Heim Blogg Side 354

Kritiserer nynorskforbod

0

– Det er vanskeleg å skjøne at riksavisene kan innkassere fleire millionar kroner i året samstundes som dei utestengjer eit av skriftspråka våre, seier Bjarne Bjørnevik i Sunnmørsposten.

Debatten om å opne for nynorsk på redaksjonell plass i riksavisene held fram. Bjarne Bjørnevik argumenterer i eit lesarbrev i Sunnmørsposten mot det han meiner er eit nynorskforbud i pressa.

– Dersom staten ikkje tvingar riksavisene til å oppheve nynorskforbodet, kjem diskrimineringa til å halde fram, og målet om reell språkleg jamstelling vil mislukkast, skriv han og peikar på reaksjonen til sjefsredaktør Bernt Olufsen i Verdens Gang i den pågåande debatten.

– “VG ønsker å ha en enhetlig språklig presentasjonsform for å få en effektiv kommunikasjon med flertallet av leserne”. Dette er eit gjennomgåande urimeleg argument, då det ikkje har vist seg at ei tospråkleg linje har straffa seg for dei riksavisene som har valt dette, som til dømes Vårt Land, Klassekampen og Morgenbladet.

Les meir i Sunnmørsposten.

Eit demokratisk framsteg

0

Fleire kommunar overfører no kommunestyremøta sine via web-tv. Professor Harald Baldersheim ved Universitetet i Oslo meiner dette er positivt for demokratiet.

Stord kommune er ein av mange kommunar som no sender kommunestyremøta direkte på nett.

Publikum kan dermed gå inn på kommunen sine nettsider og sjå direktesending frå kommunestyresalen, samstundes som tidlegare møte vert lagra.  Ordførar Liv Kari Eskeland (H) trur dette fører til at fleire fylgjer med i dei politiske debattane.

– Me byrja for vel eit år sidan med å sende møta på web-tv. Erfaringane me har gjort oss er at det er ganske mange som fylgjer med. Mange slår på maskinen på jobb og ser møtet der, seier ho som også trur dette kan stimulere til meir politiske engasjement blant ungdom.

– Det er begrensa med oppmøte på kommunestyremøta, så det er kjekt dersom dette kan føre til at fleire fylgjer med. Målet må vere at den politiske arenaen er så open som mogleg. Og dette må jo vere kjekt i undervisningssamanheng. Det er jo lettare å slå opp eit politisk møte på nettet enn å ta elevane med til møtet, meiner Eskeland.

Samstundes viser ho til at somme representantar kan føle direktesendingane noko skremmande, og i nokre tilfelle vegre seg mot å gå på talarstolen.

– Men eg trur det verkar skjerpande på politikarane, og til dømes er det lettare å rette opp feilsitering i avisene, sidan det no vert dokumentert.

Professor ved Institutt for Statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, Harald Baldersheim, meiner overføringane over web-tv er eit demokratisk framsteg.

– Me har ingen systematiske tal på dette, men vårt inntrykk er at det er stor interesse blant innbyggarane. Denne interessa finn ein også i kommunar som har overføringar av kommunestyremøta på lokalradio, meiner han.

Han viser vidare til at kommunestyremøta tradisjonelt sett, og i dei fleste kommunar, er dårleg besøkte. Internett, derimot, opnar for at politikarane når nye målgrupper.
– Ikkje minst ungdommen, det er jo dei som soleklart bruker nettet mest, slår Baldersheim fast.

Duka for språkstrid i Gvarv

0

Rådmannen i Sauherad innstiller på at nynorskskulen Gvarv skal bli bokmålsskule frå hausten av. Eit rote åtak mot nynorsken, meiner Noregs Mållag.

Gvarv skule har nynorsk som hovudmålform, og har i dag fire grupper med elvar som har bokmål. I innstillinga til utvalet for oppvekst og omsorg i Sauherad skriv rådmannen at dette er ei kostbar ordning, og han tilrår at skulen frå 1. august i år går over til å bli rein bokmålsskule. Vidare tilrår han ei rådgjevande folkerøysting i mars.

Politikarane i Sauherad ønska i går ikkje å handsame saka og fekk saka utsett for ytterlegare utgreiing. Påstanden om at ein overgang til bokmålsskule kan gje ei innsparing på 1 million var for dårleg dokumentert, meinte Venstre-politikar Heine Aarhus.

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, meiner det er like truleg at det vil bli språkdelingsgrupper på skulen sjølv om den blir ein bokmålsskule. Ho meiner og det er uheldig at rådmannen legg seg opp i kva som er opplæringsspråket på ein skule og seier mållaget har bede fylkesmannen i Telemark  om å vurdere åtferda til rådmannen.

Kjelder: Varden, Noregs Mållag

Hardangerbønder ønskjer råderett

0

I Hardanger vert det etterlyst større fullmakt til å rå over lokale ressursar.

På eit folkemøte i regi av kommunaldepartementet på Lofthus i januar peika fleire på at bygdenorge sit på naturressursar som kan gje vekst, men at forvaltinga ofte vert styrt frå sentralt hald.

– Ei slik forvalting er ingen tente med dersom ein ynskjer at folk skal bu der og halda  kulturlandskapet  i hevd, sa fruktbonde Harald Opedal.
Meir enn 250 personar hadde funne vegen til Lofthus ein vêrrik januarkveld for å gje kommunalministeren råd når den raudgrøne regjeringa skal forma ut ein ny regionalpolitikk. Ein begeistra kommunalminister kunne informera at det ikkje på noko møte hadde møtt fram så mange og engasjerte menneske som her i Hardanger.

Røter
Røtene er sterke i Hardanger, kunne Kjetil Sørlie frå Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR) informera dei frammøtte. Om lag 40 prosent av dei som vel å flytta tilbake til Hardanger gjer det på grunn av at dei har røter til regionen. Det er ikkje betre vegar og tilbod om arbeid som er viktigast når flyttevalet blir gjort.

Sørlie understreka dette med å fortelja at når dei same personane som har flytta til regionen har budd i lokalsamfunnet i 7 år er kvaliteten med staden og miljøet blant dei viktigaste grunnane til at dei  vel å halda fram som harding.

Berre 9 prosent av denne gruppa seier at dei angrar på flyttevalet. Det  tyder på at når ein flyttar ut av sentrale strok er det ei gjennomtenkt og medviten handling.

Landbruket
Landbruket har vore i tilbakegang i bygde-noreg, men det spelar ei langt større rolle for det totale busetjingsmønsteret enn me er klar over. Den siste tida har mange avvikla bruka sine. Ein trend som må stoggast. Landbruket har ikkje den samme rolla som tidlegare i bygdene våre, men det er grunnfjellet for busetjingar, og i Hardanger er den langt på veg den næringa som har bygd opp merkevara, meinte fruktdyrkar Arne Lofthus.

Viss landbrukssubsidiane skal vera ein stimulans for busetjinga på Lofthus og andre bygder, er det eit paradoks at 80 prosent av overføringane går til 20 prosent av bøndene, og dei finn du ikkje mange av der.

Tilleggsnæringar
Me brenn for å utvikla gardane og bygdene våre. Men bygdene kan ikkje berre leve av dei tradisjonelle næringane på garden,  meinte Harald Opedal.

– Diverre rår me ikkje over ressursane garden sit på som kunne vore avgjerande viktig når me må kompensera for manglande økonomi i den tradisjonelle næringa.

Opedal hevda at kulturlandskapet er ein utruleg og viktig ressurs. Den ressursen har bøndene i Hardanger forvalta på ein framifrå måte i generasjonar.

Men får me bruka han slik me sjølv ynskjer no, spurde den unge bonden og svara sjølv: Folkevalde og byråkratiet i byane er i ferd med å gjera regionar som Hardanger til museum. Å få utvikla ressursane våre er avgjerande skal kulturlandskapet slik me kjenner det  haldast ved like. Å produsera rullepølsa og visa fram bunader er ikkje nok for å utvikla Hardanger.

Vinterutfordring
I Hardanger er det vinteren som er utfordringa, ikkje sommaren. Skal nye generasjonar finna bygda interessant må gode møteplassar og begeistring skapast. Derfor er det viktig at eldsjelene går saman og finn kreative løysingar som gjer kafeen og trimstova drivverdige.

Det er klart at nye generasjonar ynskjer dei same tilboda som ein har i sentrale strok, sa Opedal, som sjølv har stått i bresjen for triveselskapande tiltak på Lofthus

Å ha skoen på
Men det er ikkje lett å vera engasjert når dei som skal hjelpa gründaren drep planane. Dei passar ikkje inn i strategiane eller skjemaa. Å halda seg borte frå Innovasjon Noreg når ein ville skapa noko kunne i det minste ført til at dei ikkje drap idegnisten lokalt, meinte Opedal.

Og han fekk støtte frå fleire.  Helga Byrkjeland frå Nøring ans peika på at mangelen på kunnskap om å starta opp ei verksemd er skremmande liten hos dei gründeren skal ha kontakt med. Ikkje minst kor mange krav og pålegg som blir stilt, uansett om bedrifta til har to eller hundre tilsette.  Krava er dei same.

Det er først når ein prøver seg som næringsetablerar at ein får innsikt i kva styresmaktene krev av ein.  Kvar etat kjenner berre sitt skjema og kva for kollone som skal fyllast ut, sa Byrkjeland.

Staten støvsuger
Regionen har fått tilført statlege arbeidsplassar gjennom Statens Kartverk til Kinsarvik. Men kva er det me nå  ser. Den same staten støvsuger regionen for tilsette gjennom sentralisering av statlege etatar, hevda Sp-politikar Olav H. Opedal.

Og han ramsa opp ei rad offentlege kontor som er rasjonalisert og sentralisert.  Politiet, Nav, Mattilsynet, Likningskontoret, Arbeidstilsynet osv osv. Viktige kompetansearbeidsplassar som no forsvinn frå kommunane og blir samla i sentral strok.

Viktige arbeidsplassar som kommunane våre ikkje har råd til å miste. Kor blir det av den vidare utflyttinga av arbeidsplassar, spurte Opedal.

Manglar samarbeid
Hardangerkommunane har etablert ungdomsråd i alle kommunane, og Alexander Røynstrand frå Granvin ungdomsråd hadde merka seg at dei folkevalde i regionen snakka mykje om å samarbeida meir på tvers av kommunegrensene.

– Men det er mest prat og lite handling. De lyt skjerpa dykk, sa Røynstrand, med klar adresse til dei mange leiande folkevalde som sat i salen.

Trolldom
Kommunal- og regionalminister Kleppa var komen for å lytta, ikkje for å gje svar. Ho lova ikkje mykje, men meinte det var kome mange og gode innspel som ville vise att når meldinga var klar. Ho peikte på at  dei unge sitt engasjement i regionen var noko  ho spesielt hadde merka seg.

Og meldinga skal  bli meir konkret, kvitterte ministeren.

Men trylla kunne ho ikkje, lova ho dei frammøtte.

-Eg forstår mange av dei problemstillingane som er komne fram om større råderett over eigen areal, bruk eller vern.  Det er ein viktig debatt og eg tar med meg innspela som er komne, lova ho.

Nynorsk + minoritetsspråk = bra

0

Homlia skole har erfart at minoritetsspråklege elevar er ein ressurs for nynorskundervisninga.

Det som kjenneteiknar minoritetsspråklege elevar er at dei er svært språkleg kompetente og bevisste, og er motiverte for å lære fleire språk. I tillegg har dei færre kulturelle fordommar generelt og spesielt mindre innlærte fordommar mot nynorsken. Det fortel lærar Pål Wiik ved Holmlia skole, ein Oslo-skole der 70 prosent av elevane er minoritetsspråklege.

– Desse barna og ungdommane vekslar mellom å snakke norsk og morsmålet sitt, utan å blande dei. Ofte beherskar dei fleire framandspråk i tillegg til norsk.

Wiik meiner skulen må nytte seg av at desse elevane er språkmektige. For nynorsken sin del bør det og slå positivt ut at desse elevane ikkje har fått dei same haldningane til språket med seg heime frå og frå samfunnet elles, meiner han.

Holmlia skole har jobba med prosjektet Sidemålsløftet sidan 2005 og har gode erfaringar med nynorskundervisning i skuleklassar kor den språklege variasjonen er stor.

Testar som blei gjort av åttandeklassingane på Holmlia i 2007 viste at minoritetsspråklege elevar skåra nesten like bra som dei andre elevane på nynorsktestar.

Nynorsk i riksavisene

0

Debatten om riksavisene bør opne opp for nynorsk som redaksjonelt språk held fram. Til helga vert det debatt på Litteraturhuset i Oslo.
I Dagens Næringsliv tok medlem i Språkrådet, Tor Fuglevik, den 15.01 til ordet for at aviser som ikkje tillet journalistane å skrive nynorsk burde miste pressestøtta, inkludert momsfritaket. Det utspelet fekk debatten om nynorsk i riksavisene til å blomstre opp igjen.

– Det er vanskeleg å skjøne at riksavisene kan innkassere fleire millionar kroner i året samstundes som dei utestengjer eit av skriftspråka våre. Dersom staten ikkje tvingar riksavisene til å oppheve nynorskforbodet, kjem diskrimineringa til å halde fram, og målet om reell språkleg jamstelling vil mislukkast, skriv Bjarne Bjørnevik i ein kommentar i Sunnmørsposten.

Dette vert også tema til debatt på Mediemållaget sitt årsmøte i helga. Laurdag 7. februar ynskjer Mediemållaget velkomen til debatt om nynorsk, momsfritak og redaksjonell fridom i Litteraturhuset i Oslo. Der blant anna Tor Fuglevik, styremedlem i Språkrådet, og Elin Floberghagen, leiar for Norsk Journalistlag stiller til debatt. Debattleiar er Guri Kulås.

Rv 13 – ei litteraturrute

0

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. No vert det oppstartkonferanse om Diktarvegen.

Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet. Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen. Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet og LNK har teke jobben med å samordne prosessen. Prosjektet har no søkt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling) om 450.000 kroner til å arrangere oppstartkonferansen som går av stabelen i Ulvik i april og til å etablere eit felles litteraturnettverk på nett for forfattarane.

I følgje søknaden til ABM – utvikling ynskjer prosjektet å gi forfattarane høgare status gjennom spreiing av kunnskap om livsverka deira, gi Rv 13 eit meir spanande innhald og ikkje minst å gi skrivande ungdom inspirasjon frå ”dei gamle heltane”.

Samarbeid er viktig

– For eit litteratursenter i emning er det sjølvsagt av stor verdi å verta med i eit slikt
samarbeidsprosjekt. Det er lettare å nå ut med bodskapen når ein samarbeider om tiltak. Dessutan skapar det eit større fagleg miljø, noko som er naudsynt for dei som arbeider ved små institusjonar, seier styreleiar i Haugestiftinga i Ulvik, Torunn Hovland Ljone og legg vekt på at små drypp av prosa og poesi langs vegen vil skapa interesse for, og aktivitet rundt forfattarane.

Ho meiner også desse opplevingane vil freiste fleire til å ta turne langs Rv 13, noko som igjen kan føre til oppgradering av standarden på vegen og kanskje at større deler av vegen får turistvegstatus.

For prosjektet Diktarvegen handlar om meir enn litteratur. Tre fylkeskommunar og dei 16 kommunane langs Rv 13 har etablert selskapet IS Fjordvegen som arbeider for å gi riksvegen status som ein indre stamveg. Samstundes har 16 strekningar i Noreg fått status som nasjonale turistvegar. Tre av desse er langs Rv 13. Både turistvegen og Fjordvegen er teken med i samarbeidsprosjektet.

Konkret håpar prosjektleiinga fleire tiltak kan bli sett ut i livet, som til dømes: synleggjere forfattarane langs vegen, gjere dei synlege på dei seks ferjene og på rasteplassar langs ruta, samarbeide om kulturhendingar, ta i bruk lyddusjar og GPS – navigering fram mot dei ulike tuna og husa, utvikle nettportalar, bøker og fysiske utstillingar.

Skal legge rammene

På oppstarkonferansen i Ulvik i midten av april kjem innleiarar som kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Knut Vareide frå Telemarksforskning, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Jørn Lekve frå Sparebanken Vest, Arve Tokvam frå Nynorske Litteraturdagar og forfattar Edmund Austigard. Målet er å konkretisere innhaldet i prosjektet og rammene for det vidare arbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet vert leia av Arne Kleppa frå IS Fjordvegen, med seg har han: dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Løland–markeringa, Marny Skeie Henkel, Mona H. Hellesnes frå Ulvik Herad og Margrete Reisæter frå Jakob Sande – selskapet.

Fjørtoft vert kulturminne

0

Programvert og nynorskbrukar Ragnhild Sælthun Fjørtoft vert no heidra som kulturminne etter snart 40 år i NRK.

Les meir her.

Rv 13 – ei litteraturrute

0

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. No vert det oppstartkonferanse om Diktarvegen.

Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet. Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen. Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet og LNK har teke jobben med å samordne prosessen. Prosjektet har no søkt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling) om 450.000 kroner til å arrangere oppstartkonferansen som går av stabelen i Ulvik i april og til å etablere eit felles litteraturnettverk på nett for forfattarane.

I følgje søknaden til ABM – utvikling ynskjer prosjektet å gi forfattarane høgare status gjennom spreiing av kunnskap om livsverka deira, gi Rv 13 eit meir spanande innhald og ikkje minst å gi skrivande ungdom inspirasjon frå ”dei gamle heltane”.

Samarbeid er viktig
– For eit litteratursenter i emning er det sjølvsagt av stor verdi å verta med i eit slikt
samarbeidsprosjekt. Det er lettare å nå ut med bodskapen når ein samarbeider om tiltak. Dessutan skapar det eit større fagleg miljø, noko som er naudsynt for dei som arbeider ved små institusjonar, seier styreleiar i Haugestiftinga i Ulvik, Torunn Hovland Ljone og legg vekt på at små drypp av prosa og poesi langs vegen vil skapa interesse for, og aktivitet rundt forfattarane.

Ho meiner også desse opplevingane vil freiste fleire til å ta turne langs Rv 13, noko som igjen kan føre til oppgradering av standarden på vegen og kanskje at større deler av vegen får turistvegstatus.

For prosjektet Diktarvegen handlar om meir enn litteratur. Tre fylkeskommunar og dei 16 kommunane langs Rv 13 har etablert selskapet IS Fjordvegen som arbeider for å gi riksvegen status som ein indre stamveg. Samstundes har 16 strekningar i Noreg fått status som nasjonale turistvegar. Tre av desse er langs Rv 13. Både turistvegen og Fjordvegen er teken med i samarbeidsprosjektet.

Konkret håpar prosjektleiinga fleire tiltak kan bli sett ut i livet, som til dømes: synleggjere forfattarane langs vegen, gjere dei synlege på dei seks ferjene og på rasteplassar langs ruta, samarbeide om kulturhendingar, ta i bruk lyddusjar og GPS – navigering fram mot dei ulike tuna og husa, utvikle nettportalar, bøker og fysiske utstillingar.

Skal legge rammene
På oppstarkonferansen i Ulvik i midten av april kjem innleiarar som kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Knut Vareide frå Telemarksforskning, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Jørn Lekve frå Sparebanken Vest, Arve Tokvam frå Nynorske Litteraturdagar og forfattar Edmund Austigard. Målet er å konkretisere innhaldet i prosjektet og rammene for det vidare arbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet vert leia av Arne Kleppa frå IS Fjordvegen, med seg har han: dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Løland –markeringa, Marny Skeie Henkel, Mona H. Hellesnes frå Ulvik Herad og Margrete Reisæter frå Jakob Sande – selskapet.

Radøy – Ein seksstjerners kommune

0

I 2007 sette Radøy kommune i Hordaland seg som mål å bli mellom dei beste i landet på nett. I 2008 fekk dei seks stjerner for dei nye nettsidene sine.

– Vi rykka rett opp i elitedivisjonen med ein gong, seier ein svært nøgd ordførar i Radøy kommune, Jon Askeland (Sp), om resultatet frå Kvalitet 2008. Kommunen fekk eit gjennomsnittleg resultat på 80 poeng, og vart nest best i Hordaland, berre slått av Fjell kommune.

– Vi har ambisjonar om å vere ein moderne kommune som er tilgjengeleg 24 timar i døgeret. Nettsida vår skal vere levande og sørvistorget vårt jobbar med å leggje ut stoff der kvar dag.

Arbeidsveke
Det gode resultatet har ikkje kome av seg sjølv, men er eit resultat av eit målretta prosjektarbeid som kommunen sette i gong i 2007. Ein prosjektleiar vart tilsett, kommunen sette av midlar til den nye heimesida og prosjektorganisasjonen som skulle jobbe fram nye løysingar fekk ei brei samansetjing.

Ein periode var to skulelevar i arbeidsveka i sving med å oppdatere den meir grunnleggjande informasjonen på nettsidene. Sørvistorget har heller ikkje jobben med å halde sida levande åleine. Dei har derimot ansvar for å syte for at alle etatar, også ordføraren, leverer stoff som kan publiserast. Kommunen jobbar ut frå ei målsetjing om at det er betre med mange saker med lite tekst, enn få og lange saker.

– Heimesida vår skal vere så à jour som råd er, seier Askeland.

Møte på nett
I dag har nettsidene til Radøy mellom 200 og 300 brukarar dagleg. I tillegg opplever dei at lokalavisene i regionen er flittige brukarar av nettstaden.

– Når vi legg ut ei nyheit så ser vi ofte at den dukkar opp på avisene sine nettsider same dag eller i papiravisa seinare.

Trass i det gode resultatet, i Radøy er dei ikkje klåre for å kvile på laurbæra riktig enno.

– Vi ser framleis  for oss fleire mulegheiter for utviding av tilbodet, seier ordføraren. – Kommunestyremøta sendt live via nettsidene og fleire brukarar innom dagleg, det er noko av det vi jobbar mot i nær framtid.

Les også: – Må bli betre på nett

– Må bli betre på nett

0

Neste tjue prosent av norske kommunar har nettsider som berre får ei og to stjerner i kvalitetsvurderinga Kvalitet 2008. Kommunenes sentralforbund (KS) meiner målet må vere at kommunane skal ha eit seksstjernes tilbod innan 2010.

– Alle kommunar og fylkeskommunar bør kunne tilby elektronisk sjølvbetening til brukarane sine og vere fullgode e-kommunar innan 2010, fortel Svein Erik Wilthil i KS. – Det er ikkje eit mål vi kan setje på vegner av kommunane, men vi kan oppfordre alle kommunar til å gjere det.

Kvalitetsvurderinga som Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) utfører kvart år måler kor gode offentlege nettstader er på brukartilpassing, tilgjengelegheit og nyttig innhald. Resultatet blir målt i form av stjerner, kor ei stjerne er dårlegast og seks er best. I Kvalitet 2008 fekk 12 kommunar ei stjerne og 73 fekk to stjerner. Berre 16 kommunar fekk seks stjerner.

Lovpålagt frå 2011
Wilthil i KS ser at det kan verke noko urealistisk at alle kommunane skal kome opp på eit seksstjerners nivå i løpet av eit år, men meiner samsundes at det er rimeleg at brukarane skal ha så høge forventningar til kommunen sin. Snart blir det nemleg eit krav til alle offentlege nettstader at dei skal tilfredsstille alle kriteria i kvalitetsvurderinga.
Ifølgje diskriminerings og tilgjengelegheitslova frå 2008 skal alle ”nye IKT-løsninger som underbygger virksomhetens alminnelige funksjoner, og som er hovedløsninger rettet mot eller stillet til rådighet for allmennheten”, ha universell utforming innan 1. juli 2011.

Iks er løysinga
– Utordringa for mange små kommunar i Noreg er at dei ikkje har nok kompetanse og ressursar til å halde dei nettsidene de ønskjer å tilby brukarane.  For slike kommunar er interkommunalt samarbeid ei god løysing, meiner Wilthil.

KS har òg eige opplegg dei tilbyr kommunar som ønskjer å bli betre på nett. Gjennom strategiplanen eKommune 2012, eit eige IKT-forum og Tenester på nett har interesseorganisasjonen tilbod som kan hjelpe kommunane å auke den digitale kompetansen sin og dra nytte av informasjons- og erfaringsutveksling.

Ikkje berre svart
Wilthil meiner det ikkje er grunn til å svartmåle IKT-situasjonen fullstendig, trass i det dårlege resultatet frå Kvalitet 2008.

– Samanlikna med mange land det er naturleg å samanlikne seg med, er vi i verdstoppen når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Utfordringa no framover blir å hjelpe dei små kommunane og løfte dei på botnsjiktet opp på eit akseptabelt nivå.

FAKTA: KVALITET 2008
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) vurderer 700 offentlege nettstader ut frå kriteria:
•    brukartilpassing
•    tilgjengelegheit
•    nyttig innhald
Norske kommunar fekk gjennomsnittleg skår på 54 prosent i fjor, noko som svarar til tre stjerner av seks mulege.
Kvalitetskriteria og resultata for alle kommunane er tilgjengelege på nettstaden Noreg.no/kvalitet

Nynorsk ikkje noka sak i Oslo-aviser

0

I Aftenposten og VG bed ikkje journalistane om å få skrive nynorsk, seier klubbleiarane i dei to avisene.
Ifølgje Bt.no er ikkje nynorsk ei sak i dei to store avisene. Klubbleiar i Aftenposten, Gunnar Kagge, seier det heller ikkje er opp til journalistane å leggje seg opp i det redaktøren bestemmer. Praksisen med nynorskforbod finn ein også i aviser som Dagbladet og Dagens Næringsliv.

I Bergens Tidende er det derimot fritt fram for journalistar som ønskjer å bruke nynorsk.

Sender brev
Språkrådet sendte førre veka eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet kor dei gav uttrykk for at praksisen mange aviser har med ikkje å tillate nynorsk som redaksjonsspråk er uheldig. Rådets leiar, Sylfest Lomheim, har tidlegare uttalt at det å nekte journalistane å bruke nynorsk er språkleg diskriminering og ein umoderne praksis. Språkrådet vel likevel ikkje å tilrå økonomiske sanksjonar overfor avisene, slik rådets styremedlem Tor Fuglevik tidlegare har tatt til orde for.