Heim Nyhende Kulturpengane blir i Oslo

Kulturpengane blir i Oslo

Ei ny kartlegging viser at store deler av kulturpengane frå staten blir verande i Oslo. – Kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet må snakke saman om korleis dei kan få støtte til fleire prosjekt, meiner leiar for kulturseksjonen i Rogaland fylkeskommune, John Gunnar Johnsen.

Helge Røed er prosjektleiar for rapporten Kulturen og det regionale Noreg, som Agderforskning har lagt fram.

– Alle regionar i Noreg har kultur som satsingsfelt. Difor er det interessant å sjå korleis staten, den viktigaste aktøren, fordeler pengane, seier Røed til Stavanger Aftenblad.

Vanskeleg logikk

Medan Oslo får 2487 kulturkroner per innbyggar, får Sørlandet til dømes 737 og Vestlandet 799 kroner per innbyggjar. Røed peikar på at noko av forklaringa ligg i at Oslo har fleire store, nasjonale institusjonar som skal ha ein nasjonal funksjon.

– Likevel får Oslo heile tida meir enn det folketalet skulle tilseie, og det er vanskeleg å finne nokon logikk i dette, seier Helge Røed til Aftenbladet.

Han viser også til at det er ganske stille rundt fordelinga, noko han trur kan forklarast med at mange nok ikkje er klar over den skeive fordelinga.

Oslo har så å seie monopol på alt som kan kallast nasjonalt, og dermed kjem på statsbudsjettet. No skal kulturbudsjettet opp mot ein prosent av statsbudsjettet, og då bør regionane følgje med, for meir pengar kan elles bety endå meir til det sentrale Austlandet.

Dette er ein velkjent situasjon, meiner fylkeskultursjef i Hordaland, Ronny Skaar.

Det er ei sterk sentralisering i norsk kulturpolitikk. Og den er nok sterkare i Noreg enn i andre skandinaviske land. Det kan sjå ut som om staten er blitt meir opptatt av dei statlege kulturoppgåvene enn av dei nasjonale, meiner han.

Skaar skulle ynskt dei ulike forvaltningsnivåa kunne spelt meir saman om å finne løysingar på kulturspørsmål. Og ikkje minst at staten brukte kompetansen og fagmiljøa ute i regionane meir enn dei gjere i dag. Elles kan ein i følgje Ronny Skaar fort miste bredden i kulturlivet.

– Ein burde revitalisere fylkeskommunen som medspelar i kulturpolitikken, slår han fast.

Bør gå i dialog

Leiar for kulturseksjonen i Rogaland fylkeskommune, John Gunnar Johnsen, meiner kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet må satse på dialog.
– Me har registrert rapporten som er lagt fram, og har også erfart dette i mange samanhengar. Kanskje er me ikkje flinke nok til å vise oss fram?

– Eg ser jo at det er i Oslo dei større institusjonane og mange av dei nasjonale ansvarsområda ligg. Men eg håpar me kan ta fordelinga av kulturmidlane opp i ein større samanheng. Det er spanande at denne rapporten er lagt fram; no må me få til ein dialog mellom kommunane på Vestlandet, slår han fast.

Kanskje kunne me fått til ein konferanse der ein kunne diskutert dette, seier Johnsen og legg til at Rogaland til liks med dei andre fylka i regionen har mange store prosjekt som ikkje har fått støtte over statsbudsjettet.

– Det er ein veldig vitalitet og styrke i fylket, noko som er eit sunt teikn for kulturlivet. Eg skulle ynskt me kunne fått drahjelp frå staten til fleire av prosjekta våre.


FAKTA: KULTUREN OG DET REGIONALE NOREG

Rapporten frå Agderforskning slår fast at kulturmidlane bør fordelast meir rettferdig mellom regionane i landet, og at ein bør oppheve skiljet mellom nasjonale og regionale kulturinstitusjonar. Samstundes bør kulturinstitusjonar i alle landsdelar gradvis sikrast ein solid statleg grunnfinansiering på linje med dei nasjonale institusjonane. Det blir også vist til at finansieringa av ulike prosjekt og institusjonar må få ein klarare regional fordelingsprofil, skriv Stavanger Aftenblad. Det er stiftinga Cultiva, Sørlandets Kompetansefond, Sparebanken Vest, SR-bank og Sparebanken Pluss som har finansiert prosjektet.

 

Førre artikkelDebutanten
Neste artikkelInvester i språket

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...