Heim Blogg Side 331

– Bruk oss meir

0

Politikarane kan få meir ut av nynorskorganisasjonane enn dei gjer i dag. – Vi kan hjelpe med så vel lov- og regelverk som med enkeltsaker, seier Vidar Høviskeland i LNK.

Fornøgd, men ikkje mett

0

Ordførar Rune Øygard (Ap) i Våga vart kåra til Årets kommuneprofil 2009 på tampen av fjoråret. Han er glad for det, men vil slett ikkje ha all æra sjølv.

Formidling nyttar

0

– Komande lærarar må lesa barnebøker og vera formidlarar av god barnelitteratur, seier Forlagsredaktør i Mangschou,­ Anne-Stefi Teigland.

Skal forenkla nynorsken

0

Ei gruppe på seks kvinner og to menn skal utarbeida forslag til nye nynorske rettskrivingsreglar.

Vil nå nye lesegrupper

0

Eit av dei store måla med Leseåret 2010 er å få fleire grupper til å byrje å lese. – 30 prosent av vaksne forstår ikkje innhaldet i det dei les. Det må me ta på alvor, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen.

 

Håpar på eit løft for litteraturen

0

– Me må gi folk positive opplevingar av å lese, seier dagleg leiar i foreninga !Les, Ketil Kolstad, om  Leseåret 2010.

– Fleire må fullføre vidaregåande

0

Å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande skule, kan hindre mange frå å ende på uføretrygd som unge, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Invester i språket

0

LEIAR: På Voss står bokmål og vossamål på læreplanen for innvandrarane. Læraren deira, Odrun Vellene Vevatne, skulle så gjerne ha undervist i nynorsk, men det har ho ikkje læreverk til.

Eg får kjensla av at nynorsk ikkje står særleg høgt i kurs, seier ho til LNK-avisa.

Men kvifor skal det vere slik? Kvifor er det ikkje like naturleg å undervise innvandrarar i nynorsk som i bokmål?

Det er mange spørsmål som etter kvart krev eit svar. Me hugsar også Anne Margrethe Eidhammer frå Vindafjord, som tidlegare i år samla underskrifter frå 50 ordførarar. Underskriftene vart samla i eit opprop for å få nynorsk materiell på plass også for innvandrarar. Underskriftene vart sende over til Kunnskapsdepartementet og deretter vidare til Barne- og likestillingsdepartementet.

Me håpar underskriftene no er komne i det rette departementet, og at kampanjen får eit resultat. Det er heilt naudsynt at departementet løyver meir midlar til forlaga slik at dei kan gi ut lærebøker både på bokmål og på nynorsk.

Midt oppe i alt dette skjer det positive ting. Det er gledeleg å sjå at Vox i samarbeid med LNK no er i ferd med å få plass eit fullstendig læreverk i norsk for innvandrarar på nynorsk. Men det må ikkje stoppe her. Innvandrarane i nynorskkommuane treng så mykje meir, til dømes ordbøker på begge målformer. Det har dei ikkje i dag.

– Noko som gjer at elevane blir svært avhengige av meg, slår Vevatne fast til LNK-avisa.

Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken meiner også at det nynorske læreverket for opplæring av framandspråklege er mangelfullt. Likevel vil han ikkje love noko om kor lenge Voss og andre nynorskkommunar må vente på nynorsk materiell.

Som så mange gonger før blir økonomi trekt fram som ei forklaring på at det er lite nynorsk materiell på marknaden. Me håpar departementet no ser at ei investering i nynorsk læreverk for opplæring av framandspråklege også er ei investering i betre integrering.

 

Når ein forstår språket, er det lettare å bli ein del av lokalsamfunnet, få seg jobb og klare å fylgje opp barna på skulen. Også dette forklaringar som er brukt mange gonger før.

 

Kulturpengane blir i Oslo

0

Ei ny kartlegging viser at store deler av kulturpengane frå staten blir verande i Oslo. – Kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet må snakke saman om korleis dei kan få støtte til fleire prosjekt, meiner leiar for kulturseksjonen i Rogaland fylkeskommune, John Gunnar Johnsen.

Debutanten

0

For barnebokdebutant Eivor Vindenes er det heilt naturleg å skrive nynorsk – trass i at ho pratar ein klingande austlandsdialekt.

Juleorda

0

er kjære og viktige for oss. Lurer du på om det er jul eller jol, kan eg trøysta deg med at begge går, men det er jul som er hovudform i våre dagar. Så er det visse atterhald, sjølvsagt. Eg slit med ”Eg synger julekvad”, der skal det liksom vera o. Det er nett som når koret vårt skal syngja ”Det hev ei rosa sprunge”. Når me framfører eit så høgtidsamt bilete som at ei rose har sprunge, må det vera både hev og ei rosa.

Me kan elles spora mange av orda frå denne høgtida heilt attende til norrøn tid. Og sjølve ordet jul er opphavleg eit heidensk midtvintersblot. Julaftan heitte i si tid jólaptann. I norrønt finn me og jólahelgr, jólamorginn og jólanott. Du kunne alt då drikka jólaol, men du måtte laga det sjølv, det fanst ikkje på flaske eller boks, rimelegvis. Og romjula høyrer til i denne lange tradisjonen. Ein rúmheilagr dagr var ein dag som ikkje var heilag etter lova, er det sagt. Så derfor vart romjula yrkedagane mellom juledagane og trettandagen. På mine trakter heiter det forresten klavadagane. Somme hevdar det kjem av at ein sleppte ut kyrne ein yrkedag i romjula, då slapp dei ut av klaven. Eg veit ikkje om det er rett, men usannsynleg er det vel ikkje.

Julehefta, eller juleblådn, som eg seier, er av nyare dato. Men Smørbukk feira faktisk syttiårsjubileum i fjor, og Vangsgutane kjem etter neste år, så dei dreg på åra, bygdemenneska der òg. Knoll og Tott, den eldste teikneserien i verda, har feira hundre for lenge sidan. Men juleblada er truga av dvd-ar og fjernsyn og dataspel og av dei moderne blada, som er meir ”up to date”. Visste de forresten at julebukkane først på var utkledde med bukkehovud? Fyrste seinare har me kunna variera kostyma meir.

Hugs for all del å setja opp julebandet til jul. Julenek er noko moderne som eg ikkje kjennest heilt ved. Og så må du ikkje bera ut att jula: Det gjer du viss du seier nei takk til traktering, veit du! Då vert det ikkje skikkeleg jólagæfa, som dei gamle sa, eller julelukke, som me ville seia. Julelukka, den fredelege og sæle, som ikkje er avhengig av julepakker og julebord, den må me ta vare på.

Høviske ord desember 2009

0

Høviske ord

Jærmuseet, som er prosjekteigar for Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, fekk ei kjærkomen julegåve i sist veke.

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget følgde opp det fleire politikarar tidlegare har signalisert, og løyvde sju millionar kroner til senteret.  

I innstillinga heiter det m.a.: ”Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer.”

Det er eit særs viktig signal at alle komitémedlemene er med på løyvinga.  

– Eg var aldri i tvil om at me skulle få dette til, sa ein strålande nøgd samferdsleminister, Magnhild Meltveit Kleppa, til Stavanger Aftenblad då ho kom til Jæren med den gode bodskapen.  

– Midlane frå regjeringa sikrar at arbeidet med å byggja opp innhaldet i senteret no kan halda fram etter planen, seier prosjektleiar Einar Schibevaag i ein kommentar.

Nasjonalt Garborgsenter er eit spennande prosjekt. Time kommune har vore ein pådrivar for senteret, som skal byggjast midt i ein ny, moderne bydel. Næraste nabo er eit høghus som alt er blitt eit signalbygg i det flate landskapet på Jæren. Time kommune markerer på denne måten at dei går inn i ei ny tid, og at dei ønskjer å vera ein pådrivar og motor i regionen. Ein annan viktig nabo vert den nye vidaregåande skulen som Rogaland fylkeskommune byggjer like ved. Skulen vert nok ein viktig samarbeidspart for Garborgsenteret, men vonleg aldri så viktig at det nasjonale ved senteret kjem bort. Nasjonalt Garborgsenter skal vera nettopp det – eit senter for heile landet.

I Noreg er det ikkje kvardagskost at kommunar brukar arkitektur til å visa fram ein visjon på denne måten, sjølv om alle kjenner Bjørvika i Oslo. At dei vidsynte personlegdommane Hulda og Arne Garborg, modernistar i si tid, får sitt senter i eit slikt miljø, er gledeleg og heilt på sin plass.  

Det er grunn til å gratulera Jærmuseet, Rogaland fylkeskommune og Time kommune med heile denne satsinga. Me ser fram til å følgja utviklinga i den nye bydelen.

Sjukefråveret

Haukeland universitetssjukehus i Bergen har fått kjeft av Språkrådet for at dei ikkje følgjer mållova når det gjeld skilting av bygga og i administrative rutinar. Styret og administrasjonen legg seg flate og forsikrar om at sjølv om ting tek tid, ønskjer dei skjerpa seg og følgja lova. Stortingsrepresentant Arne Sortevik (FrP) seier derimot til Bergens Tidende at han vert sjuk av heile mållova.
Kanskje ideen om ein karensdag kan ha noko for seg likevel?