Pris for nynorskordliste
Lars Anders Kulbrandstad, Bjarne Øygarden og Olav Veka er tildelt ordbokprisen 2010 frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Dei får prisen for ei sidemålsordbok på nynorsk. Prisen er på 50.000 kroner.
Nynorsk Wikipedia snart 60 000
Nynorsk Wikipedia nærmar seg 60 000 publiserte artiklar. Leksikonet viser ei jamn utvikling på publiseringssida dei siste åra.
Millionløyving til Hauge-senteret
Regjeringa løyver 1 million kroner over statsbudsjettet for 2011 til driftsmidlar til det planlagde Olav H. Haugesenteret, melder Nynorsk kultursentrum.
Eit anna syn på språket
Studentane på førskulestudiet hjå Høgskulen i Oslo har laga fotohistorier på nynorsk og seier dei fekk ei anna tilnærming til språket på denne måten.
– Kommunane bør ha ungdomsråd
62 av dei 430 kommunane i landet har ikkje ungdomsråd i dag, skriv Framtida.no.
Fryktar Frp
Tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga, som no er språkprofessor ved Samisk høgskole i Kautokeino, er redd det samiske språket forsvinn viss Framstegspartiet får gjennomføre sin politikk.
Slutt på nynorskskular i Nord-Trøndelag
Etter røystinga om skulemål ved Vålen skulekrins i Nord-Trøndelag kan det sjå ut til at fylkets einaste nynorsskule går over til å bruke bokmål.

