Heim Blogg Side 334

Kvifor er det slik, Solveig?

0

I haust undrar Solveig Hareide (26) seg blant anna over kvifor dinosaurane var så store, eller kvifor eit kokt egg ikkje sprett like godt som ein sprettball. Det er ikkje alltid like enkelt å finne svara.

Litterære bilete i Odda

0

7 – 9 oktober er det klart for Litteratursymposiet i Odda. I år er det dei litterære bileta som er tema.

Løft for kulturskulen

0

Regjeringa la i haust fram Kulturløftet 2, og Norsk kulturskuleråd meiner det no kan sjå lyst ut for kulturskulane.

– Treng større fagmiljø

0

Tilynslege og fastlege i Samnanger, Jakob Norup, trur det kan bli naudsynt med større kommunar og fagmiljø for å møte krava i regjeringa si samhandlingsreform.

– Kommunesamanslåing kan bli naturleg konsekvens

0

Rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund (KS), Astrid Toft, trur ikkje samhandlingsreforma vil endre vesentleg på utfordringane kommunane har i dag med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Ser fram til meir språkpolitikk

0

LNK ser fram til arbeidet som regjeringa står framføre med å følgje opp enkeltvedtaka i språkmeldinga Mål og meining.

Færre nynorskbrukarar

0

Når SV, Venstre og Krf gjekk tilbake ved stortingsvalet, kan det og bety at det blir færre nynorskbrukarar på Stortinget, meiner Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum.

39 prosent kvinner på Stortinget

0

66 kvinner får plass i det nye Stortinget, ifølgje SSBs prognose. Det utgjer 39 prosent av dei 169 stortingsrepresentantane.

Søkelys på klima

0

PÅ KOMMUNEVIS:

Eg registrerer at mange kommunar og fylkeskommunar no aktivt tek fatt i klimautfordringane gjennom å lage klima-, miljø- og energiplanar. Vi står overfor store utfordringar i høve trongen for reduksjon av klimautslepp og dei forventa klimaendringane. Det hastar med å setje i verk tiltak.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i vår ein fylkesdelplan for klima og miljø. Fylkeskommunen har lagt vekt på å få fram ein samla og forpliktande klimapolitikk for heile fylket. Planen samordnar og omset nasjonale mål til regionalt og lokalt nivå. Vi vonar at planen vil kunne hjelpe og støtte regionale styresmakter og kommunane i deira klimaarbeid. Det er ein omfattande plan som føreset ei systematisk oppfølging. Vi inviterer alle innbyggjarane, offentlege styresmakter, næringslivet, frivillige organisasjonar og andre om å medverke i dette viktige arbeidet.

Reduserte utslepp av klimagassar både i produksjon og forbruk står sentralt. I tillegg har fokuset på tilpassingstiltak til framtidige klimaendringar gjeve oss ein sjeldan heilskapleg plan. Planen tek klimautfordringa breitt og omfattande på alvor. Nasjonalt og internasjonalt har ein i stor grad vore oppteken av å redusera utsleppa av klimagassar frå produksjon og transport. Sogn og Fjordane har i tillegg valt å fokusera på utslepp knytte til forbruk.

Planen speglar at Distrikts-Norge har andre utfordringar enn bynære strøk. Dei største utsleppa kjem frå nokre få, store produksjonsanlegg. Spreidd busetnad og store avstandar gjer  transportsektoren til eit viktig tiltaksområde.

Dei færraste tenkjer over kva utsleppsmengder som er knytte til kjøp av forbruksvarer. Sidan varene ofte vert produserte i utlandet, tel ikkje utsleppa av klimagassar frå produksjonen med i den nasjonale rekneskapen. Ved å sjå på klimautslepp i tilknyting til forbruk får vi eit betre grunnlag for å samanlikna utsleppmengdene frå innbyggjarane i byane og folk i distrikta. På forbrukssida bør styresmaktene innføra tiltak som kan stimulera enkeltpersonar til å leva klimavenleg. Samstundes kan kvar og ein av oss yta eit positivt bidrag til klima og miljø ved å velja lokalproduserte varer og økologisk mat.

Forskarane er samde om at klimaendringane vil koma. Kor sårbare vi vert for framtidige endringar, vil avhenga av kva tilpassingstiltak som vert gjennomførde. På dette området overlappar planen tiltak som i andre samanhengar typisk ville ha vore oppgåver innan beredskapsarbeid. Planen legg opp til ei omfattande kunnskapsutvikling i kommunane når det gjeld klimatilpassing.

 

Faktasjekk

0

Mange medieverksemder går politikarane etter i saumane i løpet av valkampen. Ei av dei er Bergens Tidende. I nettavisa si har dei ei eiga side der dei sjekkar dei faktaopplysningane frå politikarane som kjem fram i media. Les meir på faktasjekk.no.

– Ingen store retorikarar

0

Ingen norske politikarar kan måle seg med dei amerikanske når det gjeld retorikk. Den beste av dei norske er truleg Jonas Gahr Støre (Ap), meiner politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle.

Valkamp på nettet

0

LEIAR: Det ser ut som om det er skapt ein ny trend i valkampen til stortingsvalet 2009.

Valkampen er flytta over til nettet og dei sosiale media. Det er på blogg, Facebook og Twitter ein skal vinne veljarane. Men fungerer det? Kva meiner eigentleg veljarane?

Ei kartlegging Synovate har laga for NRK, viser at 95 prosent av dei spurde fylgjer med på valkampen. Men kva media vel dei? Dei fleste er ikkje i tvil. 80 prosent av dei spurde seier nemleg at dei finn den mest relevante informasjonen på tv. Tre prosent svarer derimot at dei finn den mest relevante informasjonen på kanalar som Facebook.

Tre prosent er ikkje mykje. Likevel har mange politikarar klokkartru på å blogge og kvitre til seg fleire veljarar. Ein av dei er kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (SV).

– Sosiale medium gjer det ikkje minst enklare å samtale, å treffe mange menneske og å utsetje seg for spørsmål frå dei. Facebook og Twitter er først og fremst stader der det vert lettare for oss å treffe kvarandre, har han tidlegare uttalt.

Han kan ha rett i det. Men truleg vert desse digitale møteplassane mest av alt ein arena for nettverksbygging inne i det politiske miljøet. Dei som er opptekne av at politikarane er på nett, er i stor grad dei som sjølve er meiningsberande i samfunnet. Det er ikkje folk flest.

Og midt i den rosenraude trua på nettet finn ein dei som ikkje meiner ein vinn veljarane på Twitter.

– Desse arenaene fungerer best som utveksling av rask informasjon og til nettverksbygging. Ikkje til å vinne valet med, slår professor Kjell Lars Berge fast.

Veljarane har talt. Kanskje er det ikkje på Twitter valet skal vinnast likevel?