

 

95 kommunar med underskot i fjor

0

95 kommunar gjekk i minus i fjor. Kommunal- og regionaldepartementet er ikkje bekymra, men KS meiner situasjonen ikkje er haldbar.

Vil lese meir om distriktsutvikling

0

 

74 prosent av abonnentane til LNK-avisa som har svart på LNK si kartlegging vil lese meir om distriktsutvikling i avisa.

77,5 prosent jobbar i media

0

Nynorsk mediesenter har lært opp 80 nynorskpraktikantar på åtte år. 77,5 prosent av dei jobbar i medieverksemder, det er leiar Magni Øvrebotten nøgd med. 

Musikalsk møte

0

Syskena Jorun Marie og Ola Kvernberg har til dagleg heilt ulike musikalske liv. Under Aasen-stemnet til helga held dei konsert saman. 

Frå nynorsk til bokmål på rutebåtar i vest

0

 

Etter at Norled tok over drifta av snøggbåtane i Sogn og Fjordane, får folk ikkje lenger informasjon på nynorsk. All tekst er no på bokmål. Det har skapt reaksjonar.

Kven blir Årets nynorskkommune 2012?

0

Kommunal- og regionaldepartementet oppmodar no nynorskkommunar og –fylke om å søkje om å få bli Årets nynorskkommune 2012.

Gir bort bøker for 80 000

0

Telemark mållag synest det er viktig å stimulere til leselyst og språkpåverknad allerie i barnehagen. No gir dei bort 200 bokpakkar til barnehagar i Telemark, gåver til ein samla verdi av 80 000 kroner.

Vi har ein vinnar

0

LNK si brukarundersøking er ferdig, og vi har trekt ein heldig vinnar av eit gåvekort på 1000 kroner.

Den heldig vinnaren vart Finn Skare frå Luster.

– Eg kjenner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennom kommunestyret i Luster, seier vinnaren, som legg for dagen eit jordnært forhold til språket. – Nynorsken er no heilt naturleg for oss i Luster, like naturleg som bokmålet er i Bærum.

LNK si brukarundersøking gjekk ut til alle medlemene i LNK. Den har også vore open for besøkande på LNK sine nettsider, facebookside og via Twitter. Resultata av brukarundersøkinga er klar om kort tid.

Brukarundersøkinga var sjølvsagt anonym, men dei som ønskte det kunne oppgje namnet sitt og vere med i trekkinga av eit gåvekort.

Meiner rådmannen har meir makt enn ordføraren

0

Norske folkevalde er på mange måtar like sine europeiske kollegar. Men norske kommunestyremedlemmer er dei einaste som meiner at rådmannen har meir makt enn ordføraren.

Diktarvegen lagt på is

0

 

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is. No skal ein kartlegge om diktarvegprosjektet er liv laga.

Danske dialektar døyr av låg status

0

Det er ikkje nytt at dialektane i dansk er i ferd med å døy ut. No peikar språkforskarane på mor og far som den direkte årsaka til tilbakegangen: Foreldra lærer ikkje barna sine den lokale dialekten.