Heim Nyhende Vil bremse målbyte

Vil bremse målbyte

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har sett ned ei ressursgruppe som har som si oppgåve å sjå korleis ein kan få fleire til å halde på nynorsk som hovudmål i skulen. I dag starta dei arbeidet sitt.

Det er veldig viktig og riktig at kunnskapsdepartementet no tar dette opp, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Han er ein av dei som sit i denne ressursgruppa, og etter hans meining er innhenting av kunnskap ein av dei viktigaste områda å jobbe med no framover.

– Dette ser vi som den beste mulegheita vi har hatt på mange år for å betre situasjonen for hovudmålsbrukarane, seier Øvregård. Men for at ein skal kunne gjere eit stykke arbeid må ein vite kor skoen trykkjer. Informasjonsinnhenting blir såleis ei vesentleg oppgåve, og ifølgje Øvregård sit mållaget allereie på mykje kunnskap som kan kome gruppa og departementet til gode. Det dreier seg om historier frå kvardagen til nynorskbrukarane, mellom anna om korleis nynorskelevar allereie frå småskulen av ikkje får skulemateriell eller den tavleundervisning på den målforma dei har krav på.

– Mange foreldre og barn gir opp kampen på grunn av det presset dei møter i praksis. Eg reiser sjølv mykje rundt i kommunane på besøk, og har møtt mange slike historier.

Øvregård vil oppmode alle som har døme på slike episodar om å kontakte mållaget og fortelje si historie og på den måten vere med og bidra til kunnskapsgrunnlaget ressursgruppa treng i arbeidet sitt.

Treng forsking

Men det handlar om meir enn einskildepisodar. Det er ei kjend sak at det per i dag ikkje finst noka strategisk innsamla talmateriale som kan seie noko om kor mange som til dømes byter målform mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule.

– Vi har bede om meir forsking på målform og målbyte sidan stortingsmeldinga Mål og meining vart lagt fram i 2008, seier Øvregård. Eit grundigare materiale om status og problemstillingar for språk og målform vil ikkje berre kome dette arbeidet til del. Øvregård peiker på andre språkdiskusjonar, som til dømes den om sidemålsundervisning gjer at skuleelevar blir betre eller dårlegare i hovudmålet sitt.

– Meir kunnskap vil gjere språkdebatten generelt mykje betre, seier Øvregård.

Ekstra poeng

Ei av ressursgruppa sine oppgåver blir å finne tiltak som vere med og demme opp for flukta frå nynorsk til bokmål til dømes når ungdom går frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Øvregård har sjølv sansen for kunnskapsminister Halvorsen sitt forslag om å gje eit ekstra studiepoeng til elevar som har nynorsk som hovudmål i vidaregåande skule. – Eg opplever ikkje dette som eit kvoteringspoeng, men meir ei synleggjering av at nynorskelevane i dag faktisk har ein reelt høgare språkkompetanse.


Ressursgruppa er sett saman slik:

Martin Minken – Utdanningsforbundet

Sylfest Lomheim – professor ved Universitetet i Agder

Unn Leirvåg – tidlegare Telemark fylkesting (SP), no i Telemark fylkeskommune

Karen Marie Kvåle Garthus – Oppland vidaregåande skule

Torgeir Dimmen – Nynorsksenteret

Jon Olav Strand – fylkesvaraordførar i Aust-Agder (KrF)

Håvard B. Øvregård – Mållaget

Øyvind Osdal Runde – Elevorganisasjonen

Sigfrid Tvitekkja – Språkrådet

Merete Thomassen – tilsett ved UiO

Ottar Grepstad – Nynorsk kultursentrum

Agnes Ravatn – forfattar

Bente Kolberg Jansson – Lektor ved Høgskulen i Østfold

Vebjørn Sture – Norsk Målungdom

Frå Utdanningsdirektoratet stiller Bente Heian fra avdeling for læreplan. Ho vil skrive referatet frå møtet.

 

Frå Opplæringsavdelingen i Kunnskapsdepartementet stiller Maria Grøda

 

Gruppa blir leia av Elisabeth Dahle, statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Gruppa har som mål å vere ferdige med arbeidet sitt i 2012.

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...