Heim Innspel Lost in translation

Lost in translation

I 2003 laga Sofia Coppola den fantastiske filmen Lost in translation, med Scarlett Johansson og Bill Murray. Tittelen vart ikkje omsett til norsk – heldigvis.

Barnekanalen NRK Super er i ferd med å endra NRK sin språkpolitikk. Statskanalen går no i bresjen for å dubba utanlandske fjernsynsprogram, også klassiske nordiske familieseriar som Vi på Saltkråkan og Barna i Bakkebygrenda. Kanskje me berre er nostalgiske, men for oss kan det høyrast ut som om Astrid Lindgren har tapt mykje på omlegginga. Viktigare er det kanskje at norske born på denne måten vert svakare språkbrukarar. Det er påvist at nordmenn skjønar svenskar og danskar mykje betre enn dei skjønar oss – truleg av di me er vande med å høyra ulike dialektar –, og heilt fram til no: andre nordiske språk, rundt oss i kvardagen.

I norske etermedia har det heldigvis vore lite dubbing. Men dei som har sett på spansk eller italiensk fjernsyn, veit at korkje Scarlett Johansson eller Bill Murray kjem styrkte ut som skodespelarar i latinske versjonar. Ein ting er at mykje av det særmerkte med ein film forsvinn når han vert dubba – kvaliteten vert rett og slett dårlegare. Men like viktig er det at me tek frå borna våre høve til å høyra andre språk og til å utvikla språkkjenslene sine.

Språkforskar Øystein Vangsnes seier det slik til Bergens Tidende: «De fleste språkforskere er enige i at jo mer variert språkstimulering du får, desto mer styrker du ditt eget språk (…) Vi har ingen tradisjon for å dubbe i Norge. I land som har det, som i Spania og Italia, ser vi også at de er mindre flinke enn oss til å snakke engelsk, for eksempel. Når du kun blir presentert for språket i ein kunstig skolesituasjon, mister du andre og viktige anledninger til å lære det.» Det er freistande å ta opp ein diskusjon om sidemålsproblematikk her, men me lar den ballen liggja i dag …

Intervjuet med Vangsnes stod på trykk i BT den 20. august i år. I same utgåva går språkprofessor Sylfest Lomheim sterkt ut mot delar av oljeindustrien som ikkje klarar å rekruttera mange nok norske ingeniørar og difor ønskjer å ha engelsk som arbeidsspråk i Nordsjøen:

– Dei som vil erstatte norsk med engelsk som arbeidsspråk i Noreg, har ikkje peiling på kva dei snakkar om. Dei undervurderer kva dette dreier seg om. Det å kunne eit språk er ikkje det same som å kunne bestille øl, eller småprate i kantina, seier Lomheim, som meiner bruk av engelsk i staden for norsk aukar faren for ulukker på sokkelen.

På norske sjukeheimar og på andre kommunale arbeidsplassar arbeider det i dag svært mange utlendingar. Innvandrarar som kjem hit frå land utanfor EU, har rett på eit minimum av språkopplæring. Arbeidsinnvandrarar frå EU, både svenskar og andre, har ikkje rett til betalt språkopplæring, men vert tilsette likevel. Det er ikkje berre på sokkelen det kan skje ulukker.

Desse to debattane er viktige kvar for seg, men dei heng også saman. Dei som ikkje ser samanhengen kan kjøpa filmen Lost in translation og sjå han med spansk lydspor …

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...