Hamar Arbeiderblad hadde nyleg ei redaksjonell sak på nynorsk. – Avisa vår har alltid vore ei bokmålsavis, og det vil den også vere i framtida. Dette var ei spesiell sak, seier ansvarleg redaktør Rolv Amdal.
Etterlyser politisk engasjement
I morgon startar Mot til å meina – konferansen opp i Stavanger. Ungdommane sjølve skal blant anna svare på korleis dei trur dei vil få større interesse for politikk.
Skal få meir nynorsk
Det blir endringar for nynorskbrukarane på Fjord Norge sin nettplattform, lovar organisasjonen.
Kommunane må kome nærare borgarane
Lokaldemokratiundersøkinga, som vart lagt fram tysdag, viser at kommunane er opptekne av utvikling, men dei må kome nærare sine eigne innbyggjarar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Framleis nynorsk i Åmli-skulane
Innbyggjarane i Åmli kommune har bestemt at dei ønskjer nynorsk som opplæringsmål på grunnskulane, men at dei kommunalt tilsette kan få velje kva målform dei vil bruke.
– Diskriminerer nynorskkommunane
Reisemålsorganisasjon opplever at tilbydarane av nettløysingar for reiselivet ikkje vil leggje til rette for nynorskbrukarar.
Studentane fullfører i Bergen
Dei som studerer ved Høgskolen i Bergen er flinkast til å fullføre utdanninga si. Ved dei små høgskulane slit dei med at ein stor del av studentane hoppar av undervegs, ifølgje NRK.
Vil løfte innvandrarane
Bergen kommune vil sende innvandrarar på leiarkurs. Målet er å hente fleire innvandrarar med høg kompetanse inn i jobbar på sitt nivå, seier byråd for helse og inkludering, Christine Meyer (H).

