Vil fjerna urettferdige kommuneskilnader
Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) foreslår å endra fordelinga av inntektene mellom kommunane for å jamna ut det ho meiner er urettferdige skilnader mellom rike og fattige kommunar.
Meirspråklege glede
I dag er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».
Vil ha barnetru på nynorsk
Noregs Mållag meiner trusopplæringa i Den norske kyrkja har kome skeivt ut og krev eit regelverk som sikrar barn og unge opplæring på deira eige mål.
Vil ordne opp
– Vi er innstilt på å gjere pengane tilgjengelege att, seier ordførar Liv Kari Eskeland (H) til LNK.no om prispengane som forsvann i budsjettunderskotet.
Prispengane dekkjer underskot
Stord kommune fekk 100 000 kroner som Årets nynorskkommune i 2009. No er mesteparten av pengane forsvunne i kommunalt underskot.
Vart fanga opp
Geir Pollestad (Sp), Hadija Tajik (Ap) og Iselin Nybø (V) meiner det var avgjerande at etablerte politikarar såg dei og fanga dei opp for at dei sjølve kom inn i politikken.
– Gi ungdommane makt
Ei kartlegging utført av Sentio research på vegner av valprosjektet Mot til å meina viser at heile 77 prosent av dei spurde meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å røyste ved val. Det er ikkje professor Frank H. Aarebrot samd i.

