Heim Blogg Side 342

Purrar på Helsedepartementet

0

Kultur- og kyrkjedepartementet har sendt Helse- og omsorgsdepartementet ei purring i saka om talegjenkjenningsprogrammet som berre taklar bokmål.

Bakgrunnen for saka er lege Ottar Rekkedals frustrasjon over talegjenkjenningsprogrammet han brukar for å diktere brev og rapportar. Programmet taklar i dag berre bokmål, og det medfører at diktat gjort på nynorsk kjem ut som rapportar og brev på bokmål. Det meiner den nynorskbrukande legen ved Sjukehuset Innlandet er på grensa til språkleg rasisme.

Kultur- og kyrkjedepartementet tok tak i saka i vinter, då dei ba Helse- og omsorgsdepartementet klargjere spørsmålet om målbruk i talegjenkjenningsprogrammet. Sidan då har lite skjedd, og Helse- og omsorgsdepartementet har altså no fått ei påminning om saka.

Kjelde: Noregs Mållag

Hotell med nynorsk identitet

0

– For oss er det heilt naturleg å profilere oss på nynorsk, seier direktør Richard Grov (44) ved Hotel Alexandra i Loen. For det fekk dei Nynorsk Næringslivspris i 2007.

Det historiske hotellet vart grunnlagt i 1884 og er framleis ei familiebedrift.

– Tippoldefar min bygde hotellet og dreiv det fram til 1890. Då kom sonen hans heim frå Amerika og tok over drifta. Medan han var i utlandet sende han pengar heim, så hotellet er langt på veg bygd av amerikanske dollar, seier Grov som er femte generasjon som driv hotellet.

Med den heimkomne sonen frå Amerika, kom også det internasjonale preget til hotellet.

Opphavleg hadde hotellet namnet Loen’s Hotell, men dei mange utanlandske turistane meinte namnet var for vanskeleg å uttale. Difor fekk dei æra av å gi hotellet nytt namn i 1892. Hotel Alexandra er oppkalt etter prinsesse Alexandra av Danmark, gift med prins Edward, som seinare vart kong Edward VII av England. I dag eig Hotel Alexandra også Hotel Loenfjord i Loen og Wadahl Høyfjellshotell i Gålå.

– Skap ein plattform
Tidleg på 80–talet gjekk hotellet over til å bruke nynorsk som forretningsspråk. I grunngjevinga til Nynorsk Næringslivspris i 2007, som Noregs Mållag står bak, heiter det at hotellet har vore ein språkleg vegvisar for næringslivet.

– Det er dette som er identiteten vår. Me ligg i eit nynorsk område og det var aldri noko spørsmål om me skulle reindyrke nynorskprofilen, seier Grov.

– Og det har me berre fått positive attendemeldingar på, slår han fast.

Hotel Alexandra har bygd opp eit verdskjend omdøme som eit hotell med lokal identitet og god kvalitet. Richard Grov meiner mykje handlar om å skape ein stabil plattform i bedrifta.

– Og så må du vere dønn ærleg i alt du utfører, du må legge sjela di i det, er rådet frå direktøren.

Stor arbeidsplass
Hotel Alexandra har i dag ein kapasitet på 189 rom, men er i ferd med å planlegge ei utviding på 36 rom.

– Det er litt avhenging av denne finanskrisa, eller realøkonomiske krisa som eg kallar det, når dette blir. Me merka også ein tydeleg nedgang frå andre kvartal i fjor, og den held fram i år. Men det er klart dette vil snu, meiner Richard Grov.

Hotellet har om lag 140 årsverk oger dermed ein av Loen sine største arbeidsplassar.

– Det er viktig å kunne skape trygge arbeidsplassar. Me ynskjer også å vere eit synleg vertskap, ikkje berre me i leiinga, men at heile huset skal representerast som eit vertskap. Har me trygge arbeidsplassar får me også trygge tilsette. Og dei utfører ein god jobb, slår han fast.

– Har du nokre tankar om kvifor det vert skapt så mykje i Stryn?

– Me har alltid hatt få offentlege arbeidsplassar, me må klare oss sjølve. Og når ein driv for seg sjølv er det mange nålauga ein skal gjennom, då vert ein ofte sta, seier Grov. Han meiner det kan vere ein av fleire grunnar til at skaparglede og kreative verksemder blømer opp i kommunen.

– Me vil òg engasjere oss

0

Garborgsenteret utfordrar no ungdommen på kva som må til for å få fleire unge politisk engasjerte.

Via det toårige pilotprosjektet Mot til å meina skal ein prøve å auke den politiske interessa og deltakinga i tre utvalde kommunar i Rogaland, Sauda, Hjelmeland og Time. Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.

Fleire unge på listene
Bakgrunnen for prosjektet er samfunnsengasjementet til Arne og Hulda Garborg. Hulda var til og med den første kvinna i kommunestyret i Asker. Difor ynskjer Garborgsenteret å bruke livshistoriene deira for å få fleire til å engasjere seg.  Den tydelege tendensen i samfunnet er no at veldig mange, spesielt blant dei unge, vel bort det å vere politisk aktiv, og bruke stemmeretten sin.

Mot til å meina ynskjer å endre dette. Målet er å få fleire ungdommar på listene til lokalvalet i 2011, samstundes som ein aukar prosenten av dei som bruker stemmeretten sin.  Prosjektet er finansiert av kommunane, Kommunal – og regionaldepartementet og næringslivet.

Nyleg var gruppa med ungdommar samla i Stavanger der dei blant anna fekk prøve seg på rollespelet Deadline. Her blei ungdommane kasta ut i livet som journalist i ein hektisk redaksjon. Dei fekk også møte unge folkevalde, sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland og direktør i Startsiden Espen Udland.

Ei viktig stemme
– Det ser veldig interessant ut. Eg trur det er viktig at me også kan vere med å påverke politikken, seier Maria Ljung (17) frå Sauda. Ho er sjølv ikkje politisk engasjert i dag, men meiner det blir viktig å setje seg inn i kva partia står for når ho blir gamal nok til å stemme.

Også Anja Røyrøy Pettersen (17) frå Sauda meiner dette er eit positivt prosjekt.

– Det er kjekt at me og kan få bidra sjølv om me er unge, meiner ho og legg til: 
– Me må i alle fall få vite meir om det. Viss det er ungdomsråd eller ungdomsparti i kommunen vår må me få vite om det.

Politikk er fjernt for mange ungdommar, meiner gruppa. Men dei er ikkje i tvil om kva arena politikarane bør møte på.

–  Politikarane burde bli flinkare til å bruke nettet, det er der me er, meinte fleire.

Andre meinte politikk var kjedeleg, og meinte politikarane burde høyre meir på ungdommen og kva saker dei er interesserte i. Fleire la vekt på at ungdommen også har viktige stemmer i samfunnsdebatten.

– Det er ingen tvil om at dette prosjektet er naudsynt, meinte Maria Ljung.

Ungdommane valde også ein eigen annonsekampanje som skal fylgje prosjektet. ”Synes du er greitt å få 5000 kroner i bot for å pissa der duene skit?” er bodskapen på den eine annonsen.

Nytt utandørs barnebibliotek

0

På Høgetua rett over Aasen-tunet i Ørsta står to fargerike postkasser med bøker i. Det er det nye sommarope biblioteket for barn.

Barnebilioteket har fått namnet Barneboktua, og det skal ha ope dag og kveld heile sommaren igjennom. Biblioteket har sjølvbetening, og det finst nokre benkar ein kan sitje på og ha seg ei god lesestund, melder kulturavisa Pirion.

– Vi håpar mange nyttar seg av dette nye, familievenlege tilbodet frå Ivar Aasen-tunet, seier formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae.

Les heile saka på www.pirion.no.

Vil ha register

0

Vil ha register

Av Judith Sørhus Litlehamar 15.jun.2009

– Me burde hatt eit offentleg register over profesjonelle lobbyistar. Over kven som kjøper desse tenestene, sakene det gjeld og til kva pris, seier Anne Therese Gullberg. Men stortingsfleirtalet vil det annleis.

Rapporten frå Makt – og demokratiutredninga som vart lagt fram i 2003 viste at omlag 90 prosent av stortingsrepresentantane og like mange toppleiarar meiner profesjonell lobbyisme bør offentleggjerast. Likevel ynskjer ikkje Stortinget å regulere lobbyisme.

–  Det er framleis eit stortingsfleirtal som meiner at ein ikkje skal ha eit register over profesjonell lobbyisme. Eg meiner dette burde vore gjort offentleg og i opne former, seier Gullberg.

Målet med eit slikt register bør ifølgje Anne Therese Gullberg vere at ein kan finne ut kva for nokre interesser som har makt, og kva nettverk betyr.

– For å finne ut dette må me vite kven som driv lobbyverksemd og korleis det fungerer, slår ho fast.

Ho legg vidare vekt på at dette allereie eksisterer i USA, og at EU no innfører eit frivillig registreringssystem.

– Dette vert meir og meir aktuelt, og eg tur det vil kome til slutt uansett.

Vil ha register

0

– Me burde hatt eit offentleg register over profesjonelle lobbyistar. Over kven som kjøper desse tenestene, sakene det gjeld og til kva pris, seier Anne Therese Gullberg. Men stortingsfleirtalet vil det annleis.

Rapporten frå Makt – og demokratiutredninga som vart lagt fram i 2003 viste at omlag 90 prosent av stortingsrepresentantane og like mange toppleiarar meiner profesjonell lobbyisme bør offentleggjerast. Likevel ynskjer ikkje Stortinget å regulere lobbyisme.

–  Det er framleis eit stortingsfleirtal som meiner at ein ikkje skal ha eit register over profesjonell lobbyisme. Eg meiner dette burde vore gjort offentleg og i opne former, seier Gullberg.

Målet med eit slikt register bør ifølgje Anne Therese Gullberg vere at ein kan finne ut kva for nokre interesser som har makt, og kva nettverk betyr.

– For å finne ut dette må me vite kven som driv lobbyverksemd og korleis det fungerer, slår ho fast.

Ho legg vidare vekt på at dette allereie eksisterer i USA, og at EU no innfører eit frivillig registreringssystem.

– Dette vert meir og meir aktuelt, og eg tur det vil kome til slutt uansett.

Fleire profesjonelle lobbyistar

0

– Finn ut kva du eigentleg ynskjer å oppnå, og ta kontakt tidleg i prosessen, er rådet frå Anne Therese Gullberg som har forska på lobbyisme, både nasjonalt og internasjonalt. Ho ser også at det stadig vert fleire profesjonelle lobbyistar.

I følgje Gullberg driv så godt som alle interesseorganisasjonane lobbyverksemd. Dette er kanalen der ein fritt kan ytre meiningane sine inn mot dei som tek beslutningane. Ofte er det kommune, fylke eller sentrale styresmakter som Stortinget og/eller regjeringa som er mottakaren.

– Organisasjonar som LO, NHO og Bellona har alltid vore aktive som lobbyistar. Dei bruker dei moglegheitene som finst og treng i liten grad profesjonell hjelp. Dei har eit apparat som kan dette, og mange av desse organisasjonane er store og tunge. Men eit mål med lobbyismen er jo at fleire stemmer skal bli høyrde, seier Anne Therese Gullberg.

– Presenter løysingar
Rådet til Gullberg er å ha ein klår og tydeleg bodskap for å få resultat som lobbyist.

– Og presenter løysingar for politikarane, det er viktig. Prøv å opne opp for dialog, poenget er å snakke med dei rette politikarane. Men problemet er ofte at ein har knapp tid.
Noko av det viktigaste er i følgje Anne Therese Gullberg å vite når ein bør ta kontakt.

– Start tidleg. Veldig mykje er gjort når forslaget er skrive og sendt til Stortinget. Det er viktig å vere med frå starten, slår ho fast.

Som lokalpolitikar eller lokal organisasjon er det viktig at bodskapen ikkje framstår som lokale særinteresser, men av allmenn interesse, meiner ho. For å klare å legge den beste planen i lobbyarbeidet tyr mange til profesjonell hjelp.

– Dei fleste bruker profesjonelle lobbyistar til å legge ein god strategi. Det er derimot sjeldan at dei profesjonelle lobbyistane tek kontakt. Politikarane vil gjerne møte dei ekte interessene, og ikkje nokon som har dette som jobb.

– Eit lite politisk system
Gullberg har eit inntrykk av at talet på profesjonelle lobbyistar aukar og legg vekt på at mange mindre organisasjonar som ikkje driv lobbyisme til vanleg kan ha glede av profesjonell hjelp.

– For dei er det ikkje naudsynt å ha denne kompetansen til vanleg, seier ho.

I EU – systemet er profesjonell lobbyisme ei stor næring. Men også her varierer det kva politikarane meiner om å møte desse profesjonelle ansikt til ansikt, fortel Gullberg.

– Sjølv om systemet i EU er større og det er fleire inngangsportar til dei som sit med makta, så dreier lobbyismen seg om mykje av det same som her i Noreg. Men Noreg er eit lite politisk system det er lett å orientere seg i. Det er lett å få ein avtale med beslutningstakarane her.

I 2003 presenterte Gullberg saman med forskar Leif Helland rapporten: ”Profesjonell lobbyisme: Norske eliters bruk av og holdninger”. Rapporten viste blant anna at arbeidsmetodane til interesselobbyistar og profesjonelle lobbyistar var relativt like. Av dei spurte stortingsrepresentantane meinte 37 prosent at profesjonelle lobbyistar har stor makt, 35,9 meinte private bedrifter hadde same makt, medan 58 prosent meinte arbeidstakarorganisasjonane hadde makt som lobbyistar.

Eit anna resultat i rapporten viste at det i stor grad var leiarar i privat næringsliv som nytta seg av profesjonelle lobbyistar.

Gullberg har også sett på korleis klimaorganisasjonar driv lobbyverksemd i EU – systemet.

Natur-lobbyistane

0

7 år med lobbyarbeid. For ei einaste lov. Dersom den ikkje går igjennom, kan alt arbeidet vere bortkasta. Vi blei med Naturvernforbundet på den siste lobby-jobben før vedtaket.

– Eg har sett opp ti punkt som eg har tenkt å gå igjennom, seier Åshild Lappegård Lahn frå Natur og Ungdom.

Ho blir avbroten av Jan Thomas Odegard, generalsekretær i Naturvernforbundet.

– Ti punkt? seier han.

– Det er altfor mykje.

Dei ser på kvarandre. Åshild blar i nokre ark.

– Eg har jo alt laga ein Power Point. Men eg treng vel ikkje å bruke den.

Det er torsdag ettermiddag, klokka er halv fire. Rundt eit lågt bord ved inngangspartiet til Naturvernforbundet sine lokale i Oslo sentrum, rådar det ei hektisk og konsentrert stemning. Om ein knapp time skal Naturvernforbundet, som første organisasjon ut, halde innlegg i den offentlege høyringa om naturmangfaldslova på Stortinget.

Framfor medlemmane i Stortingets energi- og miljøkomité har dei fått fem minutt til å legge fram sitt syn på lovforslaget. Det er fem minutt med kommentarar til ei utgreiing på 900 sider. Det krev strategisk planlegging. Derfor sit dei rundt bordet: Jan Thomas, Åshild og Arnodd Håpnes, fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet. Saman med WWF-Noreg har dei lagt ein felles strategi for høyringa, for å ikkje overkøyre kvarandre eller bruke verdifull tid til å snakke om dei same tinga. I løpet av dei siste fem minutta har dei raskt fordelt kven som skal fokusere på havet, og kven som skal snakke om skogen.

Arnodd blar i ein bunke ark med tettskrivne linjer, medan han hurtig noterer stikkord i margen. Dokument og utgreiingar fulle av innstukne bokmerke i form av gule post-it-lappar ligg på bordet framfor han.

– Skal vi prioritere å snakke om det som er bra? spør Åshild.

– Om vi begynner innleiinga negativt, vil det ofte høyrast ut som kritikk, samtykkjer Jan Thomas.

– Vi har fem minutt. Det må gå kjapt i svingane, så vi får fokusere så godt vi kan på overskriftene, legg han til, og ser på klokka.

– Då går vi om ti minutt.

Solid og fagleg argumentasjon
Naturvernforbundet er den største miljøvernorganisasjonen i Noreg, med 18700 medlemmar fordelt på rundt 100 lokallag. Lova som skal opp til offentleg høyring denne torsdagen, har vore gjenstand for målretta lobbyarbeid frå organisasjonens side i over sju år. Dei har hatt mange møte i ulike departement, sendt brev til politikarar, departement og komitear, delteke i høyringsrundar, hatt medieutspel og fremja konkrete saker.

– Når det gjeld ei lov som dette, som vi meiner det er svært nødvendig å få på plass, brukar vi alle høve til å minne Storting og regjering om ho, oppsummerar Arnodd.

– Kva er det viktigaste når ein lobbar?

– Å ha ein solid, fagleg argumentasjon i botnen. Den skal vere så godt som vasstett.

– Er det nokon måtar å lobbe på som er meir effektive enn andre?

– Å vise fram konkrete eksempel på kva som er iferd med å skje. Vi veit at mykje natur vert øydelagt, og når vi kan dokumentere det og vise det fram, er det det aller beste. Då har vi gode argument for å få politikarane til å forstå behovet for endring.

Kjempar i motvind
Men sjølv om Naturvernforbundet er ein stor organisasjon, med både fagleg tyngde og mange medlemmar i ryggen, kan dei ikkje ta for gitt å få gjennomslag for sakene dei brenn for.

– Ein av grunnane til at handsaminga av denne lova her teke så lang tid, er at mange tunge næringsaktørar ikkje har ønska den, seier generalsekretær Jan Thomas.

– Det har ført til at prosessen har blitt drege ut, legg han til.

– Mange store organisasjonar jobbar mot oss, både innan landbruk, skogbruk, fiskeri og ikkje minst oljeindustrien. Dei har store ressursar, og kan betale proffe lobbyistar, seier Arnodd.

– Og stilt overfor oss i Natur og Ungdom, som stort sett er studentar som brukar fritida på organisasjonsarbeidet, er motkreftene svært sterke, legg Åshild til.

– Er det ikkje lett å miste motet?

– Jo, det er klart. Våre viktigaste verkemiddel er å samle inn underskrifter og å aksjonere, medan oljeindustrien kan bruke millionar av kroner på kampanjar for å få fram sin bodskap. Ressursmessig kan vi ikkje samanliknast, seier ho.

– Men at Naturvernforbundet seier noko, kan vere eit argument i seg sjølv. Ting har ein heilt annan…

Jan Thomas leitar etter ordet.

– Tyngde?

– Lyd. Ting har ein heilt annan lyd når det kjem frå oss enn frå mange andre. Vi har ei fagleg tyngd, og vi er partipolitisk uavhengige. Men det betyr ikkje at vi ikkje er politiske. Vi foreslår ikkje kompromiss, men jobbar mot målet vi har sett oss.

Held seg til strategien
Kontrasten mellom den hektiske stemninga hos Naturvernforbundet og den avslappa, joviale stemninga som rår i gangen utanfor høyringsrommet på Stortinget er påtakeleg. Her har alle tilsynelatande full kontroll på både nervane og strategien. Mange av dei som skal halde innlegg sit tilbakelente i store stolar og snakkar lågmælt saman. Nye folk som kjem inn blir møtt med handhelsing og joviale «Takk for sist».

Åshild skil seg ut i mengda av menn og kvinner i førti- og femtiåra. Hedmarksjenta på 20 kjem til å vere den desidert yngste talaren denne dagen. Men også ho ser avslappa ut, der ho drikk av eit plastkrus med vatn og kikkar diskret i notatane sine.

Når dørene inn til høyringsrommet opnar, dress- og draktkledde politikarar finn fram til plassane sine, og tida for det første innlegget nærmar seg, spreier likevel ei nervøs kremting seg langs stolane der representantane ventar på taletid. Organisasjonane er her fordi det er mykje som står på spel med denne lova. Og alle vil gjerne at det er deira innspel som blir hugsa av komitémedlemmane. Då er det greitt å ha samordna strategien på førehand. Og både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom held seg til strategien. Dei trekkjer fram det positive.

– Her er det mykje bra å forsvare. Det fleire ting vi synst er særleg bra, og som vi vil de skal vere merksame på, startar Jan Thomas frå Naturvernforbundet, medan han blir zooma inn på av to tv-kamera frå Stortingets nett-tv oppe på veggen.

Når det er Åshild sin tur, lener ho seg fram over bordet og smiler:
– Det er veldig bra at denne lova kjem no, for vi har ei lov som ikkje i stor nok grad klarer å ta vare på den verdifulle naturen vi har, startar ho.

– Vi synst det er veldig mykje bra i forslaget til naturmangfaldslova, held ho fram.

– Og vi er veldig glade for at vi no skal få ei mykje meir kunnskapsbasert forvaltning.

Ho smiler på nytt. Inga Marte Thorkildsen frå SV lener seg fram over bordet og kikkar interessert mot Åshild, før ho noterer noko på eit ark framfor seg. Det ser ut til at den positive strategien fungerar.

– Kvifor er det så viktig å legge vekt på det positive?

– Det er viktig for oss å framheve dei bra tinga i lovforslaget. Vi må gjere det tydeleg kva vi er nøgde med, seier Arnodd etter høyringa.

– Vi har hatt eit tett samarbeid med regjeringa, og vi føler at vi har blitt hørt. Då må vi stille opp og gje kred for den solide jobben som er gjort, og for det som er gjort godt, nikkar Jan Thomas.

Med ein gong dei kjem utanfor høyringsrommet, går han og Arnodd rett til neste strategi. Dei finn ein stille krok der dei skisserar ein e-post til komitésekretær Erling Sande, medan møtet inne i høyringsrommet rullar vidare på ein storskjerm på veggen framfor dei.

– Det verste for oss hadde vore dersom lova hadde blitt sendt tilbake til regjeringa for ny handsaming, og utgreiinga hadde teke tre nye år, seier generalsekretæren.

Tidkrevjande prosessar
For politiske prosessar er krevjande. Ting som organisasjonar får igjennom tidleg i prosessen, kan forsvinne ut av lovforslaga like fort som dei kom inn. Derfor er ei av lobbyistane sine viktigaste oppgåver å halde seg oppdaterte og å passe på kva som skjer, ifølgje dei to frå Naturvernforbundet.

– Dersom vi først har sett fokus på ei sak, har vi forplikta oss til å stå løpet ut. Viss vi ikkje passar på, kan fleire års arbeid vere bortkasta. Denne lova har teke sju år for vårt vedkommande, og først no ser det ut til at den går igjennom.

Det endelege vedtaket blir fatta før Stortinget tek sommarferie, står det på Stortingets heimesider. Ein skulle kanskje tru at Arnodd, Jan Thomas og Åshild klappar kvarandre på skuldrene og unnar seg ein kvil i bakken etter sju års lobbyverksemd. Slik er det ikkje. Tvert imot er det no det er på tide å ruste opp, meiner dei:

– Det er først når lova blir vedteken, at den får konsekvensar, seier Jan Thomas.

– Og det er då vår jobb eigentleg startar.

– Viktigast med ein klar bodskap

0

Det er grunn til å legge ned ressursar i lobbyverksemd. For lobbyistane kan ha stor makt, ifølgje Gunnar Kvassheim i Venstre.
– Når lobbyistane klarer å få fram sider som eg ikkje var klar over, hender det at eg endrar synspunkt i ei sak, seier han.

Venstre-politikaren har vore Rogalands representant på Stortinget i snart 8 år, og er leiar for energi- og miljøkomitéen. Han merkar stor pågang frå lobbyistar.

– Pågangen er svært stor. Eg får har mange henvendelsar dagleg frå folk som vil ha kontakt med meg, fortel han.

– Kven er lobbyistane?

– Dei representerer alt frå oljeselskap til naturvernorganisasjonar, bransjeorganisasjonar og varmepumpeleverandørar.

Og nettopp at det er så stor variasjon i kvar representantane kjem frå, og kva mål dei har for sine møte med politikarane, gjer at Kvassheim var ein av bakmennene bak eit forslag om lobbyregister. Målet var å registrere alle møte mellom politikarar og lobbyistar.

–  Det er stor forskjell i kva ressursar dei ulike organisasjonane har. Dersom vi har eit register som viser kven som møter kven, kven som har betalt for kva, og kva ein har snakka om, blir det meir openheit rundt lobbyisme. Det er viktig å kunne sjå kven som har ressursar, og kvar spora går mellom dei og vedtaka. For det er ein samanheng mellom påverknadsarbeid og vedtaka som blir gjort.

– Kva er dei beste triksa?

– Det viktigaste er å ha ein klar bodskap. Ein bør ha eit klart fokus, og ikkje ei lang liste med ting ein ønskjer å gjere noko med. Det såg vi også på høringa til naturmangfaldslova, seier han, og viser til høringa der blant anna Naturvernforbundet og Natur og Ungdom deltok med innlegg.

– Organisasjonar som har mellom 15 og 20 ting som dei vil snakke om, mister politikarane si interesse. Ein må ha eit klart ærend. Det fungerar best.

– Er det noko som ikkje fungerar i det heile?

– Det er mange som ser ut til å ha ei liste over komitear og parti dei vil snakke med, utan at dei har heilt klart føre seg kva dei vil ha ut av møtet. Det vert nesten som eit rituelt løp, og det har liten verdi. Dersom ein har eit klart ærend, og ei sak som ein brenn for, er det mykje lettare å få gjennomslagskraft.

Byggjeskikkpris til Preikestolen

0

Preikestolen Fjellstue i Strand kommune i Rogaland er tildelt Statens byggjeskikkpris 2009.

– Preikestolen Fjellstue får Statens byggjeskikkpris fordi ho representerer framståande formgjeving der nyskapande trearkitektur, miljø og stadsforståing står i fokus, sa Regional- og kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa under prisutdelinga i Oslo onsdag.

Fjellstova, som vart opna i 2008, er teikna av arkitektfirmaet Helen & Hard. Arkitektane delte prisen med Stavanger Turistforening, som har vore byggherre.

Prisen er på 200.000 kroner og blir rekna som éin av dei mest prestisjetunge prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje. (NPK)

Skeptisk til valfri norskopplæring

0

Skeptisk til valfri norskopplæring

Av Toyni Tobekk 10.jun.2009

Norsk blir valfritt for lærarstudentar som skal undervise i 5. til 10. årstrinn. Det er ikkje LNK glad for.

– Norsk er reiskapsfaget, det som meir enn noko anna blir brukt i all undervisning, seier språkkonsulenten i LNK, Jan Magne Dahle. Dahle er styreleiar i LNK, utdanna lærar og jobbar med språklege oppgåver retta mot oppvekstsektoren og kulturen for LNK. Han er skeptisk til den nye lærarutdanninga som inneber at lærarstudentar no går ut i yrkeslivet utan å ha ei grunnleggjande norskopplæring med seg.

Ikkje obligatorisk
Bakgrunnen for den nye lærarutdanninga  er Stortingsmelding  11, Læreren – Rollen og utdanningen, som blei vedteken i april i år. Den legg opp til to hovudretningar i lærarutdanninga; ei som rettar seg mot 1. til 7. årssteg og ei for 5. til 10. årssteg. For lærarar som skal undervise i 5. til 10. årssteg blir det krav om ei sterkare profesjonsutdanning, ved at kvar lærar må fordjupe seg i tre fag. Kvart fag skal telje minst 60 studiepoeng, noko som svarar til eitt års høgskulestudium. Det blir ikkje stilt krav til kva fag lærarstudentane skal fordjupe seg i.

– Kva med dei lærarstudentane som ikkje vel norsk som eitt av dei tre faga, spør Dahle. 

– Vi treng lærarar med ein grunnleggjande kunnskap om norsk. Vi lever i eit IKT-samfunn der svært mykje informasjon skjer skriftlig, også i skulen. I tillegg har ein prøvar, meldingar, presentasjonar og skriftlege oppgåver som krev at læraren har eit godt språk.

Forskriftene til den nye lærarutdanninga krev rett nok at ein lærar må ha minst 60 studiepoeng i norsk for å få undervise i faget. Men Dahle peikar på at norsk femnar om mange fleire fag og arbeidsområde i skulen.

– Denne regjeringa har gjennom språkmeldingane Språk bygger broer og Mål og meining forplikta seg sterkt i språklege spørsmål. Det vil vere meiningslaust å ha ei lærarutdanning som ikkje syner dette i praksis, meiner Dahle.

Verst for nynorsken
I utgangspunktet skjeler ikkje LNK til målformer når dei meiner denne løysinga ikkje er optimal. Dahle ser likevel ikkje bort frå at denne dreiinga vekk frå norsk som eit obligatorisk fag vil gå meir ut over nynorsken enn andre fag. Nynorsken er allereie under press, og Dahle er redd for at ein ikkje vil få lærarar i nynorskområde med god nok kompetanse på nynorsk.

LNK er positive til mykje i stortingsmeldinga om den nye lærarutdanninga, seier Dahle. At ein legg opp til to retningar innan grunnskulen er LNK svært einige i. No håper Dahle og LNK at ein i relativt nær framtid vil få ei ytterlegare styrking av lærarutdanninga.

– Vi ønskjer oss ei femårig lærarutdanning og at norsk bli innført som obligatorisk fordjupningsfag.

Du kan lese LNK si fråsegn til Stortingsmelding 11, Læreren – Rollen og utdanningen her.

Fryktar auke i skjult gjeld

0

Kommunane si skjulte kortsiktige pensjonsgjeld er på 15 milliardar kroner, og gjelda er stadig stigande. Kommunenes sentralforbund er bekymra over auken i den skjulte gjelda.

Premieavviket ved pensjonskostnadene auka samla sett med 4,9 milliardar for norske kommunar i fjor, og er no altså kome opp i 15 milliardar. Ifølgje Kommunal Rapport er dette gjeldspostar som er vanskelege å forstå og som ikkje kjem så godt fram i rekneskapen.

Trass i at avviket ser ut til å bli noko mindre i år, meiner KS problemet med at kommunane skuver denne gjelda framføre seg og ikkje er merksame på ho, er noko som vil halde fram i åra framover.

Les heile saka på kommunal-rapport.no.