Heim Blogg Side 309

Viken til Skrivekunstakademiet

0

Øyunn Viken blir ny leiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland etter forfattar Olaug Nilssen.

Bokmålsauke på strilalandet

0

Mange innflyttarar frå Bergen fører til bokmålsauke på strilalandet.

Vurderer gratis kurs

0

LNK vurderer no å tilby gratis språkkurs til alle sine medlemmer.

– Vestlandet blir hardast råka

0

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) slår fast at Vestlandet blir hardast råka dersom me får eit nytt økonomisk tilbakeslag.

Vil lempe på nynorskkrav

0

Rådmann Øyvind Bergøy i Hjelmeland kommune meiner det er naudsynt å opne opp for at tilsette i administrasjonen ikkje må skrive nynorsk, skriv Strandbuen.

– Eit politisk val

0

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner motmakt-debatten er viktig. – Dette handlar mykje om demokrati, seier ho.

Jaktar på nynorskbøker

0

Når Nord-Aurdal kommune slår saman barneskulane og flyttar dei inn til sentrum, så tar dei og bøkene med seg. – No jaktar vi på nye, gode nynorskbøker, seier rektor for den nye skulen som kjem til Ulnes.

Fosse får Ibsenprisen

0

Dramatikaren Jon Fosse får Den internasjonale Ibsenprisen for 2010. Prisen er på 2,5 millionar kroner og blir delt ut 10. september.

Slepp sidemål på grunn av dysleksi

0

 

Dyslektiske studentar slepp snart sidemål i allmennlærarutdanninga. Det er klart etter at Likestillingsombodet tok saka opp med Kunnskapsdepartementet.

Satsar på privatskular

0

Til hausten blir det seks nye privatskular med 535 plassar i Hordaland.

Kartlegg målbruken i kommunane

0

– Det trengs eit meir systematisk arbeid for å styrkje det nynorske administrasjonsmålet i kommunesektoren, heiter det i kommuneproposisjonen som nyleg vart lagt fram. No skal målbruken i kommunane kartleggast.

Vil fjerna urettferdige kommuneskilnader

0

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) foreslår å endra fordelinga av inntektene mellom kommunane for å jamna ut det ho meiner er urettferdige skilnader mellom rike og fattige kommunar.