Heim Blogg Side 222

Nynorskstipend til Mo og Aae

0

Noregs Mållag delte ut to nynorskstipend, kvar på 50 000 kroner på landsmøtet i helga. Jostein O.Mo fekk stipendet for å hjelpe frivillige lag å få lagslovene sine på nynorsk, medan Merete Bratsberg Aae fekk støtte til å lage ein sidemålsblogg.

Pris til Rydland og Eikemo

0

Asbjørn Rydland har fått Nynorsk barnelitteraturpris for den andre fantasyboka om Drakeguten, Eld i hjartet. Marit Eikemo har fått Nynorsk litteraturpris for boka Samtale ventar.

Vil ha nordisk barnebokpris

0

Dei nordiske kulturministrane har tatt initiativ til ein ny, nordisk pris for barne- og ungdomslitteratur. No vil dei gå i dialog med Nordisk Råd om korleis ein kan få realisert prisen.

– Løland-markeringa eit løft for barnelitteraturen

0

 

–  Løland-markeringa eit løft for barnelitteraturen
Publisert: 24.04.2012 12:43
(NPK-Margunn Sundfjord): –  Rasmus Løland-markeringa har gjeve den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen eit løft. Det oppsummerer dagleg leiar Marny Skeie Henkel etter at den femårige markeringa no er over.
–  Mange har trudd at Rasmus Løland-markeringa skulle vera ei markering og ei feiring av forfattaren Rasmus Løland. Det er heilt feil. Tanken har vore å bruka Løland som ein grunnmur. Han blir rekna som grunnleggjaren av nynorsk barnelitteratur og den første forfattaren som tok barn og unge på alvor. Målet har vore å bruka han som eit grunnlag til å fokusera på nynorsk litteratur og kultur for barn og unge. Det føler eg vi har klart, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Det er ho ikkje åleine om å meina. Også den uavhengige sluttrapporten slår fast at markeringa har lukkast med denne målsetjinga.
–  Løland-stiftinga har ikkje berre kasta glans over forfattaren og samfunnsbyggjaren Løland i fem år. Dei har famna vidare og løfta den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen fram i lyset både lokalt og nasjonalt, heiter det i rapporten.
Forfattarane med på laget
Rasmus Løland-stiftinga har frå 2007 til 2011 arbeidd med å setja Løland på dagsorden for nye generasjonar og auka statusen til barnelitteraturen og barnekulturen.
–  Det har vore eit ufatteleg spennande arbeid, men veldig mykje jobbing, oppsummerer Marny Skeie Henkel, som har leidd arbeidet mesteparten av tida.
Sidan starten har ho vore pådrivar for ei rekkje arrangement både i heimtraktene til Løland i Suldal og rundt om i heile landet. Skeie Henkel er spesielt glad for at markeringa har fått mange barnebokforfattarar med på laget.
–  Olaug Nilssen har sete i styret i Rasmus Løland-stiftinga og har vore ein døropnar til forfattarane. Ho trekte mellom anna inn Maria Parr som har følgt oss mesteparten av tida.
Stipend og auka status
Eit viktig mål for Løland-markering har vore å auka statusen for barnelitteratur og barnekultur. Etableringa av det fylkeskommunale Løland-stipendet på 100.000 kroner til forfattarar som skriv for barn og unge, er eit svært viktig tiltak i så måte, meiner Marny Skeie Henkel.
–  Det skal gå til forfattarar som skriv ny norsk litteratur for barn og unge, seier ho. I praksis betyr det at både nynorskskrivande forfattarar og forfattarar som skriv på bokmål, kan få stipendet.
–  Løland-stipendet er eit tydeleg signal til norske barnebokforfattarar om at litteratur for barn og unge har same status og verdi som annan litteratur, heiter det i sluttrapporten.
–  Mykje fåkunne
–  Kor mykje har Løland-stipendet å seia for den nynorske barnelitteraturen?
–  Eg trur det har svært mykje å bety. Mange klagar over at det finst så lite litteratur på nynorsk for barn. Men mange er ikkje klar over kor mange nynorske barnebøker det finst. Det finst eit hav av nynorske barnebøker –  og dei er gode, seier Skeie Henkel.
Ho håpar at Løland-stipendet kan gjere sitt til at folk får auga opp for kor mange nynorske barnebøker det finst.
Nasjonalt senter
Sjølv om femårsperioden til Løland-markeringa no er over, lever prosjektet vidare på Ryfylkemuseet.
–  Der blir det no etablert eit senter for nynorsk barnelitteratur og kultur, seier Marny Skeie Henkel.
Senteret er allereie inne på statsbudsjettet, og den første stillinga er på plass.
–  Det blei tilsett ein person rett før påske, fortel direktør Roy Høibo til Nynorsk pressekontor.
–  Men vi treng minst fire stillingar for å få den kompetansen og kapasiteten vi treng, legg han til.
Arven etter Løland kan du likevel oppleva ved museet.
–  I fjor laga vi i samarbeid med Rogaland Teater ei utstilling som byggjer på forteljinga Kvitebjørn av Rasmus Løland. Utstillinga formidlar dels forteljinga til Løland og dels er det eit prosjekt der ungane kan kle seg ut og skapa sine eigne historier. Prosjektet har vore ein stor suksess og vil nok leva vidare lenge enno, seier Roy Høibo. (©NPK)
npk@npk.no
Bilde: syb9e7c0
Dagleg leiar i Rasmus Løland –  markeringa 2007 –  2011, Marny Skeie Henkel, meiner markeringa har vore med på å gje den nynorske barnelitteraturen eit løft.
(FOTO: Jan Nordveit / Rasmus Løland-markeringa).

 

–  Rasmus Løland-markeringa har gjeve den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen eit løft. Det oppsummerer dagleg leiar Marny Skeie Henkel etter at den femårige markeringa no er over.

Opnar for meir nynorsk i Vennesla

0

 

Rådmann i Vennesla kommune, Svein Skisland, opnar no for at den språknøytrale kommunen skal bruke meir nynorsk.

Ber Halvorsen rydde opp

0

Noregs Mållag ber no Kristin Halvorsen rydde opp i registreringa av nynorskelevar.

Vil ha bustadinnspel

0

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) ynskjer no å høyre di meining om bustadpolitikken. Samstundes startar departementet opp eit prosjekt for å auke bustadetableringa i distrikta

Storskrivar for nynorsk Wikipedia

0

I går vart årets wikipedianarar utnemnd i Oslo. Årets nynorske wikipedianar er meteorolog, heiter Frode H. Korneliussen og jobbar til dagleg i Aserbajdsjan.

Fleire vil bli lærar og ingeniør

0

I år er det rekordstor søking til høgare utdanning, og særleg mange søkjer seg til lærar- og ingeniørutdanninga.

Forskingsprosjekt om nynorsk og læring

0

Forskingsprosjekt om nynorsk og læring
Publisert: 23.04.2012 15:08
(NPK): Eit forskingsprosjekt skal dei neste åra sjå på om nynorskbrukande elevar har lettare for å læra enn andre.
Bakgrunnen for undersøkinga er at elevar frå Sogn og Fjordane gjer det svært godt på nasjonale prøvar og eksamenar. Språkforskar Øystein Vangsnes har ein teori om kvifor:
–  Den type språkstimulering som elevane i Sogn og Fjordane får, kan vera ei årsak til at dei har forbetra evne til læring, seier han til NRK.
Han trur det er kan vera ein fordel å vera tospråklege å læra nynorsk heime og bokmål i storsamfunnet.
–  Dei blir flinkare til å skifta fokus og flinkare til å halda seg til skiftande føresetnader for det dei held på med, seier han.
Gjennom forskingsprosjektet «Lærande regionar» skal han prøva å finna ut om det stemmer. Målet er å få fram kunnskap som kan koma andre til gode.
–  Når vi ser at elevar frå Sogn og Fjordane lukkast betre enn mange andre, så må vi prøva å forstå kva faktorar det er som påverkar dette. Dette må vi gjera for å læra noko av det, slik at elevar til dømes i Nord-Trøndelag og Aust-Agder kan få like gode resultat som våre elevar, seier utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
(©NPK)
npk@npk.no

Eit forskingsprosjekt skal dei neste åra sjå på om nynorskbrukande elevar har lettare for å læra enn andre.

Nygård innstilt som nestleiar

0

 

Janne Nygård er innstilt som nestleiar til Noregs Mållag. 

Vil bremse målbyte

0

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har sett ned ei ressursgruppe som har som si oppgåve å sjå korleis ein kan få fleire til å halde på nynorsk som hovudmål i skulen. I dag starta dei arbeidet sitt.