Heim Blogg Side 366

Meiner media gløymer Distrikts-Noreg

0

Nesten fire av ti meiner at media bryr seg for lite om det som skjer i Distrikts-Noreg. Berre 13 prosent er usamd i påstanden.
Blant folk busett på bygdene meiner halvparten at media bryr seg for lite om det som skjer i distrikta. I Finnmark er mediemisnøya aller størst, der meiner seks av ti at media dekkjer distrikta for dårleg, viser ei undersøking Sentio har utført for Nationen. (NPK)

Ny Open Office på norsk

0

Open Office.org 3 er no tilgjengeleg på norsk. Denne siste versjonen er tilgjengeleg på nynorsk for både Windows og Linux.

Open Office er basert på open kjeldekode og er eit gratis-alternativ til Microsoft si programvare Office.

Går over til bokmål

0

Notodden kommunestyre har vedteke at skulen på Rygi i Heddal og i Gransherad skal ha bokmål som målform. Kommunestyret følgjer dermed den rådgjevande folkerøystinga som har vore på førehand, melder avisa Varden.

Stemmetalet for dei to skulane fordelte seg på 34 – 6 for Rygi og 30 – 10 for Gransherad, skriv avisa i papirutgåva i dag.

Ein av fem elevar sluttar undervegs

0

Nesten kvar femte elev som starta på vidaregåande opplæring hausten 2002 slutta før utdanninga var ferdig. Flest fell frå i mekaniske fag og trearbeidsfag.

57 prosent av elevane som byrja på grunnkurs i vidaregåande opplæring hausten 2002, oppnådde studie- eller yrkeskompetanse på normert tid, målt fem år etter at dei starta. 18 prosent av elevane/lærlingane slutta undervegs i utdanningsløpet. Dette er tilnærma likt resultat som for dei tidlegare elevkulla, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

12 prosent av elevane/lærlingane fullførte på meir enn normert tid og 7 prosent var framleis i vidaregåande opplæring per 1. oktober 2007. 7 prosent gjennomførte heile utdanningsløpet, men oppnådde ikkje nokon formell kompetanse.

Forskjell på studieretningane
Det er stor forskjell på gjennomføringsgraden på dei ulike studieretningane.

Av dei allmennfaglege studieretningane oppnådde fleire enn åtte av ti elevar på musikk, dans og drama studiekompetanse på normert tid, og nesten ni av ti oppnådde denne kompetansen innan fem år.

Berre 3 prosent slutta undervegs i utdanningsløpet. Av dei yrkesfaglege studieretningane kom media og kommunikasjon best ut.

Tre av fire fullførte på normert tid og ytterlegare 7 prosent fleire oppnådde vitnemål eller fag/svennebrev, målt fem år etter at dei starta på grunnkurset. 6 prosent slutta utan å gjennomføre utdanninga.

Til samanlikning slutta fire av ti elevar på studieretningane mekaniske fag og trearbeidsfag undervegs i utdanningsløpet. I dette biletet må vi ha med oss at normert studietid for allmennfag er tre år og for yrkesfag normalt fire år.

Større fråfall blant innvandrarar
Nesten ein av tre av innvandrarane (utanlandsfødde med to utanlandsfødde foreldre) som starta på grunnkurs i vidaregåande opplæring i 2002, slutta undervegs i opplæringsløpet. Vel halvparten av desse elevane/lærlingane oppnådde studie- eller yrkeskompetanse innan fem år.

Når det gjeld norskfødde med innvandrarforeldre er situasjonen meir lik gjennomsnittet for heile elevmassen. To av tre oppnådde ein formell kompetanse, målt fem år etter at dei starta på grunnkurs i vidaregåande i 2002, mot 69 prosent av heile elevmassen.

Ein av ti har gjennomført VK2 eller gått opp til fagprøve, men ikkje bestått alle fag, medan 20 prosent har slutta undervegs. (©NPK)

KS vil ha garanti frå regjeringa

0

Kommuneorganisasjonen KS krev innskotsgaranti frå regjeringa for å hindre kommunane frå å tape pengar på finanskrisa.
KS fryktar at den økonomiske nedturen kan truge lokale velferdstilbod som barnehagar og sjukeheimar, skriv Aftenposten.

Administrerande direktør Olav Ullern seier til avisa at han trur tiltaka frå myndigheitene vil lette situasjonen noko, men at situasjonen for norske kommunar ikkje er vesentleg endra.

KS ønskjer å oppheve garantigrensa for innskot på 2 millionar kroner, sidan ikkje berre privatpersonar, men også kommunar no er nervøse for innskota i norske bankar.

Kommunane har til saman 57 milliardar kroner i aksjar og grunnfondsbevis og 59 milliardar kroner i bankinnskot, medan den totale lånegjelda for norske kommunar er på om lag 270 milliardar kroner. (©NPK)

For lite å gjere på kommunestyremøta

0

Lokalpolitikarane i Eigersund får færre og færre saker å handsame. Derfor har ordføraren avlyst ein tredel av kommunestyremøta.
Det er 60 prosent færre saker på dagsorden i år enn i fjor. Og både i februar og no i oktober er kommunestyremøte blitt avlyst. Ordførar Terje Jørgensen jr. meiner det ikkje er noe dramatikk i det.

– Vi har sett opp ganske godt med møte. Då vi såg saksmengda og type saker kalla vi saman gruppeleiarane, og konkluderte med at dei sakene kunne vi utsette til neste møte. Då sparer vi kommunestyret for 70.000 kroner, seier Jørgensen til NRK Rogaland.

Stortingspolitikar Gunnar Kvassheim frå Eigersund meiner kommunestyret brenn moglegheita til grundig debatt om framtidsvisjonar ved å avlyse møta.

Han saknar at den politiske leiinga i norske kommunar tek tak i dei store sakene, i staden for å avlyse lokaldemokratiet grunna mangel på småsaker.

– Dersom ein kjem i den situasjonen at det er få ordinære saker til kommunestyremøtet, så er det eit god høve til å heve blikket og sjå ting i samanheng. Det å bruke denne arenaen til å byggje politikk utover den enkelte saka. Det er noko eg etterlyser i mange kommunestyrer, seier Kvassheim. (©NPK)

Dialektprisen til Linda Eide

0

Journalist Linda Eide har fått Dialektprisen for 2008. Prisen vert delt ut årleg til offentlege personar som utmerkar seg ved å bruke dialekta si.

Under utedelinga av prisen la prisutdelar Jens Kihl i Norsk målungdom vekt på at Eide er eit førebilde for ungdommen og at ho, gjennom måten ho bruker dialekta og nynorsken på, syner at ho er eit menneske med høg integritet.

Les heile pressemeldinga her.

Ikkje fornøgde med universitetet

0

I Språkrådet er dei ikkje imponerte over Universitetet i Oslo. Berre 0,3 prosent av småskriv ved universitetet er på nynorsk.
Som eit statleg organ er UiO pålagd å følgje mållova som krev minst 25 prosent nynorsk. Og rett nok har universitetet ein mykje betre nynorskprosent når ein ser på lenger tekstar, der er dei oppe i 26,1 prosent. Men Språkrådet er ikkje nøgd:

– Dei språklege prioriteringane til dei offentlege organa er heilt forkastelege, seier Jon Grepstad, informasjonsrådgjevar i Språkrådet til studentavisa Universitas.

Grepstad meiner UiO framleis er alt for dårlege.

UiO innrømmer at dei ikkje gjer ein god nok jobb med nynorsken og seier det er vanskeleg å få tilsette til å skrive på nynorsk.

Skal spare pengar på gatelys

0

Kommunane Stranda, Tingvoll og Ulstein skal prøve ut ein ny teknologi for gatelys. Lysarmatur med ulik lysstyrke til ulike tider på døgeret skal hjelpe kommunane å spare inntil 50 prosent av straumutgiftene frå gatelys.

Stranda kommune har betalt 900 000 for denne lysarmaturen, melder NRK Møre og Romsdal. Kommunen reknar med å spare inn pengane i løpet av 12 til 15 år.

Illustrasjonsbilde: Stockxhange.

Nynorsk redaktørpris til NPK og NTB

0

Redaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor (NPK) og sjefredaktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå (NTB) er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2008. Dei får prisen for samarbeidet mellom dei to byrå.

– Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk. Det gir styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, som deler ut prisen.

Føremålet med Nynorsk redaktørpris er å heidra redaktørar som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk.

Arne Sigurd Haugen og Pål Bjerketvedt får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB, som tok til å gjelda frå 1. januar 2007, og det vidare utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen.

I grunngjevinga heiter det mellom anna at dei to byråa i lag utviklar føresetnadene for å oppretthalda eit godt nasjonalt byråtilbod på nynorsk. (©NPK)

To av tre Soria Moria-løfte ikkje innfridd

0

Regjeringa har langt igjen før dei har innfridd løfte på viktige område som barnehage, skule, forsking og samferdsel.

I statsbudsjettet for 2009 er regjeringa rett nok nær ved å innfri eit knippe tunge Soria Moria-løfte, men det er framleis langt igjen før dei har innfridd alle, skriv Adresseavisen.

Ei oppteljing avisa har gjort, viser at regjeringa ikkje har innfridd to av tre løfte i Soria Moria-erklæringa. Helse er den einaste kategorien i oversikta der alle løfta er innfridde.

Sjølv om regjeringa skryt av ei historisk satsing på samferdsel, har den totale delen til denne budsjettposten berre auka med 0,1 prosentpoeng frå det siste året Bondevik sat i regjering, skriv avisa.

Løftet om fleire lærarar i skulen er ein av grunnpilarane i Soria Moria-erklæringa. Men status viser at talet på lærarar i grunn- og vidaregåande skule er redusert. Regjeringa bommar også på måla om full barnehagedekning og redusert makspris, sjølv om dei har brukt mykje pengar på dette. Heller ikkje løftet om å forlengje foreldrepermisjonen med fem veke er innfridd. (NPK)

Jamnar ut forskjellane i helse-Noreg

0

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen vil jamne ut forskjellane mellom helseføretaka på statsbudsjettet for dei to neste åra.

Regjeringa vil nemleg gi meir pengar til helseføretaka i Nord-Noreg, Midt-Noreg og Vestlandet, slik at dei kjem på nivå med Sør- og Austlandet. I praksis har desse tre hatt dårlegare helsetilbod på fleire felt enn Helse sør-aust, skriv NRK.

No får dei tre omsider same berekningsnøkkel som ein lenge har hatt på Sør- og Austlandet.

– Dersom dette er rett, er det veldig hyggjeleg at regjeringa har tenkt å rette opp skeivfordelinga over dei komande to år. Det er vi svært glade for, seier styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen.

Ut frå opplysningar NRK viser til, kan Helse Vest vente seg rundt 200 millionar over statsbudsjettet i 2009 og 2010. (NPK)