Heim Blogg Side 369

Tove Bakke festspeldiktar i 2009

0

Omsetjaren Tove Bakke blir festspeldirektør under Dei Nynorske Festspela 2009.
Ho er den første omsetjaren som får oppdraget som festspeldiktar, og det er første gongen ein festival heidrar omsetjarane med dette ærefulle vervet. Dei Nynorske Festspela 2009 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 24. juni til søndag 28. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena, heiter det i ei pressemelding frå Aasen – tunet.

Som omsetjar har Tove Bakke sin del av æra for at titusenvis av norske lesarar har kjøpt bøkene av Anna Gavalda. Ho omset no ein ny roman av Gavalda, som er planlagd for utgiving våren 2009. Blant andre forfattarar ho har omsett eller gjendikta, er Albert Camus, Astrid Lindgren og Federico García Lorca.

Bergenstest på nynorsk i oktober

0

Testen som skal dokumentere norskkunnskap på høgare nivå, også kalla Bergenstesten, blir tilgjengeleg på nynorsk frå 18. oktober.

Dermed har eit høglydt krav frå nynorskbrukarar omsider ført fram

Til no har innvandrarstudentar i høgare utdanning berre kunne dokumentere norskkunskapen sin gjennom bokmålstestar.

Les meir om saka hjå Noregs Mållag.

Tidlegare saker om same emne:

• Språktest til irritasjon
• Språktest skal kome på nynorsk

Rekordmange nye statsborgarskap

0

Nesten 15.000 fekk norsk statsborgarskap i 2007. Det er ny rekord.

Det førre rekordåret i 2005 var slått med 2.200 nye statsborgarskap, då 14.877 personar fekk innvilga sin søknad i 2007.

Det var flest irakiske og somaliske statsborgarar som fekk norsk statsborgarskap, med høvesvis 2.577 og 2.196 innvilga søknader. Dette kjem av at mange av dei no har budd sju år i Noreg, og dermed kan søkje norsk statsborgarskap, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Frå 1977-2007 har til saman 203.000 utanlandske statsborgarar fått norsk statsborgarskap. Over 140.000 av desse var personar som hadde tidlegare statsborgarskap utanfor Europa.

Statistikken frå SSB byggjer på opplysningar om statsborgarskap i folkeregisteret og kan derfor avvike noko frå tal som tidlegare er publisert frå Utlendingsdirektoratet. (NPK)

Vil ha nynorsk i Hallingdal

0

Hallingdal Unge Høgre vil styrke nynorsken i regionen. Dei vil ha nynorsk i grunnskulen i heile Hallingdal.

Bakgrunnen for resolusjonen er at dei meiner å sjå ei kunnskapskløft i den vidaregåande skulen, mellom dei som har hatt nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Det skal ifølgje formann Iselin Haugo vere stor skilnad på prestasjonane alt etter kva hovudmålform ein har hatt i grunnskulen, skriv Hallingdølen.

– Unge Høgre er ikkje mot nynorsk, slik enkelte trur. Me er snarare opptekne av at me må ta vare på språket vårt, og i Hallingdal bør det vere nynorsk, fortel partileiar Iselin Haugo til avisa.

Les meir her.

«Tropa de Elite» med nynorsk tekst

0

Den brasilianske filmen «Tropa de Elite» er den første kinofilmen på 23 år med nynorsk tekst. Filmen har premiere 26. september.

Filmen har premiere i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø, Fredrikstad og Kristiansand. Filmen vert distribuert av Euforia Film i Noreg.

– Aldri meir billig straum

0

Den låge straumprisen frå i sommar kjem aldri tilbake, meiner kraftanalytikar.

I sommar kopla Statnett straumnettet i Noreg og Nederland saman ved hjelp av NorNed-kabelen. Kabelen kan forsyne halve Oslo med straum. I tillegg kan Noreg importere straum til Danmark, Sverige, Finland og Russland. Fleire prosjekt er i planleggingsfasen.

– Sannsynet for låge straumprisar blir berre mindre og mindre når ein kan eksportere meir, seier kraftanalytikar Roger Lie i Hafslund til NA24.

Han forklarar at fleire kablar ut til område med høgare prisnivå vil gi generelt høgare prisnivå i Noreg.

Tilkoplinga til Kontinentet gjer straumforsyninga i Noreg mykje sikrare, men samtidig må ein leve med høgare pris, meiner Lie.

– Vi trur sjølvsagt at ein vil ta til seg prisane i dei marknadene ein bind seg opp mot. Prisskilnadene i Europa vil trekkje norske prisar oppover, og ein vil få ein meir samordna pris i Europa, samtykkjer marknadssjef i energianalyseselskapet Nena, Bjarne Gilhuus-Moe. (NPK)

– Fylka må ta ein del av skulda

0

Norsk Målungdom meiner fylkeskommunane må ta ein del av skulda for at elevar ved vidaregåande skular ikkje får nynorskbøker tidsnok.
Før helga vart det kjent at Møre og Romsdal ikkje bestilte bøkene før to dagar etter skulestart. Fleire fylker bestiller seint og bare ni fylker truar med bøter dersom bøkene ikkje blir levert i tide, melder NRK.

Leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl reagerer sterkt på at fylkeskommunane ikkje har bestilt bøkene i tide.

– Det er amatørmessig. Fylkeskommunane som sit med ein kvart milliard til innkjøp av læremidler, viser at dei ikkje kan utføre ein profesjonell jobb, seier Kihl til NRK.

OECD meiner Noreg har for god trygdeordning

0

Unge ledige i Noreg blir dytta over på trygd, meiner OECD.
Eit sjenerøst trygdesystem kombinert med høg terskel for å få arbeidsløysetrygd bidreg til å skuve arbeidsfør ungdom ut av arbeidsmarknaden, meiner Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

Dei to siste åra har 3.719 nye unge under 24 år hamna på uføretrygd her i landet. Og det er unge mellom 18 og 35 år som står for veksten i delen uføretrygda i befolkninga.

Direktør for arbeidslivspolitikk i NHO, Sigrun Vågeng, deler bekymringa til OECD:

– Det er noko med systemet vårt som ikkje legg til rette for arbeidsløysetrygd. I staden kjem ein veldig raskt over i ei trygdefelle. Då er overgangen til permanente trygdeordningar snublande nær, seier ho til Aftenposten. (NPK)

– Grande Røys byggjer smalband

0

Breiband i Sogn og Fjordane kan kallast smalband, meiner stortingspolitikar Åge Starheim (Frp). Han synest fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) bør stikke fingeren i jorda og vedgå at breibandkvaliteten i vestlandsfylket er for dårleg.

I Soria Moria-erklæringa lova regjeringa breiband til alle. Ifølgje rapporten «Bredbånd – dekningsanalyse 2008» vil 99,8 prosent ha eit breibandtilbod ved utgangen av året. Men regjeringa har ikkje definert ei spesifikk nedre grense for overføringskapasitet.

Ifølgje Starheim er det ikkje godt nok at omfanget av utbygginga er god, når kapasiteten på breibandet ikkje er tilfredsstillande.

– Her har då statsråd Heidi Grande Røys skrytt over kor godt det er bygt ut. Så viser det seg at det knapt kan kallast breiband. Det rette hadde vore smalband, seier Starheim til NRK Sogn og Fjordane. (©NPK)

Debuterer på nynorsk

0

Les om Jan Roar Leikvoll som debuterer på nynorsk med romanen «Eit vintereventyr». Det gir han Jon Fosse æra for.

På spørsmål om kvifor det var ein roman svarer Leikvoll dette til Dagsavisen:

– Det overraska meg også. Tidlegere hadde eg prøvd meg på dikt, og eg ante ikkje at eg var i stand til å skrive ei lengre, samanhengande forteljing. Men noko løsna då eg byrja å skrive på nynorsk. Det var faktisk Jon Fosse som føreslo at eg skulle skifte over frå bokmål til nynorsk. Eg skreiv nemleg eit brev til han etter å ha lest «Melancholia», seier han.

Les meir i Dagsavisen.

– Noreg sløser vekk pengar på skule

0

Noreg brukar for mykje pengar på skule og utdanning i høve til kva dei får tilbake for satsinga, meiner OECD.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) offentleggjorde onsdag ein ny rapport der dei meiner det er både mogleg og naudsynt for Noreg å få meir ut av pengane som blir investerte i skulen.

– Noreg får ikkje tilstrekkeleg ut av pengane som blir brukte på utdanning. Det obligatoriske utdanningssystemet ser ikkje ut til å vere kostnadseffektiv etter internasjonale standardar, heiter det i rapporten.

Dei meiner det må opnast for fleire elevar i kvar klasse og større skular for å frigjere pengar som kan brukast til å auke kvaliteten på utdanninga. Dei tek også til orde for å skjerpe krava til lærarutdanninga og å auke satsinga på etter- og vidareutdanning av lærarar.

OECD kritiserer også bruken av eksperimentelle undervisningsmetodar, som organisasjonane meiner har vist seg å vere ineffektive og stiller for slappe krav til elevane. (NPK)

Lindgren på nynorsk

0

Lindgren på nynorsk

Av LNK NYTT 21.aug.2007

I haust kjem Astrid Lindgrens Mio, min Mio på nynorsk for første gong.

Det er forlaget Damm som gir ut boka som kjem som hovudbok i Blåmann Barnebokklubb i oktober.

– Vi har alltid ønskt å kunne tilby nynorske utgåver av Astrid
Lindgrens fantastiske bøker, og har lenge hatt ein dialog med Damm om
dette, seier bokklubbredaktør Erle Stokke i ei pressemelding.

Det var i samband med 100-årsjubileumet for Astrid Lindgren i fjor at
tanken på ei nynorsk utgåve av barneboka vart lansert. På haustlista
til Blåmann Barnebokklubb finn ein også forfattarar som Roald Dahl,
Lene Kaaberbøl og Rune Belsvik.