Heim Blogg Side 332

Drøymevegen

0

Ein god spøk førte henne inn i politikken. No gir Sigrid Brattabø Handegard (45) råd til samferdsleministeren.

I 1995 var Sigrid Brattabø Handegard hjelpepleiar ved Vikevollen sjukeheim, heime hadde ho tre små ungar og ein mann. Livet var hektisk, og noko av det siste ho tenkte på, var politikk. Så kom spørsmålet om ho ville stå på kommunestyrelista til Senterpartiet i Jondal.

– Det er greitt viss eg får førsteplassen, spøkte eg. Nokre dagar etter kunne eg lese i lokalavisa at det faktisk hadde skjedd. Senterpartiet gjorde eit godt val, og eg enda som varaordførar.

Ho ler hjarteleg av minnet. Mykje har endra seg sidan ho heiv ut den spøken. For å vere heilt nøyaktig er det 12 år som vararordførar, 2 år som ordførar og ein snau månad som politisk rådgivar i Samferdsledepartementet sidan den spøken.

– Eg var nok samfunnsengasjert på den tida også. Men eg tenkte ikkje der og då at eg skulle inn i politikken, meiner ho.  

Livet som ordførar i Jondal var både utfordrande og givande. Jondalstunnelen var i boks. Første salva var alt skoten i tunnelprosjektet som skal knyte saman kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya. Tunnelen skal stå ferdig i 2012 eller 2013 og har fått ein prislapp på vel 800 millionar kroner. Heimkommunen til Herborg Kråkevik såg optimistisk på livet. Pengane til den siste forlenginga av tunnelen på Jondal-sida var også endeleg på plass, og det på rekordtid. 46,6 millionar kroner kom på bordet i løpet av fire veker. Ordførar Sigrid Brattabø Handegard hadde hatt Jondalstunnelen til frukost, middag og kvelds. Sjølv skildrar ho den perioden som noko av det mest krevjande ho har vore gjennom. Og så kom telefonen frå Magnhild Meltveit Kleppa.

– Eg hadde fått eit tips om at den kanskje kunne kome. Men det var eit vanskeleg val. Eg treivst så godt i den rolla eg hadde. Det var så mykje på trappene i Jondal eg hadde lyst til å vere med på. Men på den andre sida: kor ofte får ein slik ein sjanse? Truleg berre éin gong i livet, slår Handegard fast.

– Kva svarte du på telefonen?

– Eg sa at eg gjerne ville det dersom dei trudde eg kunne gjere ein god jobb.

Dermed sa ho ja til å bli politisk rådgivar i Samferdsledepartementet og ja til å bli pendlar.

– Eg har tre vaksne barn og ein mann som driv eiga bedrift. No var tida då dette kunne gå. Men eg har jo ikkje sett området i Oslo der eg bur, i dagslys. Det er mørkt når ein går på jobb, og mørkt når ein kjem heim. Det er ingen 9 til 16-jobb, men det var det heller ikkje å vere ordførar, slår ho fast. Og i helgane prøver ho å reise heim. Då er det familien som tel.

Kvardagen i departementet er hektisk, men eit par treningstimar i veka blir det likevel tid til. Det handlar om prioritering. Skal ho fungere, må ho trene. Slik er det berre.

– Eg likar å vere ute, å gå til fjells både sommar og vinter. Eg likar å halde meg i form, og der er heilt naudsynt i denne jobben.

Samferdsle har alltid vore viktig på Vestlandet. Rassikring, vegutbetring, ferjetider og tunnelar. Er det nokon som kan gi råd om samferdsle, må det vere ein ordførar frå Vestlandet.

– Har du gitt nokre råd til ministeren enno?

Handegard skrattler.

– Dei råda gir eg berre til ministeren.

Så var det sagt. Og på spørsmålet om ho brenn meir for éi sak enn for andre, svarer ho diplomatisk at regjeringa skal arbeide for å oppfylle det som blir lova i Soria Moria og i nasjonal transportplan. Ikkje noko mindre og ikkje noko meir. Likevel legg ho ikkje skjul på at den milliarden som er lova til rassikring, er viktig, og det er viktig å få på plass ei utgreiing om høgfartsbanen. Miljøsaka er også viktig.

– No står samferdslesektoren for ein tredjedel av klimautsleppa i Noreg. Det må me ta på alvor, meiner ho.


– Men har Vestlandet fått ei ekstra stemme no i debatten?

– Eg skal sjølvsagt ta vare på interessene i heile landet. Men eg tenkjer at det kan vere ein fordel å vite kor ein kjem frå.

Og Handegard kjem ikkje berre frå Jondal. Ho kjem frå Hardanger og Vestlandet. Ein region og ein landsdel der praten ofte handlar om nye bruer og smale vegar.

– Eg kjenner meg godt igjen i mange av dei utfordringane kommunane har. Den andre dagen på jobb i departementet var eg med ministeren på opning av ein ny veg og tunnel på Lista. Det er så synleg kor lenge folk har venta på dette, når ein ser korleis barnehagen, eldresenteret og skulen møter opp på opninga.

Grasrota er viktig for Handegard. Kva folk flest meiner, og korleis dei vil ha det. Hennar oppgåve blir å vere med på å gjere det enklare for folk, meiner ho sjølv. Å freiste å redusere avstandsulempene, gjere det enklare å kome seg fram i byane, og ikkje minst betre rassikringa.

– Eg kjem sjølv frå ein kommune der du må vere inne kl. 10 fordi siste ferja har gått, og den einaste vegen ut er foreslått verna. Med dette som bakgrunn forstår eg kor viktig samferdsle er for folk, slår ho fast.

Heime i Jondal sit varaordførar Svein Johan Bakke.

– Me gler oss med henne. Dette fortente ho. Og no har me jo eit kjent ansikt å ringe til i departementet, meiner han og legg til at det er viktig både for Jondal, Hardanger og Hordaland å få ein ordførar så sentralt plassert.

Samferdsle er viktig for oss, slår han fast.

Og forventingane i heimkommunen er til å ta og føle på. På det siste kommunestyremøtet Handegard var tilstades på, låg forventningane tett i tett.

– Det er nok i overkant av kva ein kan forvente av ein politisk rådgivar, smiler ho.

– Korleis har den første tida i ny jobb vore?

– Det er veldig spanande. Ein blir jo kasta inn i eit system der det skjer mykje. Ein skal finne sin plass, samstundes som ein skal ta stilling til mykje på kort tid.

– Kva er den største forskjellen frå livet som ordførar?

– I ein liten kommune er det kort avstand mellom dei som styrer og innbyggjarane. Det er det ikkje her. Og så er eg ein del av stort system med mange flinke folk som legg alt til rette for meg. I kommunen er me færre.

Ho har eit politisk førebilete i Anne Enger, kanskje mest av alt på grunn av EU – kampen.

– At ho våga å stå for det ho trudde på, mot alle dei mektige motkreftene. Det gjorde inntrykk.

Val av parti var også enkelt.

– Eg har alltid hatt eit engasjement for likeverd mellom by og land. Og så er eg overbevist om at det er innbyggjarane, næringslivet og kommunane i fellesskap som er dei beste til å utvikle gode lokalsamfunn. Marknaden kan aldri skape eit samfunn folk er glad i. Men partiet har kanskje ikkje klart å halda godt nok på dei veljarane dei vann under EU-kampen.

Atter ein gong er me attende til grasrota. Kven som bestemmer, og kven som bli styrt. Ideologi er viktig. Handegard meiner at media ikkje ynskjer å sjå det store biletet, sakene blir spissa, og overskriftene blir for store. Saka blir ikkje sett inn i ein større samanheng. I tv-debattane får ein jo ikkje tid til å dra eit skikkeleg resonnement, seier ho. Ideologi er ein viktig del av identiteten. Det er også språket.

– Språkpolitikken har ein liknande dimensjon som den om by og land. Det er ein debatt det er viktig å få fram. Det handlar om likeverd og respekt for begge målformene våre.

Handegard er sjølv ivrig nynorskbrukar og ser at samfunnet påverkar mange barn og unge i motsett retning. Det vert så lett å ty til bokmål.

– Me må gi barn og unge sjølvtillit til å vere stolte over dialekten og språket deira. Og ein må byrje i barnehagen og i skulen, slår ho fast. Og me som politikarar kan vere eit førebilete og bruke språket vårt i den rolla me har.

– Først varaordførar, så ordførar og no rådgivar i departementet. Kva drøymer du om no?

– Haha. Det er lite tid til å drøyme i denne jobben. Men eg trur jo at eg kjem til å få ta del i mykje spanande.

Ho tek ein pause og tenkjer seg om.

– I grunn så drøymer eg ikkje så mykje. Eg har eit godt liv.

SJØLVMELDING
Namn: Sigrid Brattabø Handegard
Alder: 45
Bur: Jondal /Oslo
Aktuell: byrja nyleg som politisk rådgivar i Samferdsledepartementet.
Les: saksdokument, aviser. Det er ikkje mykje tid til anna, men eg likar godt å lese skjønnlitteratur.
Høyrer på: stilla. Av og til er det godt å ha det heilt stilt
Førebilete: Anne Enger

Vekst i Vågå

0

Folketalet i Vågå kommune steig i 2009 for første gong sidan 70-talet, skriv Kommunal Rapport. Det var noko av grunnen til at ordførar Rune Øygard (Ap) vart nominert til Kommuneprofilen 2009.

Få lyspunkt frå Lysbakken

0

Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken stadfestar at det nynorske læreverket for opplæring av framandspråklege er mangelfullt.

Klimakutt må ein ta lokalt

0

 

PÅ KOMMUNEVIS: Når København-prosessen skal gjerast om til praktiske klimatiltak her heime, vil kommunane kunne spele ei hovudrolle.

Faktisk kan kommunane dekkje halvparten av målet Stortinget har satt for norske klimakutt før 2020. Det viser SFT sin klimatiltaksanalyse, der ein slår fast at ein kan oppnå over åtte millionar tonn av målet for nasjonale klimakutt på 15-17 millionar tonn CO2-ekvivalenter med kommunale verkemiddel.

SFT sin analyse viser også kor ein kan oppnå kutt. Mest er det å hente gjennom energitiltak i bygg, areal- og transporttiltak, landbrukstiltak og tiltak for meir klimavennleg avfallshandtering. I tillegg kan det vinnast mykje gjennom å samordne tiltak på to, fleire eller alle av disse områda – og vi vil påstå at ingen er betre posisjonert til dette enn kommunane og fylkeskommunane.

Eit godt eksempel på korleis slike tiltak kan gjennomføres i praksis, finn vi i den nye klima- og miljøplanen for Rogaland. Gjennom areal- og transporttiltak skal det der opprettast aksar med kollektivlinjer mellom nærliggjande bysentra. Samtidig skal vidare utbygging av bustader, skular, barnehagar, butikkar, nye arbeidsplassar og lokale servicetilbod knyttast til desse kollektivaksane. Dermed sparer ein tonnevis med CO2-utslepp samstundes som det blir skapt grobotn for livskraftige lokalsamfunn.

Liknande planar finn vi i ei rekkje større og mindre kommunar og fylkeskommunar rundt omkring i landet. Over 80 prosent av alle norske kommunar har nå eller er i ferd med å få ein klima- og energiplan.

Slike tiltak krev derimot betydelege investeringar – og som vi veit er kommuneøkonomien sterkt nok pressa som den er. Samtidig finst det ikkje finansielle verkemiddel på fleire viktige tiltaksområde.

For raskt å få fart på dei lokale klimatiltaka har vi i KS difor nyleg rådd staten til å opprette ei heilt ny ordning for kjøp av lokale klimakutt. I denne ordninga, som vi har kalla KLOKT (Klimakutt lokalt gjennom kommunale tiltak), skal enkeltkommunar eller grupper av kommunar samle sine tiltak i lokale klimaprogram. Samla CO2-kutt i programma vert så kontrollerte av ein uavhengig tredjepart, før det blir forhandla med staten om pris for klimakutta.

Ordninga vil vere godt tilpassa allereie eksisterande verkemiddel, som Enovas ordningar. Støtte frå desse vil enkelt kunne bli trekt frå i den prisen staten er villig til å betale.

Alt i alt vil ei slik ordning koste staten mellom to og fire milliardar kroner fram til 2020, slik at dette vil bli svært kostnadseffektive utslippskutt. Det vil difor på alle måtar vere klokt å leggje til rette for store klimakutt gjennom lokale vedtak.

 

Kva skal nynorskelevane lesa?

0

 

Kva skal nynorskelevane lesa?
2010 er nasjonalt leseår, det har Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet gått saman om å bestemma. Kva som skal skje dette året, er det vel ingen som veit riktig enno, men eg reknar med at det vil bli sett fokus på lesing og leseglede for alle, og særleg for barn og unge. I samband med leseåret 2010 har eg ei sak som eg meiner det er naturleg å ta tak i: Det er lettare for barn med bokmål som opplæringsspråk å lesa mykje – og med glede – enn for barn med nynorsk som opplæringsspråk.
Det finst mykje meir litteratur på bokmål enn på nynorsk. Mange forlag i Noreg har lettelestbøker tilpassa barn som er i starten av leseopplæringa. Desse bøkene er viktige for barna si leseutvikling. I samband med ein konferanse i 2008 talte eg og ein kollega opp kor mange lettlestbøker som var tilgjengelege på bokmål og nynorsk på to lokale folkebibliotek: På det eine biblioteket fann me 215 bokmålstitlar og 17 nynorskbøker. På det andre biblioteket fann me over 100 bokmålstitlar, og berre 8 nynorsktitlar. Lærarar som underviser nynorskelevar på dei lågaste trinna i skulen, er fortvila over mangelen på tilgjengelege lettlestbøker for begynnarlesarar. Denne mangelen gjer at elevane ikkje får den mengda av tilpassa tekstar som dei treng for å kunne utvikla seg som lesarar. Det er eit paradoks at i det elevane skal skapa ein identitet som nynorsklesarar, må dei ofte lesa bokmålsbøker for å få nok lesetrening.
For å bli gode og glade lesarar treng både ungar og ungdommar tekstar som er aktuelle for dei – på si eiga målform. Derfor er det eit problem at det nesten ikkje finst populærkulturelle tekstar på nynorsk. Det fører til at skuleelevar med nynorsk som opplæringsspråk sjeldan møter modellar i nynorsk språkdrakt på fritida si, medan dei badar i bokmålstekstar. Til dømes finst det ingen Manga-teikneseriar på nynorsk. Og populære tv-seriar i Disney-universet som Hannah Montana og High School Musical, er dubba til austnorsk og teksta på bokmål. Me finn heller nesten ingen glansa magasin eller interessetidsskrift med nynorsk tekst.
Det er kanskje vanskeleg å få Donald Duck og Co på nynorsk. Det kommersielle potensialet er for lite. Men viss me startar med å definera lettlestbøkene som læremiddel, vil det vera eit krav at forlaga skal gje ut dei same lettlestbøkene på nynorsk som på bokmål. Det vil i alle fall betra tilgangen til naudsynte tekstar for dei som skal læra seg å lesa og skriva på nynorsk, og det vil vera eit skikkeleg løft for lesinga deira i leseåret 2010.
Trude Hoel

KOMMNTAR: 2010 er nasjonalt leseår, det har Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet gått saman om å bestemma. Kva som skal skje dette året, er det vel ingen som veit riktig enno, men eg reknar med at det vil bli sett fokus på lesing og leseglede for alle, og særleg for barn og unge. I samband med leseåret 2010 har eg ei sak som eg meiner det er naturleg å ta tak i: Det er lettare for barn med bokmål som opplæringsspråk å lesa mykje – og med glede – enn for barn med nynorsk som opplæringsspråk.

Det finst mykje meir litteratur på bokmål enn på nynorsk. Mange forlag i Noreg har lettelestbøker tilpassa barn som er i starten av leseopplæringa. Desse bøkene er viktige for barna si leseutvikling. I samband med ein konferanse i 2008 talte eg og ein kollega opp kor mange lettlestbøker som var tilgjengelege på bokmål og nynorsk på to lokale folkebibliotek: På det eine biblioteket fann me 215 bokmålstitlar og 17 nynorskbøker. På det andre biblioteket fann me over 100 bokmålstitlar, og berre 8 nynorsktitlar. Lærarar som underviser nynorskelevar på dei lågaste trinna i skulen, er fortvila over mangelen på tilgjengelege lettlestbøker for begynnarlesarar. Denne mangelen gjer at elevane ikkje får den mengda av tilpassa tekstar som dei treng for å kunne utvikla seg som lesarar. Det er eit paradoks at i det elevane skal skapa ein identitet som nynorsklesarar, må dei ofte lesa bokmålsbøker for å få nok lesetrening.

For å bli gode og glade lesarar treng både ungar og ungdommar tekstar som er aktuelle for dei – på si eiga målform. Derfor er det eit problem at det nesten ikkje finst populærkulturelle tekstar på nynorsk. Det fører til at skuleelevar med nynorsk som opplæringsspråk sjeldan møter modellar i nynorsk språkdrakt på fritida si, medan dei badar i bokmålstekstar. Til dømes finst det ingen Manga-teikneseriar på nynorsk. Og populære tv-seriar i Disney-universet som Hannah Montana og High School Musical, er dubba til austnorsk og teksta på bokmål. Me finn heller nesten ingen glansa magasin eller interessetidsskrift med nynorsk tekst.

Det er kanskje vanskeleg å få Donald Duck og Co på nynorsk. Det kommersielle potensialet er for lite. Men viss me startar med å definera lettlestbøkene som læremiddel, vil det vera eit krav at forlaga skal gje ut dei same lettlestbøkene på nynorsk som på bokmål. Det vil i alle fall betra tilgangen til naudsynte tekstar for dei som skal læra seg å lesa og skriva på nynorsk, og det vil vera eit skikkeleg løft for lesinga deira i leseåret 2010.

Trude Hoel er universitetslektor på Lesesenteret ved UIS

 

 

– Får ikkje lære nynorsk

0

Bokmål og vossamål står på timeplanen til innvandrarar på Voss. Odrun Vellene Vevatne, rektor ved Vaksenopplæringa, håpar på fleire nynorske læremiddel.

Forlaga førebur seg på skulebokkrise

0

Forlagsbransjen fryktar at salet av lærebøker i vidaregåande skule kjem til å stupe neste år. Det betyr kostnadskutt i stor skala for heile bransjen.

 

Erik Ulfsby ny teatersjef

0

Erik Ulfsby (39) er tilsett som teatersjef ved Det Norske Teatret. Han byrjar i stillinga 1. januar 2011.

Skal kartleggje makta i norsk kulturliv

0

Våren 2010 set Kulturrådet i gang eit forskingsprosjekt for å kartleggje kven det er som har makta i norsk kulturliv. Det er første gongen ei slik maktutgreiing blir gjennomført.

Mindre nedgang av nynorskelevar

0

Sjølv om talet på elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen blir mindre, er nedgangen no lågare enn på fleire år.

7 millionar kroner til Garborgsenteret

0

I dag fekk Nasjonalt Garborgsenter den store julepresangen: 7 millionar kroner frå dei raudgrøne politikarane.  

Østfold Mållag med første Kindle-ebok på norsk

0

Østfold Mållag har lagt ut årboka si «Aust i Vika» for sal til dei i Noreg som alt sit med ein Amazon Kindle levert frå USA. Dette er truleg éi av dei første norske bøkene som kan lesast på ein Kindle. Om ikkje den første.