Heim Nyhende Språklege leiestjerner

Språklege leiestjerner

– Eg trur det er bra å sjå seg ut leiestjerner, tenkje på synlege skribentar som bruker nynorsken på glimrande måtar, seier Katrine Sele.

 – Korleis var det å få nynorskpris?

– Det var stort, som nynorskskrivande journalist kjenner eg meg som del av ein veldig sterk skriftkultur, med mange dyktige skribentar. Difor var dette ei stor ære og inspirasjon for meg.

 – Kva betyr nynorsken for deg?

 – Mi historie med nynorsken er litt spesiell. Eg har dansk mor og ein far som er riksmålsmann av det konservative slaget – heime hos oss heitte det ikkje snø, men sne. I spekteret av det som er norsk språk, er eg vel fødd så langt bort frå nynorsken som det er råd å komme.

Store delar av oppveksten min budde vi utanlands, mellom anna i Zimbabwe og Singapore. I årevis snakka eg dansk heime og engelsk ute blant folk, så eg har gått glipp av alt som heiter sidemålsundervisning. Som barn hadde eg inntrykk av at nynorsk var noko som vart brukt utelukkande i litteraturen og på Dagsrevyen. Denne ideen om nynorsk forandra seg drastisk etter eg flytta til Sogn og Fjordane.

 – Korleis var det å bli nynorskjournalist?

– Den første tida mi som nynorskjournalist var vanskeleg. Eg gjorde mange pinlege feil, og ein heil del av desse feila hamna på trykk i avisa. Enkelte lesarar sende meg artiklane mine i retur, fulle av raude merke.

Men i Sogn og Fjordane gjekk det aller meste rundt meg føre seg på nynorsk. Kommunale sakspapir, rutetabellar, politiloggar, radiobulletengar: Språket møtte meg i alle samanhengar og viste seg å kunne brukast til alt mogleg. Eg har eit konkret minne frå det å sitje og skrive politinotisar etter lensmannsrunden. Eg hugsar eg oppdaga at for politiet i Sogn og Fjordane heitte det ikkje å «beslaglegge» noko, men å «kverrsetje» det. Eg tykte det var eit heilt fantastisk ord. Slike små oppdagingar gjorde eg heile tida, og det begeistra meg.

På eit tidspunkt merka eg at språket hadde flytta inn i meg. Nynorsken var ein del av meg, på lik linje med bokmål, dansk og engelsk. Eg kan sjå no at det er eit språk som har gitt meg utruleg mykje. Som brukar av både bokmål og nynorsk kjenner eg meg sterkare forankra i norsk historie og kultur. Eg har eit langt større spekter når det gjeld å uttrykkje meg skriftleg på norsk.

 – Kva vil hende med nynorsken framover, trur du?

– Eg bur på ein plass der nynorsken er utruleg sterkt forankra i dei fleste delane av samfunnet. Til og med næringslivet her, den mest konservative delen av samfunnet, byrjar å satse på nynorsk. Her står språket så sterkt at eg er heilt sikker på at det vil overleve. Men det eg fryktar, er at nynorsk kjem til å bli meir og meir eit regionalt språk – noko som vert brukt berre i enkelte delar av landet, medan det blir marginalisert i byane og elles i landet.

 – Kva må til for at fleire skal våge skrive nynorsk?

– At vi får sjå nynorsk brukt i alle moglege samanhengar, slik eg opplevde då eg flytta til Sogn og Fjordane. Eg er spesielt oppteken av at nynorsk må få sleppe til i riksavisene, på lik linje med bokmål. Eg synest det er utruleg synd at nynorskskrivande blir diskriminerte i media – og endå meir synd synest eg på lesarane av riksavisene, som ikkje får tilgang til den språklege rikdommen som nynorsken representerer. Eg unner alle å få ta del i den!

Enkelte synlege nynorskbrukarar har også mykje å seie. Are Kalvø sine kommentarar i Aftenposten er suverene!

Så lurer eg litt på korleis nynorsk som sidemål vert undervist i skulane. Eg får kjensla av at det mange plassar vert gjort på gammalmodige og lite begeistra måtar. Vesaas og Garborg er veldig bra, men eg trur ungdommar treng å sjå at nynorsk er ein del av samtidskulturen. Eg ville langt heller brukt Carl Frode Tiller og Olaug Nilssen, til dømes.

– Kva er ditt beste råd til unge journalistar som ynskjer å halde på nynorsken?

– Eg trur det er bra å sjå seg ut leiestjerner – tenkje på synlege skribentar som bruker nynorsken på glimrande måtar, til dømes Frode Grytten, Are Kalvø og Hilde Sandvik, for å nemne dei første eg kjem på. For meg sjølv er det viktig å ha nokon å sjå til, nokon som kan vise meg veg – og så må ein sjølvsagt finne sin eigen. Korleis ein skal ta kampen i medium som ikkje slepp til nynorsk, er eg usikker på. Eg er veldig uerfaren med slikt, sidan eg bur ein plass der nynorsken vert sett på som ei sjølvfølgje.

– Kva reaksjonar får du som nynorskskrivande  journalist?

Berre gode. Eg trur sidan eg har kome utanfrå – frå bokmål til nynorsk –, får eg ekstra mykje positiv tilbakemelding.

Me har snakka om språkleg jamstilling i riksavisene i mange år, er kampen tapt?

– Det var veldig skuffande at regjeringa ikkje gjekk inn for å knyte momsfritak til språkleg jamstilling i riksavisene, då fleirtalet i Språkrådet gjekk inn for det. Der hadde politikarane ein sjanse til å verkeleg styrke nynorsken, men den tok dei ikkje. Eg trur likevel ikkje kampen er tapt. Eg trur alle som brenn for nynorsken, berre må halde fram med å insistere. Vere gode døme – skrive nynorsk så godt som vi berre kan, og i så mange samanhengar som vi kan. 

Namn: Katrine Sele
Alder: 39 år
Bur: Vassenden, Jølster. Jobbar som journalist i lokalavisa Firda.
Aktuell: Fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2012. Prisen deler ho med kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...