Heim Blogg Side 365

Ny nettbutikk med nynorske bøker

0

Fornyingsminister Heidi Grande Røys var snorklyppar då nettbutikken Bokdykk.no offisielt opna i går.

Bokdykk.no er ein rein nettbokhandel med særleg fokus på nynorske og regionale utgjveingar. Bokdykk.no er blitt til gjennom eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og tidlegare bokhandlar i Libriskjeda, Trond Økland. Butikken har kontorplass i Førde.

Etablerer nasjonalt senter for skriving

0

Eit nytt nasjonalt senter for skriving skal leggjast til Høgskolen i Sør-Trøndelag, melder Kunnskapsdepartementet. Senteret skal vere eit ressurssenter for skriveopplæring frå barnehage til vaksen opplæring og utdanning.

Det var i samband med stortingsmeldinga om språkopplæring, som vart lagt fram i vår, at forslaget om eit slik ressurssenter kom opp.

– God skrivekunnskap er ein viktig føresetnad for å lukkast i utdanning og arbeid, men vi veit mindre om dette området enn om lesing. Derfor er eg glad for å kunne seie at eit nytt nasjonalt senter for skriving skal liggje ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, seier Tora Aasland, statsråd for høyere utdanning og forskning i ei pressemelding.

Det er per i dag ikkje klart kva mandat dette senteret vil få.

Ber fylkestinget boikotte forlag som bryt lova

0

Jan Magne Dahle (SV) har i ein interpellasjon til Møre og Romsdal fylkesting bede fylkestinget fatte vedtak om at dei ikkje lenger vil handle med forlag som bryt opplærinsglova.

Dahle peiker på at det sidan 1974 har vore eit lovfesta krav for vidaregåande opplæring at alle lærebøker i andre fag enn norsk skulle ligge føre på begge målformer til same tid og til same pris. Å følgje opp denne lova er eit ansvar som ligg til både Stortinget, forlaga og statlege mynde, men spesielt kviler dette ansvaret på skuleeigarane. Dahle føreslår at fylkestinget vedtar at dei ikkje lenger vil handle med forlag som bryt lova på dette området.

Fylkesorfdføraren seier i sitt svar at Møre og Romsdal fylkeskommune berre skal bruke lærebøker som ligg føre på båe målformer til same tid og pris, og at dei vil handle med forlag som kan tilby dette.

Jan Magne Dahle (SV) sit i fylkestinget i Møre og Romsdal og er styreleiar i LNK.

Vil gi stipend til nynorsk-journalist

0

Mållaget i Kristiansand vil dele ut 60 000 i året i tre år i stipend til journalistar som vil skrive nynorsk.

I første rekkje er det studentar frå Agder som vil nyte godt av stipendet. Skulle det ikkje vere nok lokale søkarar, kan det opnast også for studentar frå andre kantar av landet. Ein student kan få inntil 10 000 i semesteret i tre år. Dette er ein av dei største studentatipenda i Noreg, melder Kristiansand mållag.

Bakgrunnen for stipendet er ifølgje mållaget at nynorsken har fått ei for svak stilling i media på Agder, og då spesielt i byavisene.

Søkjer nynorsk pilotkommune

0

Bergen kommune har gode erfaringar med å innføre papirlaust byråd. No etterlyser Microsoft ein nynorsk pilotkommune.

I september var det slutt på endelause papirhaugar for politikarane i Bergen kommune. Kommunen er nemleg den første som innfører papirlaus behandling av politiske saker. Politikarane har sin eigen datamaskin med program som er utvikla av Microsoft og Software Innovation, med maskinen er det også ein elektronisk penn og ein aktiv skjerm som fører til at politikarane kan skrive i margen og streke under i dokument.

– Nøkkelen er at dette er nært opp til korleis me arbeidde i papir. Me får dei same saksdokumenta og med vedlegg som me er vande til, seier finansbyråd i Bergen kommune, Christine Meyer.

I følgje nettstaden digi.no sparer Bergen kommune på dette 515.000 papirark og 350.000 kroner i året.

No startar arbeidet med å finne ein nynorsk pilotkommune til prosjektet.

– Me møter gjerne interesserte kommunar for å diskutere dette, seier Jon Slorer i Microsoft.

Nynorske songar til fireårsbok

0

Kvart år deler Den norske kyrkja ut ei såkalla fireårsbok til alle fireåringar. Boka kjem med ein cd kor alle songane frå boka er innspelte, og denne cd-en har til no berre vore på bokmål. No kjem den snart på nynorsk.

Neste veke går Stamnes barnekor frå Vaksdal kommune i studio for å syngje inn songane på nynorsk, fortel Avisa Hordaland i dag. Denne cd-en skal følgje nynorskversjonen av fireårsboka.

IKO-forlaget, som gir ut fireårsbøkene, seier til LNK.no at dei reknar med at cd-ane skal vere klare utpå vinteren.

Vil skape politisk engasjement

0

LNK vil saman med Nasjonalt Garborgsenter, Noregs Ungdomslag og LLA få fleire unge til å engasjere seg i politisk arbeid.

Dei ynskjer no å etablere pilotprosjektet «Mot til å meine» som skal få ungdommen politisk engasjert. Meininga er at dei tre kommunane Hjelmeland, Sauda og Time i Rogaland skal delta i prosjektet der både dei vidaregåande skulan, kommunane og lokalavisene vil bli involvert.

Det er Nasjonalt Garborgsenter på Bryne som skal stå for gjennomføringa av prosjektet som er ei grein i LLA sitt prosjekt: «Ung og engasjert». Det vert no arbeidd med å få finasiert prosjektet.

Med fokus på religion

0

Eit nytt prosjekt i regi av den kulturelle skulesekken skal setje søkelys på dei fire største verdsregionane. Prosjektet er utvikla i Sogn og Fjordane og er eit tilbod til alle skulane i landet.

Kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune har saman med Norsk Filminstitutt, Interkulturelt museum i Oslo, Flimmer Film, Kyber kommunikasjon AS og ABM-utvikling laga film, nettside og ein ressurskoffert til bruk i undervisninga. Heile prosjektet har fått namnet Møtepunkt mellom himmel og jord, og religionane som er i fokus er Islam, Buddhisme, hinduisme og krstendom.

Ungdommar med ulik religiøs bakgrunn fortel i filamen om religionen sin og ritualer og knytte til den. På nettsida www.himmeljord.no kan ungdom få delta i ulike interaktive opplevingar, medan ressurskofferten skal sendast til skular som ønskjer å setje opp si eiga utstilling om temaet verdsreligionar.

Det er i første rekkje ungdomsskule-elevar i Sogn og Fjordane som skal få nytte det fysiske materialet, men håpet er at dette også skal vere interessant for andre, fortel Margrethe Henden Aas ved Sogn og Fjordane fylkeskommune. Nettsida er naturlegvis open for alle.

Meiner innvandrarar må lære nynorsk

0

Ordførar i Vågå, Rune Øygarden, er lite fornøgd med at innvandrarar i kommunen hans får norskopplæring på bokmål og ikkje forstår Vågådialekta. No krev han eit betre opplæringstilbod slik at innvandrarane kan lære seg nynorsk.

Det bur omlag 70 innvandrarar i Opplands-kommunen Vågå, og Øygarden seier til NRK at det er eit integreringsproblem at ikkje innvandrarane skjønar dialekta eller kan lese nynorsk, som er administrasjons- og skulespråket i kommunen.

Fekk ikkje nynorsk – flytta til Stavanger

Agnieszka Augustyn (34) frå Polen fekk ikkje nynorskopplæring då ho kom til nynorskkommunen Ølen i Rogaland for tre år sidan. Det er ein av grunnane til at ho idag har flytta til Stavanger.

– Eg fekk berre tilbod om bokmålsundervisning då eg kom til Norge. Det er vanskeleg for dei av oss som bur og arbeider i nynorskområde som Ølen, seier Augustyn.

Agnieszka Augustyn har to døtre på 6 og 12 år. For Agnieszka vart det eit problem når dottera som gjekk på skule i Ølen fekk nynorskopplæring medan ho sjølv lærte bokmål.

– Det er lettare å lære seg bokmål, det er det språket dei fleste bruker og som me høyrer i radio og ser på TV. Men det blir vanskeleg å hjelpe barnet
med lekser, og forstå alle beskjedar frå skulen som er skrivne på nynorsk. For oss som skulle byrje å lære oss eit nytt språk, var det stor forskjell på nynorsk og bokmål, seier ho.

Pendla til Haugesund
– Når me prata saman på norsk forsto barna meg, men eg forsto ikkje kva dei sa, seier Agnieszka som i Ølen arbeidde som lærar i kulturskulen.

På grunn av språkproblema valde Agnieszka å sende dottera på Steinerskolen i Haugesund der ho fekk bokmålsundervisning. Dottera fekk tilbod om å få bokmål som hovudmål på skulen i Ølen, men Agnieszka meinte det ville bli for einsamt dersom ho skulle vere den einaste med bokmålsundervisning.

Språkproblemet er også ein stor del av grunnen for at familien no har flytta til bokmålskommunen Stavanger.

I dag arbeider Agnieszka som personalkonsulent og er letta over at yngstejenta i haust har byrja på ein bokmålsskule.

– Det vert lettare for meg å fylgje med når beskjedane frå skulen kjem på bokmål, seier ho.

Agnieszka er ikkje i tvil om at det er nynorsk materiell og bøker som er manglande i norskopplæringa for vaksne.

– Me burde fått bøker på nynorsk, eller anna materiell med informasjon om dei største forskjellane mellom nynorsk og bokmål, og kva reglar som styrer språka. Me burde få velje om me vil lære nynorsk eller bokmål.Eg skulle gjerne lært meg nynorsk då eg budde i Ølen, meiner ho.

For lite materiell
Rektor ved Ølen skule, Tor Kalleklev er også ansvarleg for norskopplæringa i Vindafjord kommune. Han er samd i at det tidlegare har vore mangel på nynorsk materiell, no har kommunen derimot gått til innkjøp av lærebøker frå Cyberbook som også tilbyr materiell på nynorsk.

– Men det er framleis for lite nynorsk materiell i vaksenopplæringa. Departementet burde absolutt hatt eit større påtrykk i forhold til forlaga som igjen bør føle på ansvaret, seier Kalleklev.

Så langt han kjenner til er det ingen forskrift som seier noko om språket i den ordinere norskopplæringa.

– Me gjorde nokre undersøkingar i vår om kva vedtak som er gjort over oss når det gjeld språket i opplæringa. Me fekk som svar frå fylkesmannen at det er målforma til den enkelte student som bestemmer språket.

Til no i haust er det berre ein elev i kommunen som har valt nynorsk som språk i norskopplæringa. Vindafjord kommune tilbyr norskundervisning, både på dagtid og som kveldskurs. I fjor deltok om lag 50 elevar på kveldskurset.

Kunnskapsdepartementet legg vekt på at det er den einskilde kommunen som har ansvaret for språkopplæringa i introduksjonsprogrammet for innvandrarar mellom 18 og 55 år. Introduksjonsprogrammet består mellom anna av opplæring i norsk og samfunnsfag og har eit omfang på minst 300 timar.

ABC vil starte nynorsk nettavis

0

ABC Startsiden vurderer no å starte nynorsk nettavis.

– Me ønskjer å forsterke nynorsken på internett. Dette er i tråd med ønskjer frå det offentlege. Men me er avhengig av å tena pengar på det, seier sjefredaktør Espen Udland i ABC Startsiden til Bergens Tidende.

Dei har tidlegare lansert nettavisa ABC Nyheter som no har 200.000 daglege brukarar. Dei har også ein eigen nynorskutgåve av startsiden.no. Startsida.no har diverre ikkje blitt den store suksessen, og har i dag berre 23.000 unike brukarar i veka.

– Det viktigaste her er at det blir ei nettavis med høg kvalitet, seier Udland om planane om nynorsk nettavis og legg vekt på at dei ennå er på det tidlege stadiet. Udland har no sendt ein førespurnad til Kulturdepartementet, der han ønskjer signal om det er interesse for prosjektet som også LNK er involvert i.

Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk Mediesenter i Førde er positiv til planane.

– At nynorsken kan få innpass som eit godt nyheitsspråk på nettet er viktig. Der er det dårlege tilstandar samanllikna med stoda i radio og fjernsyn, seier ho til Bergens Tidende.

Riksveg 13 kan bli diktarveg

0

Fem forfattarstiftingar ønskjer å utvikle ein diktarveg langs Rv. 13. Små drypp av kultur og litteratur langs indre kyststamveg skal pirre nysgjerrigheita til dei reisande.

– Tenk så bra om vi kunne fått folk til å undre seg langs heile Riksveg 13, seier dagleg leiar i Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel. Lølandstftinga er ein av initiativtakarane til diktarvegen og den av dei som allereie har prøvd ut nokre av ideane i praksis.

Dei har fått den lokale ferja smykka ut med sitat og bilde frå Rasmus Løland si verd og har tatt venterommet på ferjekaien i bruk til kulturarrangement.

Dette var ifølgje Skeie Henkel den spede byrjinga til det som no har blitt eit samarbeid mellom  Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-stiftinga, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-selskapet . Saman med I/S Fjordvegen og LNK  har desse søkt ABM-utvikling om midlar til å utvikle diktarvegen.  LNK si rolle i samarbeidet knyter seg til den nynorske profilen dette arbeidet vil ha.

Naturlege stoppestader

Ruta til diktarvegen vil gå frå Sandnes via Suldal i Rogaland, vidare til Hardanger, Voss og endar opp i Sunnfjord. Budsjettet er sett til 900 000 kroner.
Tanken er å bruke naturlege stoppestader langs Rv. 13 til å gjere diktarane tilgjengeleg for dei reisande. Ein tenkjer seg lyttedusjar på rasteplassane, bokkassar med utlånsbøker i venteromma på ferjekaiane, litteraturferjer og strategisk plasserte sitat og dikt. Mellom anna.

Veg-samarbeid

Dette arbeidet vil krevje samarbeid med etatar som ikkje jobbar med kultur til vanleg. Det har Lølandstiftinga allereie erfaring med.

– Vi har etablert eit samarbeid med Nasjonale Turistveger og Statens vegvesen i samband med litteraturferja her i Suldal og arrangement på venterommet. Det har fungert veldig bra, og vi jobbar no med å få til ei ordning med bokkassar kor folk kan leggje frå seg bøker dei ikkje treng meir slik at andre kan låne dei med seg.

– Vi vil at folk skal forstå at dei reiser langs Garborg-vegen når dei reiser frå Sandnes, langs Løland-vegen når dei er i Suldal, og så vidare, fortel Skeie Henkel.  – På denne måten håpar vi å få løfta desse fem forfattarane ut i eit vidare perspektiv.

Fakta – Diktarvegen:
Spenner over tre fylke og fem forfattarar:
Rogaland –  Arne Garborg i Sandnes og Rasmus Løland i Suldal
Hordaland – Olav H. Hauge i Hardanger og Per Sivle på Voss
Sogn og Fjordane –  Jakob Sande i Førde i Sunnfjord
Ytterlegare samarbeidspartar:  I/S Fjordvegen og LNK 
Har eit budsjett på 900 000. 450 000 er søkt i tilskot frå ABM-utvikling. Resten er tenkt finansiert ved fylkeskommunale tilskot og sponsormidlar