Lølandsenteret får 600 000 frå staten
Måndag var stortingsrepresentantane Geir Pollestad og Torfinn Opheim i Suldal med gode nyhende. Dei kunne fortelje Ryfylkemuseet at det er sett av 600 000 kroner til det nynorske barnekultursenteret i statsbudsjettet.
Beste skulevalresultat nokonsinne
Med 29,7 prosent av stemmene i skulevaret er det klart for rekord både for Arbeidarpartiet, og for noko parti nokonsinne.
Samarbeid om etisk rekruttering
Arbeidsgjevarar og arbeidstakarar vil ha slutt på uetisk rekruttering av helsepersonell frå utlandet.
– Vi har fått større medvit om orda
22. juli har endra kommunikasjonen i Noreg, meiner styreleiaren i Norsk kommunikasjonsforening, Astrid Bugge Mjærum. – Eg trur vi har fått større medvit om kva ord vi vel å bruke, både i det private og det offentlege rommet.
– For dårleg og generelt valkampmateriell
Dei politiske partia i Sogn og Fjordane er på ingen måte gode nok til å reklamere for seg sjølve framfor valet, meiner reklamemann Malvin Horne.
– Eg brenn for fylket mitt
Sogn og Fjordane er eit flott fylke, med mange ressursar og ei stor spennvidde. Slik karakteriserer Anne Karin Hamre (46), nytilsett fylkesmann i Sogn og Fjordane, fylket der ho no skal vere statens forlengde arm.
Må forstå rammene
Innvandrarar som skal lære seg norsk, skal ikkje berre lære språket. Det handlar om å kjenne norsk kultur på mange nivå, seier språkpedagog og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Jon Erik Hagen.
Dette er ein annonse for Språkrådet!
Det er ikkje sant, men eg fekk lyst til å reklamera for den nye klarspråksgruppa i Språkrådet. Og sidan eg ikkje sit i styret meir, kan eg skryta med godt samvit.
Somme av oss har brukt mange år av livet på å kursa offentleg tilsette i å skriva enklare og klårare norsk. Me ser at det offentlege, gjennom språket, nektar mange innbyggjarar innsyn i saker som vedkjem dei. Det kan vera brev frå det offentlege, og det kan vera lover, forskrifter eller retningslinjer. Eit døme: Når ein har mist ektefellen sin, er det mykje å slita med. Det er ikkje berre kjekt å få brev med overskrifta ETTERLATTERETTIGHETER ETTER nn, og lenger nede få vita at ektefellen ikkje har:
«rett til etterlattepensjon når medlemmet dør innen ett år etter tilsetting med rett til medlemskap eller etter at ekteskapet ble inngått, og dødsfallet skyldes sykdom som medlemmet led av ved tilsettingen eller vigselen og som en av ektefellene må antas å ha kjent til.»
Mange vil truleg berre oppfatta at dei kanskje ikkje får pensjon etter si eller sin kjære, og så stoppar lesinga fordi teksten er håplaus. Dømet har eg henta frå den friske nettstaden www.klarspråk.no, der Språkrådet gjev råd og rettleiing til deg som er offentleg tilsett og gjerne vil nå mottakarane dine. Sjå innom denne nettstaden, eg garanterer at du finn gode og nyttige råd. Du kan til dømes sjå korleis klarspråksgruppa ville ha skrive det nemnde brevet frå Statens pensjonskasse. Her får du nokre fleire lesetips frå nettstaden:
– Dersom du arbeider med kommunikasjon i ei offentleg verksemd, kan du sjå korleis dei driv på med klarspråksarbeid i til dømes Statens kartverk, Mattilsynet, Utdanningsdirektoratet, Bærum kommune, Fredrikstad kommune, Statens pensjonskasse, Försäkringskassan i Sverige og mange fleire.
– Er du oppteken av kva trekk i språket som er verstingar for den som skal formidla noko, finst det eigne språkråd. Det finst til og med ei eiga liste, «Kansellisten», med stive ord og uttrykk som me sjeldan ser i daglegspråket, men som blømer frodig i brev og andre tekster frå det offentlege.
– Du kan lesa undersøkingar av ymse slag, både frå Noreg og Sverige. Visste du at det finst eit eige system for å registrera korleis blikket vårt går når me prøver å lesa eit skjema? Og dersom målinga syner at blikket ditt virrar frå kant til kant i fullt virvar, bør einkvan sjå nærmare på skjemaet.
– Ja, og så kan du prøva deg på ein eigen klarspråks-kviss, eller quiz som det heiter på fint. Det skader ikkje å skjerpa hjernen innimellom, me bli alle sløvare med åra.
Og så understrekar klarspråksgruppa ei sanning som er sannare enn dei fleste sanningar, her i dansk utgåve: «Det nytter f.eks. ikke at kræve klart sprog hvis chefen i virkeligheden synes at den snørklede kancellistil er skabt af Vorherre og ikke kan ændres.»
Viss du er sjef, får du ta litt ekstra vare på dét sitatet!
Jan Olav Fretland er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Sogn og Fjordane
Endring må til
LEIAR: Etter 22. juli har vi diskutert språk, retorikk og debatt på ein måte vi ikkje har gjort på lenge her i landet.
Somme politikarar og parti har lova å ta sin eigen retorikk opp til vurdering, medan andre er nervøse for debattane og lurer på korleis ein skal vite kor grensene går for kva ein kan seie og ikkje seie.
Det er sett eit høgst tiltrengt søkjelys på kommentarfelt og debattforum, og VG har til dømes valt å krevje at du no er pålogga Facebook-profilen din for at du skal få kommentere saker på VG-nett. Dei har fått nok av søppel i kommentarfelta sine, seier dei. Samstundes finst det stor forståing for at ikkje alle kan eller vil stå fram med fullt namn og bilete når meir personlege tema skal diskuterast.
Semja er uansett stor om at vi må skjerpe krava til debatten og språkbruken vår. Først og fremst ved at vi går i oss sjølve og set ord på det vi veit og kan på ein ærleg og høfleg måte. Men minst like viktig er det at vi vågar å gå inn i ubehagelege debattar og diskutere og korrigere kunnskapsløyse og utskjellingar.
Kunnskap var mantraet på Twitter dei første nettene og dagane etter 22. juli. Frå det smalt i Oslo, gjekk oppmodinga ut: Ikkje sprei uverifiserte rykte. Ikkje sei ting du ikkje er sikker på. Vi treng å vite, ikkje tru. Og slik heldt det fram. Påstandar basert på synsingar og lause rykte vart anten gått i rette med eller tagde i hel.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok nyleg initiativ til kampanjen «Jeg skal si ifra». Dette er ein Facebook-kampanje som til no har fått drygt 7000 medlemer, og føremålet er å nedkjempe framandfrykt og rasistiske haldningar i debattfelta til nettavisene. 7000 tilhengjarar er ikkje spesielt mange når ein veit kor mange tusen «likar»-tilhengjarar relativt tøvete saker kan samle på Facebook. Men likevel er det eit prisverdig tiltak. Kampanjen har mellom anna løfta fram iFAKTA, ei samling av nøkkeltal og annan informasjon om innvandring og integrering, som kan lastast ned frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.
Skal vi no kome vidare, er dette retninga å gå. Fordommar byggjer på kunnskapsløyse og frykt. Debatt må vere tufta på kunnskap og vit, og han må haldast i ein språkbruk vi kan stå inne for om vi vert tvinga til å sjå einannan i auga.

