Heim Nyhende Debutanten

Debutanten

For barnebokdebutant Eivor Vindenes er det heilt naturleg å skrive nynorsk – trass i at ho pratar ein klingande austlandsdialekt.

– Kva forhold har du til nynorsk?
– Begge foreldra mine skriv nynorsk, så då eg vaks opp, var bøker, aviser og blad på nynorsk noko heilt sjølvsagt i heimen. For meg var det heilt naturleg å velje nynorsk som skriftspråk sjølv om eg har ein typisk austlandsk dialekt.

– Korleis ser du på framtida til nynorsk litteratur?

– Tove Bakke har med omsetjingane av bøkene til Anna Gavalda synt at nynorsk fint kan nå ut til store lesegrupper. Kanskje blir det slik med Maria Parr si Tonje Glimmerdal òg? Det er ikkje den gode litteraturen det skal stå på, tenkjer no eg, men heile kjeda av formidlarar, frå foreldre til barnehage og skule, media og bokhandlarar; dei må heile tida vere medvitne om kva val dei tek.  

– Kva kan ein gjere for å få barn og unge til å lese meir?
– Det kjem alltid kulturfenomen som Harry Potter og Twilight, som treff så mange lesarar at det berre blafrar i boksidene. Når denne leselysta blir vekt, er det berre å fylle på. Barn og unge har rett på litteratur som like relevant for liva deira som den litteraturen vi vaksne ønskjer oss. Det finst jo verkeleg mykje bra litteratur, men barn må gjennom ein skog av formidlarar for å få tak i bøkene. Dei er avhengige av formidlarar som ikkje er trongsynte, men som kjenner feltet, og som lèt lesarane møte den nye litteraturen ut frå si eiga erfaringsverd. Eg gremde meg over mottakinga av Tjuven av Rune Belsvik, då tabloidane skreiv porno med store bokstavar om boka til ein av dei finaste barnebokforfattarane vi har. Og deretter set desse sleivete utsegnene ramma for heile debatten. Då blir eg berre trist.
– Eg lurer ofte på kvifor mykje av barnekulturen som blir laga her til lands, er så lite synleg i media. Berre ta alle framsyningane i Den kulturelle skulesekken; her skjer det ein enorm produksjon som så å seie er hemmeleg. Og sjølv om det finst heiderlege unntak i media, så er det ein skippertaksmentalitet som pregar tankegangen. Det er rom for mykje meir og breiare omtale av barne- og ungdomslitteraturen. Eg høyres kanskje litt vel negativ ut no? Der er jo mykje bra òg.

– Kva kan ein gjere for å styrke nynorsken i barnehagane?
– Enkelt; dei som arbeider der, må rett og slett nytte nynorske bøker. Det er jo haugar av gode bøker å velje mellom – dei må berre bli valde! Elles finst det mykje god kompetanse hjå til dømes Pirion (www.pirion.info) på barnekulturfeltet, og dei rettar arbeidet sitt nett mot barnehagar og skular med kulturavisa si.

– Korleis var det å debutere ?

– Utruleg herleg, sjølv om eg den første tida fann ord i boka eg ville ha endre på. Det er skummelt å debutere, og det er kanskje ikkje så rart at ein tviler litt og er redd boka ikkje er bra nok. Kva det no er å vere bra nok. Men no er eg heldigvis over den biten. Eg kjenner meg utruleg heldig som fekk ein så god illustratør som Jens K. Styve med på laget.   

– Kvifor valde du å debutere på nynorsk?
– Sidan eg skriv på nynorsk, så var ikkje dette eit val eg tenkte noko særleg over. Eg blir heile tida spurt om kvifor eg skriv på nynorsk …, kanskje vi heller skal spørje fleire bokmålsbrukarar om kvifor dei ikkje skriv på nynorsk?

– Skriv du nynorsk også privat?

– Eg skriv både bokmål og nynorsk, litt etter humør og kven eg skriv med.

– Har du noko nytt bokprosjekt på gang?
– Ja, eg er heilt i startgropa. Eg har litt problem med å gå i frå desse typane i Alt kan reparerast, så det kjem kanskje noko meir herifrå. Og så har eg eit par andre historier som eg driv og prøver meg på. Eg satsar på at det går seg til.

– Kva ynskjer du å formidle med litteraturen?
– Eit stort og vanskeleg spørsmål. Eg har eit optimistisk menneskesyn, og det ligg nok i det eg skriv. Det gjer ein forskjell om vi stoppar opp og bryr oss, sjølv om det ikkje alltid er lett å bryte ut av dei vanane vi har.   
Når eg skriv, er eg ikkje medviten i gjerningsaugneblinken, for å seie det slik. Det eg skriv, spring ut av språket; eg følgjer etter og ser kva som skjer. Eg likar å leike med språket og håper dette er ein leik som lesaren òg likar. Kanskje finn lesarane små overraskande rom som dei samstundes kjenner seg att i, og som utvidar den kjensla dei hadde?

– Kva reaksjonar har du fått frå barn/unge når du har presentert boka di?
– Eg har lest opp for ungar i barneskulen, blant anna då eg var på Falturiltu (nynorsk barnefestival) i Stord no i haust. Ungar er gode lyttarar og gode lesarar, og samtalane i klasseromma var utruleg interessante. Det er verkeleg artig å snakke med ungar om skriving – og om liva til dei litt merkelege karakterane i boka mi, Alt kan reparerast. Då eg var på Fusa Barneskule og spurte ein femteklasse om kva som ikkje kan reparerast, fekk eg eit resolutt svar frå ein gut bak i rommet: ”Kjærleik”. Så dei store orda deisar fort i fanget når ein har ei bok under armen.

– Kva forventingar har du til Leseåret 2010?
– Fleire gode bøker, rett og slett. Det er ei bok eg gler meg spesielt til, dersom ho blir ferdig i 2010. Det er Elin Grimstad si biletbok, Stjernebarna. Boka har element i seg frå Universet – eit heilt nydeleg scenekunstprosjekt ho laga for barn, der animasjon og musikk var viktige ingrediensar. Og elles har det vore snakk om at teikneserieskaparen Jason og Ragnar Hovland har eit bokprosjekt på gang. Det hadde vore noko.   

AKTUELT
Namn: Eivor Vindenes
Bur: på Kampen i Oslo
Aktuell: debuterer på Samlaget med barneboka Alt kan reparerast (2009)
Språk: nynorsk
Alder: 38

Førre artikkelJuleorda
Neste artikkelKulturpengane blir i Oslo

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...