Heim Blogg Side 27

Nye nettsider skal inspirera til meir nynorsk – har du tips til oss?

LNK har fått seg nye nettsider, og håpar desse skal inspirera til meir og betre bruk av nynorsk.

Nye LNK.no har som mål å inspirera til meir bruk av nynorsk og visa fram meir av alt det digitale tilbodet til LNK.

– På nettsidene vil me skriva og presentera nyhende om viktige saker for nynorskkommunane. Me er veldig takknemlege for alle typar tips og innspel! seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Redaktør for LNK.no og Framtida.no, Svein Olav B. Langåker, ber om tips.

Nynorsk ressursbank er eit nytt tilbod der me etter kvart vil samla gode idear som me håpar kan inspirera til god bruk av nynorsk. Det kan vera digitale tilbod, kommunale språkplanar eller gode nynorsktiltak i skule eller samfunnet elles. Det finst mykje godt nynorskarbeid som bør få meir merksemd. Her håpar eg òg at me kan få tips og innspel!

LNK driv digitale tilbod som Magasinett, Pirion, Framtida.no, Lærarrommet og Framtida Junior. På nye LNK.no finn du siste nyhende frå Framtida Junior og Framtida.no – og det skal vera lettare å navigera til alle dei digitale tilboda til LNK.

Lesarbrev, kommentarar og kronikkar blir presentert under fana Innspel.

Send tips og lesarbrev, kronikk og kommentarar til svein(a)framtida.no!

Språk på hjernen

0

Forskingsdagane 2020 har fokus på hjernen.

Vi som har valt å arbeide med språk, kan kanskje seiast å ha språk hjernen. «Å ha noko på hjernen» er ein såkalla metafor, det vil seie eit ord eller uttrykk som ein bruker i overført tyding. Sjølvsagt har ein ikkje språk hjernen. hjernen har ein eventuelt væske og hjernehinna og hovudskallen utanpå. Dei fleste av oss har derimot språk i hjernen.

John Locke førestilte seg på 1600-talet at hjernen i utgangspunktet var tom (tabula rasa) og dermed kunne fyllast med innhald gjennom ytre påverknader som sanseinntrykk og erfaringar. Dette synet blei vidareført i åtferdsstyrte (behavioristiske) tilnærmingar på starten av 1900-talet, der blant anna B.F. Skinner var oppteken av språkleg åtferd.

Etter kvart som hjerneforskinga utvikla seg, blei det derimot vanskelegare og vanskelegare å tru på at ein lærte språk berre gjennom ytre påverknader. I 1957 gjekk Noam Chomsky til åtak på Skinner sitt språksyn, og sidan då har språkforskinga gjort kvantesprang, som er ein annan kjend metafor. Med Chomsky fekk ein eit såkalla nativistisk syn på språk, der ein går ut ifrå at ein del av språket sit i hjernen frå fødselen av. Sjølv om ein ikkje har språk hjernen, har ein altså språk i hjernen.

Ein kan tru at småbarn lærer ord som «mamma» og «pappa» først fordi dei blir eksponerte for desse orda. Men dei blir også eksponerte for mange andre ord heilt frå fødselen av, men som dei lærer å uttale og bruke mykje seinare. «Mamma» og «pappa» er derimot lydkombinasjonar som er relativt lette å meistre for menneskebarn som har hatt lang øving i å sutte og smatte, dvs. bruke begge leppene aktivt.

Det som er enda meir spennande, er at barn kan lage ord eller setningar som ingen har laga før dei, det vil seie som ingen kan ha putta i hjernen på dei. Dette er mogleg fordi hjernen allereie frå fødselen av har evna til å lage språklege strukturar og reglar som kan brukast til å kommunisere med andre menneske.

Sjukdommar og skadar som rammar hjernen, gjev oss innblikk i at ulike delar av hjernen handterer ulike delar av språksystemet. Dessverre er det mange som får afasi, det vil seie språkvanskar etter skadar på hjernen. Nokre kan slite med å uttrykkje seg etter ein skade, og andre kan ha problem med å forstå. Legane Broca og Wernicke identifiserte allereie på 1800-talet ulike område i hjernen som har mest ansvar for produksjonen og forståinga av språk.

Tradisjonen etter Chomsky er også relevant for datakommunikasjon og utviklinga av kunstig intelligens. Men sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen.

Ny redaktør i Syn og Segn

0

Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som redaktør i Syn og Segn. Ho er utdanna historikar og kjem frå ei stilling i Nationen.

Dypvik har brei redaksjonell erfaring frå fleire nasjonale aviser, i tillegg til eit prislønt forfattarskap.

– Syn og Segn er ein viktig arena for å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita. Eg har eit stort engasjement for gode debattar og for nynorsk, og ser fram til å byrje i jobben, seier Dypvik i ei pressemelding.

Syn og Segn er eit tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Tidsskriftet har 2500 abonnentar og kjem i fire utgivingar i året.

(©NPK)

Ålesund har lagt fram språkbruksplan til høyring

Høyringsrunde for språkbruksplan i Ålesund kommune.

Arbeidsutvalet som har jobba fram språkbruksplanen er leia av Kari Grindvik (V). Nora Morken Farstad (Ap), Arnt-Ove Tenfjord (KrF) og Preben Dimmen (Uavh.) har òg vore med i utvalet.

Til grunn for forslaget til Språkbruksplan, ligg kommunestyret sitt vedtak frå desember 2019.

Her heiter det:

  • Ålesund kommune krev med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk i skriv frå statsorgan til kommunen. 
  • Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett-ogintranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner.  
  • Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, kan den tilsette velje  sjølv. 
  • Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes i referat, notat og rapportar, samt i skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform. 
  • Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.

LNK er spesielt invitert til å kome med innspel og kommentarar til ny Språkbruksplan for Ålesund kommune, og vil koma med dette i løpet av ei vekes tid.

Her ligg skjema og utkast til Språkbruksplan.

Komitè for kultur og medborgarska har sendt ut forslaget til språkbruksplan ut på høyring. Fristen for å kome med innspel er 8. september.

26. oktober skal komiteen for kultur og medborgarskap komme med si endelege innstilling til språkbruksplan og 5. november skal kommunestyre gjere det endelege vedtaket.

Framtida.no er 10 år!

Framtida.no er det viktigaste som har skjedd for nynorsk nettjournalistikk sidan år 2000, ifølgje Språkfakta. Her er historia om korleis det vart til.

For min del starta det heile med ei feiloppringing.

Det er hausten 2009 og eg er på veg mot kassa på Rema 1000 Bjelland på Stord då telefonen ringer.

I andre enden er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vidar Høviskeland. Han ringde feil, og trudde han var kome til fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, og ikkje meg, som hadde intervjua han eit par veker tidlegare.

«Ung til sinns»

Same dag hadde eg lese i Journalisten at Bladet Sunnhordland, der eg var nettansvarleg då, skulle vera med på å laga ei nettsatsing for ungdom saman med ti andre lokalaviser, ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Landslaget for lokalaviser (LLA).

Eg nytta høvet til å spørja om jobben, som seinare skulle visa seg å bli Framtida.no.

På det tidspunktet hadde prosjektet arbeidsnamnet «Ung til sinns». Kanskje ikkje det mest ungdommelege namnet, tenkte eg, men søkte likevel.

ABC for Framtida

Det byrja i det små med meg åleine som både prosjektleiar og journalist. I løpet av dei ti åra Framtida.no har vore på nett, har me utvida redaksjonen i fleire omgongar.

Me har hatt ein stor auke i talet på lesarar. I fjor sette me ny rekord med over 960.000 brukarar innom sidene i løpet av året.

Redaktør Svein Olav B. Langåker og Andrea Rygg Nøttveit og Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal i Framtida.no-redaksjonen. Ingvild Eide Leirfall var ikkje til stades då bildet blei tatt, men Framtida.no er drivande gode på Photoshop. Foto: Emilie Hansen

Men tilbake til soga om korleis Framtida.no vart Framtida.no.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, og nynorskkommunane i LNK og den korsyngande og kulturinteresserte toppsjefen i ABC Startsiden, Espen Udland, hadde allereie funne saman i fleire andre tidlegare nynorskprosjekt. Denne gongen var også lokalavisene i LLA med – og Kulturdepartementet og Garborgsenteret støtta satsinga.

Eg starta i jobben som prosjektleiar og journalist 1. mars 2010 på kontoret til ABC Startsiden i Oslo. Stillinga innebar å vera innhaldsansvarleg for Startsida.no, nynorskversjonen av Startsiden.no, og å finna ut kva for ei nynorsksatsing prosjektet skulle vera.

Domenekupp

Ideen til namnet Framtida.no kom frå eit leiarutviklingskurs der eg blei utfordra til å skriva ned eitt ord om kva som motiverte og dreiv meg i jobben. Eg landa på ordet «framtida».

Domenet Framtida.no var ikkje ledig. Det eigde dåverande ordførar i Grimstad, Hans Antonsen. Han hadde først kjøpt det for å bruka det i Venstre-samanheng, men han var heldigvis ikkje vanskeleg å be når det skulle gå til eit nynorskprosjekt for unge.

Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav Langåker, Dagfinn Reiersøl og Bård Øien har vore med på å laga Framtida.no. ( Foto: Tine Jacobsen, ABC Startsida)

I løpet av seks intense veker laga utviklarane til ABC Startsiden Framtida.no.

Me har dessverre ikkje klart å finna den første framsida vår, men dette er framsida då me var eitt år.

I fotspora til Vinje

Målet med Framtida.no har heilt sidan starten vore å visa fram og styrka engasjementet til unge, og å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett.

Filosofien vår har vore å snakka MED ungdom, og ikkje berre TIL dei. Derfor har det vore viktig å rekruttera nye unge skribentar og å snakka med unge kjelder om saker som er relevante for ungdom over heile landet.

Andrea Øien Sæverud (t.v.) frå Hareid på Sunnmøre og Marit Lajord frå Vang i Valdres drog ut på journalistisk turne i Noreg.

Våren 2011 fekk Framtida.no støtte frå Vinjefondet til å tilsetja to reisande journalistar. Marit Lajord og Andrea Øien Sæverud fekk jobben med å jakta på engasjerte unge i Noreg. Me drog frå Svalbard i nord til Mandal i sør for å snakka med ungdom om saker som engasjerer dei.

Framtida.no starta både som eit nynorsk-prosjekt og eit demokrati-prosjekt. Målet har sidan starten vore å visa fram og styrkja engasjementet til ungdom og styrkja nynorsken.

Debatt har vore viktig for Framtida.no heilt sidan starten. Me har hatt både leiarar av ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar og heilt vanlege ungdommar mellom dei som har skrive meiningsinnlegg for oss.

Fleire hundre ungdommar deltar kvart år i skrivekonkurransane våre.

I løpet av dei ti første åra har Framtida.no kursa over 2000 ungdommar i å leia og arrangera debattar, bokbad og andre arrangement i bibliotek og skular.

Frå ein Me snakkast-debatt i biblioteket i Austevoll i Sunnhordland.

Nokre milepålar frå ti år med Framtida.no:

2011: Stemmerett

Viljar Hanssen blei den yngste nokon gong som er valt inn i lokalstyret i Longyearbyen.

2011 var det første året det var forsøk med stemmerett for 16-åringar ved lokalval, og det var difor naturleg å snakka med dei unge førstegongsveljarane som deltok i forsøket.

Same året råka terroren Noreg og ungdomspolitikken hardt. 22. juli mista fleire engasjerte AUF-arar livet i terrotåtaket på Utøya og i Oslo.

– Det er mange, men ikkje alle ungdommane som er medlem i AUF, fortalde Viljar Hanssen, dåverande leiar i Svalbard til AUF til Framtida.no i mars 2011.

Nokre månadar seinare vart han skoten fleire gonger på Utøya, men vann livet – og valet på Svalbard.

2013: Språkfest

Dette året var det 200 år sidan sjølvaste Ivar Aasen vart fødd. Nokre månader før jubileet vart Andrea Rygg Nøttveit tilsett som språkjournalist, som ein av få i Noreg.

Men har vore opptatt av å skriva om meir enn berre nytt om nynorsken. 

Portrett av Ivar Aasen frå 1871. Foto: C. C. Wischmann / Ivar Aasen-tunet/ CC BY 3.0

Me har skrive om språk og makt, retorikk, språkmangfald og språkpolitikk. Og om då Grunnlova kom på nynorsk i 2014.

Me har skrive mykje om samisk kultur, identitet og språk, og intervjua fleire unge samar, både i Sápmi og andre stader.

Merk at Framtida.no ikkje anar kva som vart sagt mellom Marianne Balto og Egil Olli på Sametinget i 2009. Men tek du den nordsamiske setninga har du gode sjansar i quizen. Foto: Denis Caviglia.

2014: Vestlandskontor og debattprosjekt

Sommaren 2014 flytta eg til Vestlandet, og starta vestlandskontor på Stord i lokala til lokalavisa Sunnhordland på Stord, som då enno var verdas største nynorskby. På denne måten kom me oss nærmare ungdom i kjerneområdet til nynorsken.

Same året starta me på eit stort debattprosjekt der me kursa ungdommar i debatt.

2015: Med klimatoget til Paris og COP21

Heilt sidan før Paris-avtalen har me satsa ekstra på klimajournalistikk.

Under klimatoppmøtet i Paris 2015 (COP21) tok reportarane Andrea Rygg Nøttveit og Tora Hope tok klimatoget til Paris.

Dåverande leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken har fått følgje av Besteforeldrenes klimaaksjon til klimatoppmøtet COP21 i Le Bourget utfor Paris. Foto: Andrea Nøttveit

2016-2017: Forskning på timeplanen

Frå 2016 til 2017 jobba forskingsjournalistane Åsmund H. Eikenes og Runar B. Mæland i Framtida.no med støtte frå Vinjefondet og Fritt Ord. 

Gjennom dette prosjektet fekk me mellom anna møta kyborgen Torjus frå Valdres, nyforelska robotar som syng Adele og bli med i store dilemma som oppstår når me får sjølvkøyrande bilar.

– I framtida treng vi ikkje fysiske nøklar eller lommebok, spår 24 år gamle Torjus Bjørgo Nilsen om utviklinga innan biohacking.

17. oktober 2017 starta Framtida.no-redaksjonen Framtidajunior.no, ei splitter ny nettavis for barn mellom 7 og 13 år. Christian Wiik Gjerde og Janne Nerheim byrja som journalistar.

2018: Jordbærrepublikken

Framtida.no har blikket vendt mot det som skjer i ute i verda, men med små ressursar har me ikkje hatt høve til å reisa på mange reportasjeturar. Me har likevel vore i Barcelona, Belgia og Paris og fleire gonger til Sverige på reportasjeturar.

Og vinteren 2018 samarbeidde dåverande Framtida.no-journalist Ragnhild Sofie Selstø og Universitas-fotograf Amanda O. Berg om ein reportasjetur til Taiwan med støtte frå Fritt Ord.

Her fekk lesarane bli med til éi av dei mange hundretusen ulovlege bustadene på hustak i hovudstaden Taipei, me fekk treffa unge demokratiforkjemparar og representantar frå urbefolkninga som protesterte.

Tosiku Kusui og mamma Panai.
Tosiku Kusui (17) og mamma Panai Kusui. Panai demonstrerar mot taiwanske myndigheiter utanfor ein t-banestasjon i Taipei. Tosiku prøver å finne sin stemme i moras opprør. (Foto: Amanda O. Berg)

2019: Klima på dagsorden

Framtida.no har samarbeidd med fleire skular og lokalaviser om å setja klima og berekraft på dagsorden. I 2019 leia Framtida.no eit stort prosjekt for å setja klimarisiko og klimaløysingar i lokalvalet. Artikkelseriane fekk nærmare éin million lesarar både på Framtida.no og ei rekkje lokalaviser og hos ABC Startsiden og i tidsskriftet Energi og Klima.

Me har samarbeidd med Stord vidaregåande om Berekraftvekene i fleire år, og elevar der har fått testa ut berekraftig forbruk og kor fort det eigentleg går an å dusja. Elevane har då gjennomført fleire undersøkingar, og spurt kva klimatiltak elevane vil begynna med i morgon.

– Eg åt ei ferdigsuppe frå Rema 1000 som hadde gått ut for to veker sidan. Det gjekk heilt fint, fortalde Marius Hammersland Loureiro i fjor.

Framtida.no har mål om å ta generasjon alvor på alvor. Då har det vore naturleg med ei brei dekning av skulestreikane for klima, både i Oslo og andre stader.

Og på den andre skulestreiken fekk vår dyktige arbeidsvekereporter setje statsminister Erna Solberg til veggs.

– Me er ikkje einige i alle dei krava som er her, men me er einige i måla, som er å få ned utsleppa både i Noreg og globalt, sa Erna Solberg til Framtida.no etter å ha talt til klimastreikarane 24. mai 2019.

Framtida.no sin arbeidsvekereporter Mateo Jimenez Tilrem stilte statsminister Erna Solberg spørsmål saman med resten av ressekorpset.

Me har fleire prosjekt på gang. Akkurat no skriv me om korleis demokratiet vårt blir utfordra og korleis det kan utviklast vidare og utvidast i serien «Slutten på demokratiet?». Me har òg akkurat starta serien «Nesten vaksen» der me skriv om alt som er lurt å vita noko om for deg som held på å bli vaksen.

Titusen takk for at du les Framtida.no – og titusenar av takk til alle som har bidratt til den avisa me er i dag! Me håpar du vil følgja med oss vidare!

Er du spesielt interessert i historia vår? Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 20192018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Raja og Helleland kallar inn Microsoft til møte

0

Datagiganten Microsofts avgjerd om å fjerne 27 språk, mellom dei nynorsk, frå Outlook-appen, gjer at regjeringa kallar selskapet inn til eit møte.


Brevet med invitasjonen til møtet vart sendt fredag og er underteikna av kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

– Er ein eit stort teknologiselskap har ein òg mykje makt. Microsofts avgjerd om å fjerne nynorsk frå Outlook for Iphone og Ipad er ei avgjerd som vil få store konsekvensar. Språk er ein del av kulturarven og identiteten vår. Det er ikkje mange månadene sidan eg la fram ei språklov der eg slo fast at norsk språk skal styrkjast, og då er opplæringssektoren, medie- og kultursektoren og IKT-politikken heilt avgjerande, seier Raja.

Raja og Helleland har innkalla til møtet for å snakke om korleis Microsoft ser på rolla si i å sikre posisjonen til norsk og samiske språk.

Les også: Microsoft kuttar ut språket til 600 millionar menneske

– Viktig oppgåve

– Det er oppgåva vår å ta vare på, utvikle og styrkje språka våre, understrekar Raja.

Samtidig med at brevet blir sendt legg regjeringa òg fram ei stortingsmelding som peikar på kva moglegheiter digitalisering kan gi for samiske språkbrukarar.

Meldinga omtaler utviklingstrekk og utfordringar for samisk språk, kultur og samfunnsliv, og tenestetilbodet til samiske innbyggjarar. Årets tema er nettopp digitalisering

Statsråd Helleland understrekar at regjeringa er oppteken av at samar skal kunne bruke språka sine på digitale flater utan hindringar.

Les også meiningsinnlegget: «To jamstilte skriftspråk, men berre i teorien!»

Stortingsmelding

– Eg fryktar at urfolksspråk vil døy ut dersom vi ikkje får med tech-selskapa på denne språkdugnaden. Vi har eit ansvar for å ta vare på dei samiske språka, seier ho.

Etter at Microsoft kunngjorde at dei ville fjerne 27 språk frå Outlook-appen for Iphone og Ipad, har det komme sterke reaksjonar frå fleire hald. Fleire fylkeskommunar og organisasjonar har reagert negativt.

– Vi gjer dette for å skape ein samanheng på tvers av Microsoft 365-appar for iOS, sa talsperson for Microsoft Noreg, Tone Kjensmo, til NRK i juni.

Jon Fosse har omsett elska barnebokklassikar til nynorsk

Jon Fosse er aktuell med ny omsetjing til nynorsk av verdsklassikar. Foto: Tom A. Kolstad, Samlaget

Éi av verdas mest selde og omsette bøker kjem endeleg på nynorsk.


Antoine de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, «Le Petit Prince», er ei av verdas mest omsette og lesne bøker.

Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv om det er ei barnebok, er ho like høgt elska av vaksne lesarar.

No kjem boka endeleg på nynorsk, omsett av Jon Fosse og med originalteikningar av Antoine de Saint-Exupéry.

– Vakkert trist

På spørsmål om kvifor han ønska å omsette Den vesle prinsen svarar Jon Fosse:

– Eg har lese at Den vesle prinsen er den boka som er mest omsett nest etter Bibelen. Men boka var av ein eller annan grunn ikkje omsett til nynorsk. Difor bestemte eg meg for å gjera det. Dessutan er det ei vakkert trist forteljing, seier Fosse i ei pressemelding.

Poetisk og filosofisk

Antoine de Saint-Exupéry (1900–1944) var ein fransk flygar og prislønt forfattar. Hans mest kjende verk, Den vesle prinsen, kom ut i 1943 med hans eigne teikningar.

I Den vesle prinsen naudlandar de Saint-Exupéry med flyet sitt i Sahara, der den vesle prinsen plutseleg dukkar opp.

Gjennom ein poetisk og filosofisk samtale fortel prinsen om planeten han kjem frå, og reisa på veg til jorda. På ferda har han vore innom ulike planetar, der det blant anna har budd kongar utan undersåttar, ein drankar og ein forretningsmann. Gjennom samtalen med den vesle prinsen går det opp for forfattaren kva som eigentleg er viktig her i livet.

Den nynorske omsetjinga til Jon Fosse tar utgangspunktet i originalverket.

No blir det meir nynorsk på Store norske leksikon

0

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman. Frå 2021 skal det bli meir leksikoninnhald på nynorsk. Nynorsk Pressekontormåndag 24. august 2020 12.17

Nynorsk kultursentrum har sidan 2008 arbeidd saman med ulike samarbeidspartnarar for å byggje eit nynorsk oppslagsverk. No skal det nynorske nettleksikonet Allkunne integrerast i Store norske leksikon.

– Store norske leksikon styrkjer seg med dette som nasjonalt leksikon. Det er sjølvsagt for oss og medlemane våre at begge dei norske skriftspråka blir styrkte som fagspråk, og vi er glade for å gi dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, seier styreleiar Knut Olav Åmås i Store norske leksikon i ei pressemelding.

Vanskeleg å konkurrere

I staden for å konkurrere har dei to institusjonane som mål om å styrkje norsk fagspråk. Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum seier avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie.

– Det er ressurskrevjande å konkurrere. Derfor vel vi i staden å gå i lag med ein større aktør som når fleire lesarar i same målgrupper som oss, for at innhaldet skal nå fleire, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Foto: Sunniva Lund Osdal

Det vil framleis vere to årsverk som skal arbeide med leksikon i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum skal bidra med same økonomiske bidrag, samstundes skal Store norske leksikon bruke meir tid og ressursar på nynorsk.

Allkunne tilgjengeleg for fleire

Store norske har artiklar på både bokmål og nynorsk frå før, men med dette samarbeidet skal endå fleire artiklar vere på nynorsk. I tillegg skal nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar på Store norske, bli dekte.

– Vi er glade for å kunne gjere mykje av det kvalitetsinnhaldet som har vore på Allkunne, tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon i pressemeldinga.

Opplæring i nynorsk for vaksne framandspråklege

Her finn du læremiddel i nynorsk for framandspråklege – og oversikt over kva kommunar som tilbyr opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar.

LNK prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

I fleire år har Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) arrangert språkkurset «På saklista». No er det første digitale kurset gjennomført.

NTNU nedprioriterer nynorsk

0

Det største universitetet i Noreg, NTNU, oppfyller ikkje krava i mållova. – Målarbeidet blir nedprioritert i ein travel kvardag, seier NTNU-direktør til Khrono.

«Vi tek jamleg opp krava i mållova med leiarane kring NTNU, men det viser seg diverre at målarbeidet blir nedprioritert i ein travel kvardag. Eg er rimeleg sikker på at dette fyrst og fremst skuldast mangel på tid», skriv organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU til Khrono.

Bergen og Oslo oppfyller heller ikkje 25 prosent

Heller ikkje Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo klarer å fylle krava i mållova om minimum 25 prosent nynorsk.

Gunstein Akselberg. Foto: UiB

– Vi bør ikkje gløyme at universitetet har studentar og tilsette frå heile landet. I og med at UiO, UiB og NTNU er sentrale intellektuelle, sosiale og kunnskapsmessige maktinstitusjonar, vil språkpraksisen deira ha status og vere førebilete. Derfor er det avgjerande at dei gir nynorsken dei minimumsvilkåra dei er forplikta til, seier språkprofessor ved UiB, Gunnstein Akselberg, til Khrono.

På saklista – språkkurs

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland & Fretland AS i Lærdal.
Jan Olav Fretland, dosent emeritus ved Høgskulen på Vestlandet, har skrive kursboka saklista. Språk og saksbehandling på papir og nett, som ligg til grunn for det populære På saklista-kurset, eit opplegg som lærer deltakarane opp i rettskriving, klarspråk og saksbehandling. Kursboka kan òg lesast som ei sjølvstendig lærebok.

Kursa går over to dagar og kurshaldarane er høgt kvalifiserte. Vi kan tilby kursa våre over heile landet. Kursa blir gjennomførte fysisk eller på nett. Målgruppa for kurset er regional og lokal forvaltning. Kurset tek utgangspunkt i og er tilpassa dei konkrete behova vi ser at nynorskbrukarane i forvaltninga har.

For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.

Medlemskommunar har rett på eitt kurs i året der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Eigendelen for kommunen blir då 8905 kroner.

Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to kurs i året der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Ikkje-betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass. Reisekostnader for kurshaldarane dekkjer kommunen sjølv.

LES OGSÅ: Prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

SJÅ OGSÅ KURSTILBODA VÅRE FOR BARNEHAGAR, SKULAR OG LÆRARAR HER!

Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve
Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve