Heim Blogg Side 4

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og høgskular som utdannar norsklærarar, må rette på dette.

Ei fersk kartlegging frå Språkrådet og Institutt for lærarutdanning ved NTNU viser at sidemålet er det fagområdet norsklærarar i grunnskulen kjenner seg minst kompetente i. For dei fleste er sidemålet nynorsk. Berre halvparten av lærarane kjenner seg rusta til å undervise i sidemål. Det er om lag det same omfanget som Språkrådet kartla i 2017. Universiteta og høgskulane må tryggje studentane til å kunne drive god, engasjerande og lystprega opplæring i og på nynorsk.

Rapporten peikar på manglande motivasjon for og kunnskap om god sidemålsundervisning hos studentane. Også lærarar som i dag står i klasserommet, må sørgje for å auke kompetansen sin, om dei kjenner seg utrygge. Det handlar om respekt for elevane, for faget og for lovene som gjeld for skulen.

Skuleeigar har òg eit ansvar. Det er kommunar og fylkeskommunar som har ansvar for at skulane kan følgje krava og ambisjonane i opplæringslova. Det gjeld sjølvsagt også sidemålsundervisninga.

Læreplanen seier at elevane alt på småtrinna skal “lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk”. Etter sjuande trinn skal elevane ha prøvd ut “skriving av tekstar på sidemål”. Når dei er ferdige med grunnskulen, skal elevane i tillegg til å lese eit breitt utval av tekstar på begge dei norske språka, “meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål”. Dette er ambisjonane styresmaktene har vedtatt for sidemålsopplæringa. Som lærar må du vere kvalifisert for å innfri.

Utrygge lærarar bidreg til at elevane blir for lite eksponerte for nynorsk i klasserommet. Skal du meistre eit språk, må du møte det i mange samanhengar. Du må både lese og skrive tekstar på nynorsk om du skal bli god i nynorsk. Det held ikkje å møte nynorsk fordi “vi må” rett før ein vurderingssituasjon i åttande klasse. Det er altfor seint.

NTNU-rapporten viser at enkelte lærarar er lite motiverte for arbeid med sidemål, og fleire spør seg om dette bør vere eit fag dei skal gje elevane karakter i. Med ei slik haldning er det ikkje rart at elevane ikkje blir motiverte heller.

Det er grunn til uro når norsklærarar seier at dei svært sjeldan les tekstar på nynorsk i klasserommet, og at dei aldri skriv nynorsk. Den tospråklege skrifttradisjonen i Noreg er eit fortrinn, ikkje eit hinder for språkopplæring. Noreg er både dialektar, bokmål og nynorsk – og dessutan fleire språk som staten har ansvar for.

Det manglar ikkje på tilbod om etterutdanning, kurs eller andre ressursar. Høgskulen på Vestlandet har til dømes eit eige emne på 15 studiepoeng om nynorsk som sidemål. Om ikkje lærarstudentar og lærarar tileignar seg den kunnskapen og kompetansen dei manglar, handlar det utelukkande om vilje. Lærarane er dei viktigaste rollemodellane elevane møter på skulen. Elevane tek med seg både haldningar og kunnskap resten av livet. Det gjeld også for nynorsken.

Peder Lofnes Hauge
leiar i Noregs Mållag

Espen Tørset
norsklektor og styremedlem i Noregs Mållag

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka. 

– Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker Google sitt skriveprogram. Det er eit stort problem at elevane då brukar eit skriveprogram der nynorsken stort sett manglar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Tysdag møtte dei Trude Storheim, den nye statssekretæren i Kulturdepartementet. Departement har ansvar for å følgja opp norsk språk. Hovudemne for møtet var den store utfordringa at Google sitt skriveprogram framleis ikkje støttar nynorsk.

I møtet blei det ytra ønske om at styresmaktene på eigna måte sikrar at dei som leverer programvare til skulane tilbyr produkt som er i tråd med opplæringslova.

– Både statssekretæren og embetsverket lytta og tok til seg bodskapen, og det var tydeleg at dei tok dette på alvor, fortel mållagsleiaren i ei pressemelding.

Nytt krav i ny opplæringslov 

I 2023 vedtok Stortinget ei ny opplæringslov som slår fast at skulane skal bruka skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, og som følgjer offisiell rettskriving.

Sommaren 2024 lova Google at skriveprogrammet deira skulle støtte nynorsk frå skulestart. Over halvvegs inn i skuleåret er det framleis slik at stavekontrollen ikkje kan nynorsk.

– Stavekontrollen til Google fungerer så dårleg at den er direkte skadeleg for innlæringa av nynorsk. Dette kan ikkje regjeringa berre sitja å sjå på. Noko må endrast, seier Svein Olav Langåker, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Kring ein fjerdedel av grunnskulane i Noreg bruker skriveprogrammet til Google, ifølgje ei undersøking LNK har gjort.

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit nynorsk kulturløft som skal betre tilhøva for språket på fleire samfunnsområde.

Nynorsk er eit sterkt språk med ein kraftfull skriftkultur. Språk er kritisk infrastruktur for samfunnet og språket treng sine institusjonar for at skriftkulturen skal utvikle seg. Difor møtest medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum for å samordne seg om korleis ein best kan møte dei største utfordringane for språket i vår tid.

Det nynorske språket har i 2025 fleire utfordringar. Dette gjeld mellom anna språkskifte i skulen, særleg i det vi kallar randsonene, synleggjering og eksponering av språket på digitale flater og forvaltning av den særmerkte skriftkulturarven. Ikkje minst er der store økonomiske utfordringar for nynorskteatera i både Oslo og på Vestlandet som er nokre av dei viktigaste kulturberarane vi har.

– Samla sett er medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum kritiske berebjelkar for språket. Diverre har ikkje desse institusjonane kome godt nok ut av prioriteringane medan Jonas Gahr Støre har vore statsminister. Kulturminister Lubna Jaffery og Støre-regjeringa har no eit høve til å rette opp i dette med eit Nynorsk kulturløft, seier sekretær for Nynorsk forum, Olav Øyehaug Opsvik.

Pakken Nynorsk forum ber om er ei auke fordelt på dei ulike institusjonane som til saman utgjer i underkant av 36 millionar kroner. Dette meiner Nynorsk forum kan vere eit målretta nynorsk kulturløft som syner at regjeringa veit å følge opp Språklova og andre vedtak som skriftfestar språkpolitiske plikter og ansvar.

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne etter integreringslova.

– Det er svært gledeleg at HK Dir ser det skrikande behovet for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar, seier styreleiar Sara Hamre Sekkingstad i Nynorskkommunane – LNK.

Det er ni år sidan sist det vart løyvd midlar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar, og LNK og ei samla nynorskrørsle i Nynorsk Forum meiner det er behov for minst 4,5 millionar kroner til dette formålet.

– Stort etterslep

Forlag eller andre som produserer læremiddel kan no søkja om tilskot til omsetjing og mindre revisjon av slike læremiddel til nynorsk.

– På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert for lenge, og det er på høg tid å gjera noko med det. Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde, seier Sara Hamre Sekkingstad.

Nynorskkommunane forventar at løyvinga frå HK Dir berre er starten.

– Det er eit stort etterslep, og me forventar at regjeringa løyver meir pengar til nynorske læremiddel og læringsressursar for vaksne innvandrarar, seier styreleiaren i LNK.

Barn og foreldre lærer forskjellige skriftspråk

I mange kommunar er det slik at vaksne innvandrarar lærer bokmål i vaksenopplæringa, medan borna deira lærer nynorsk på skulen.

– Det er opplagt at det ikkje bidreg til god språkopplæring at dei lærer ulike språk og ikkje kan dra nytte av kvarandre i innlæringa. Språk og integrering heng tett saman. Det er ein stor fordel å læra språket som blir brukt der du bur, og mange stader er det å læra nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet, seier dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker.

Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket vert meir positivt mottekne både i lokalmiljøet og til dømes i jobbintervju.

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk.

Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og i fritida. Ikkje minst bruker mange av oss KI-baserte verktøy som hjelp når me skriv. Tekstrobotar som ChatGPT og Microsoft Copilot produserer villig vekk tekst for oss når me gir dei instruks om det. Men kan me stola på at robotane produserer korrekt norsk? Det har Språkrådet undersøkt.

Hovudfunnet i undersøkinga er at ChatGPT skriv klart betre bokmål enn nynorsk. I bokmålstekstane fann me i gjennomsnitt 2,6 feil per side, medan nynorsktekstane inneheldt heile 8 feil per side. I bokmålstekstane gjaldt 70 % av feila anten teiknsetting eller feil bruk av stor og liten forbokstav. I nynorsktekstane var det andre feiltypar som dominerte, først og fremst bruk av galne bøyingsformer (21 %) og bruk av bokmålsord som ikkje finst i nynorsk (20 %). Mange av desse feila stikk djupare og er grovare enn dei nemnde feila i bokmålstekstane.

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut, med lokale justeringar.

Språkbruksplanar er viktige av di dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane og plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt.

Skap engasjement for språket!

Ein språkbruksplan i kommunen kan vera ein god reiskap til å skapa engasjement og haldningar til korleis me brukar språket. LNK oppmodar alle medlemene om å bruka malen som eit utgangspunkt for diskusjon og endeleg vedtak om ein kommunal språkbruksplan.

Malen bør drøftast internt, til dømes i eigne arbeidsgrupper, og tilpassast dei konkrete tilhøva i kommunen før han blir lagt fram til endeleg behandling. Når planen er vedteken må han gjerast kjent for alle tilsette. Han bør plasserast i personalhandboka, og delast ut til alle nytilsette. Det er viktig at leiarar og tilsette kjenner eigarskap til språkbruksplanen i kommunen.

Last ned mal for språkbruksplan her!

Til malen høyrer eit vedlegg som kan nyttast dersom ein ønskjer det: Utfyllande retningsliner og oversikt over praktiske hjelpemiddel.

Språkbruksplanar til kommunereforma

I samband med kommunereforma utarbeidde Jan Olav Fretland og Jostein Avdem Fretland i 2016 ein mal for språkbruksplanar for nynorskkommunar og tospråklege kommunar. Her kan de sjå desse:

Nynorskkommunar

Språkbruksplan for nynorskkommune

Språkbruksplan for nynorsk, samanslegen kommune

Retningslinjer for språkbruken i X kommune

Tospråklege kommunar

Notat om tospråklege kommunar

Språkbruksplan for språkdelt kommune

Språkbruksplan for språkdelt og samanslegen kommune

Retningslinjer for bruk av nynorsk og bokmål i X samanslegen kommune

Arbeidet med språkbruksplanar for språkdelte kommunar er støtta av Nordmøre Mållag.

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

0

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar.

Saka vart først publisert på Framtida.no.

Om foreldra til ti eller fleire elevar på eit barneklassetrinn i ein kommune vel ei anna målform enn det majoriteten har, har elevane rett på ein eigen språkdelt klasse.

Den nye opplæringslova som tredde i kraft hausten 2024 utvidar denne retten til å òg gjelda ungdomsskuleelevar.

Noregs Mållag: – Smurt tynt utover

Fordi det kostar pengar å oppretta fleire klassar har regjeringa vedteke at kommunane får ekstra pengar til språkdelte klassar.

I 2025 får norske kommunar til saman 102,4 millionar kroner ekstra. Pengane stiller ikkje noko krav til at kommunane faktisk opprettar eigne språkdelte klassar.

Slik fordelinga mellom kommunane er sett opp får Oslo kommune 11 millionar kroner til språkdelte klassar i 2025. Dette trass i at dei berre har to nynorskelevar, som ikkje er nok til ein eigen klasse.

Noregs Mållag meiner kommunar som har nynorskklassar bør kunne søkja om midlar til dette, slik at dei faktisk går til kommunar der det er aktuelt med språkdelte klassar i ungdomsskulen.

– Regjeringa gav først 40 millionar og så ytterlegare 60 millionar i statsbudsjettet til språkdelte klassar. Me opplever at den sigeren no går til kommunar som ikkje har tenkt å bruka dei på nynorskelevar, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.

Han fryktar at pengane ikkje vil føra til fleire språkdelte klassar i område der det er aktuelt, fordi dei er «smurt tynt utover».

– Me veit at mange kommunar slit økonomisk og at mange kommunedirektørar tek initiativ til å ikkje ha språkdelte klassar for å spara pengar.

– Er dette riktig?

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) er blitt kontakta av Noregs Mållag, som er bekymra for at midlane til språkdelte klassar i ungdomsskulen ikkje vil gå til kommunar som har språkdelte klassar.

Rotevatn er uroa og stilte spørsmål til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) før jul.

Ifølgje Rotevatn viser talet på sjuandeklassingar som gjekk i ein eigen nynorsk- eller bokmålsklasse i fjor, at det kan bli 54 skular i 36 kommunar med språkdelte klassar på ungdomsskulen.

Sveinung Rotevatn, Venstre, Hordaland. Foto: Stortinget

– Veldig mykje av dei pengane som skal gå særleg til å hjelpa nynorskelevar i pressområde, vil gå til kommunar som knapt har ein einaste nynorskelev, og det kan då ikkje ha vore meininga, seier Sveinung Rotevatn på telefon til Framtida.no, og legg til:

– Så mitt spørsmål til regjeringa er: Er dette riktig? Eg håpar verkeleg at svaret er «nei», og at her har folk misforstått.

Støtte til moglege ekstrakostnadar

Framtida.no har òg kontakta Kommunaldepartementet og fått skriftlege svar frå ansvarleg statsråd.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) stadfestar at det stemmer at Oslo kommune får om lag 11 millionar til språkdelte klassar.

– Den nye retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe gjeld i utgangspunktet på same måte for alle kommunar, og kompensasjonen blir derfor òg fordelt til alle kommunar gjennom inntektssystemet, skriv Sande i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga.

Erling Sande (Sp) er kommunal- og distriktsminister. | Foto: Stortinget

Grunnen er at midlane blir fordelte slik at kommunane får støtte til moglege ekstrakostnadar til språkdelte klassar.

Sande understrekar at retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe gjeld uavhengig av korleis kompensasjonen er fordelt mellom kommunane.

– Kommunane sine utgifter til grunnskule, inkludert språkdelte klassar, blir finansiert innanfor dei samla inntektene til kommunane. I dette systemet er det ikkje alltid eit eksakt samsvar mellom kompensasjonen knytt til nye enkeltsaker og meirkostnaden til kvar enkelt kommune kvart enkelt år. Men når ein ser alle oppgåvene i samanheng, vil det som regel jamne seg ut over tid. Og retten elevane har til opplæring i eiga skriftspråkgruppe ligg uansett fast.

– Totalt urimeleg

Sveinung Rotevatn meiner fordelingsmetoden som er lagt fram er veldig urettferdig, og peikar på at 80 prosent av midlane kan gå til kommunar der det ikkje er aktuelt med språkdelte klassar.

– Det meiner eg er totalt urimeleg i så fall. Heile poenget med dette her har jo vore å styrka elevrettar og vareta eit språkleg mangfald. Og særleg at det skal koma nynorskelevar til gode, fordi det er stort sett dei som er under press, seier han.

Leiaren i Noregs Mållag er uroa over svaret kommunalministeren har gitt, og meiner ein ikkje kan rekne med at det vil jamne seg ut.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Jannica Luoto

– Me opplever ei regjering som har levert på språkdelte klassar og som har sett av pengar til det, men som sløsar vekk pengane. Det er skuffande at Erling Sande ikkje ser det, seier Lofnes Hauge.

Lofnes Hauge håpar regjeringa vil ta ei ny vurdering, og er klar i sin tale:

– Slik kan me ikkje ha det. Det vil slå bein under den store politiske sigeren med språkdelte klassar.

– Vanskeleg å vita på førehand

Kommunalministeren svarar at dei ikkje har planar om å endra på korleis midlane vert fordelt.

– Det er vanskeleg å vita på førehand kva kommunar som vil bli påverka av den nye retten og korleis kommunane vil organisera seg i dei tilfella der det blir aktuelt. Det er derfor ikkje mogleg å seia noko sikkert på førehand om meirkostnadane for kvar enkelt kommune. Kva kommunar som kan bli påverka av den nye retten vil også kunne endra seg over tid. Midlane er derfor på vanleg måte fordelte etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet, slik at alle kommunar blir kompenserte for moglege ekstrakostnadar knytte til den utvida retten, skriv Sande via kommunikasjonsavdelinga.

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken?

Er du i tillegg ein idérik, engasjert og kontaktskapande person med drivkraft til å motivera og begeistra lærarar og elevar i skulen når språk og kultur er på timeplanen?

Då bør du søkja den toårige prosjektstillinga som Nynorskkommunane (LNK) no lyser ut.

Får du stillinga er du sjølv med på å forma innhaldet til prosjektet, men me ser for oss at følgjande område vil vera viktige:

  • Å møta elevar, foreldre, kommunar og skular for å setja fokus på språkarbeidet på ein positiv måte.
  • Å halda fram utviklinga av og informera om eksisterande læringsressursar.
  • Å utvikla arrangement og pedagogiske opplegg som formidlar språk, kultur og litteratur.
  • Å arrangera pedagogiske kurs til i undervisning i skulen, med spesielt fokus på norsk- og samfunnsfagspedagogar.
  • Å arrangera kurs for foreldre slik dei blir kjent med dei ressursar som er for å styrka kunnskapen om nynorsk – både som hovudmål og sidemål.
  • Å invitera studentar til å vera med å halda kurs og elevmøte om kultur, språk og identitet.
  • Å invitera studentar til å skriva oppgåver som kan vera med å setja fokus på opplæringsmål på Jæren, fakta og konsekvensar og korleis få fleire til å halda på målforma dei starta med i skulen.

Prosjektstillinga (100 prosent) går over to år og arbeidsstaden blir på det nasjonale Garborgsenteret på Bryne. I tillegg får du med deg ei engasjert ressursgruppe som vil bistå deg i arbeidet.

Deg me leitar etter er engasjert og har lyst til å vera med i eit lærerikt miljø og få meir MÅL på Jæren.

Du likar å formidla og er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og arbeider sjølvstendig.

Utdanning og erfaring frå høgskule og/eller universitet er fint, men du treng ikkje vera ferdig studert. Har du erfaring som pedagog er det ein fordel, men ikkje noko krav. Har du arbeidd med journalistikk og/eller informasjonsarbeid er det fint.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, dagleg leiar LNK Nynorskkommunane – mobil 94875365, e-post post@lnk.no og Einar Schibevaag – mobil 913 08 972, e-post einar@schibevaag.no

Søknadsfrist: Snarast og seinast 2. februar.

Søknad med CV og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til post@lnk.no.

Prosjektet «Meir mål på Jæren» har som mål å styrka nynorsken på Jæren og i Rogaland elles, og er eit samarbeid mellom Nynorskkommunane (LNK), Rogaland Mållag, Noregs Mållag, Nasjonalt Garborgsenter, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk kultursentrum og kommunane Hå, Klepp og Time.


Du får dela kontorplass med dei fem medarbeidarane på Garborgsenteret – og du får òg åtte kollegaer i Nynorskkommunane som driv redaksjonane Framtida.no i Oslo og Framtida Junior på Stord.

Velkommen til landstinget til LNK! Meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) kjem saman med ei rekkje andre innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni 2025 i Øygarden. Kjem du?

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås og senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Synnøve Marie Sætre er mellom dei som innleier. Meir av programmet til landstinget kjem etter kvart.

Programmet startar med lunsj tysdag 3. juni kl 1130 på Panorama Hotell & Resort i Øygarden og blir avslutta med lunsj 4. juni.

Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!

Meld deg på her!

Påmeldingsfrist: 6. mai kl 15!

PROGRAM:

TYSDAG 3. JUNI

11.00   Registrering
11.30   Lunsj
12.30   Opning: Velkomen til Øygarden v/ordførar Tom Georg Indrevik
12.40   Leiartale ved Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar i LNK
12.50   Kulturell opning med Vivian Steinsland

Tema: Korleis skal staten ta «særleg ansvar for å fremje nynorsk» dei neste fire åra?
13.00 Innleiing ved statssekretær Trude Storheim (Ap)

13.10 Debatt mellom statssekretær Trude Storheim (Ap), stortingsrepresentant Erling Sande (Sp), Hege Lothe (1. stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane) Lise-May Sæle (5. kandidat for Høgre i Hordaland), Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

13.50 Pause

Tema: Inspirerande nynorskundervising

14.00 Opplæringslova, språklova og ny giv for nynorsk i skulen ved Synnøve Marie Sætre,  senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda

14.15 Korleis hindrar me språkbyte? ved høgskulelektor og lektor i ungdomsskulen, Jorid Saure.

14.30 Slik blir skuletimane aktuelle med nynorsk ved Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK og redaktør i Framtida Junior og Andrea Nøttveit, redaktør i Framtida.no

14.45 Nynorsk i overgangane: Korleis kan me jobba mot språkskifte – og for språkleg sjølvtillit frå barnehage til vidaregåande? samtale med Synnøve Marie Sætre, Jorid Saure m.fl.

15.40 Pause med kake og frukt

16.00 Årsmøte LNK
16.45 Møteslutt
18.30 Aperitiff
19.00 Festmiddag m/underhaldning

ONSDAG 4. JUNI
07.00-08.45: Frukost og utsjekk

08.45 Framhald av årsmøte i LNK.

09.30 Pause og utsjekk

Tema: Språkteknologi og KI – kva må kommunane passa på?

09.45 Innleiing ved direktør i Språkrådet, Åse Wetås

10.15 Samtale om språkteknologi, med representantar frå kommunar som bruker
språkteknologi.

Tema: Frå fine ord til handling – korleis følgja opp språkbruksplanar og språkpolitikk i kommunane

10.50 Slik gjer me det i Kvam – Årets nynorskkommune 2024 ved Kari Weltzien Vik, rådgjevar i Kvam herad.

11.05 Korleis laga me språkbruksplanen – og korleis følgjer me opp planen? Innlegg ved kommunikasjonssjef Vigleik Brekke, Øygarden kommune og Silje Andvik Hoaas, kommunikasjonssjef, Alver kommune

Tema: Nynorsk inspirasjon – korte føredrag om spennande nynorsktiltak i nynorskkommunane.

11.30 Verdas største nynorske barnebokfestival på nynorsk – ved festivalsjef for Falturiltu, Trond Leirvik Onarheim.

11.45  Nynorsk byråkrat i forstaden, Petter Steen, skulefagleg rådgjevar i Sveio kommune

12.00 Beinstrekk

Tema: Korleis engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet?

12.10  Framtida.no fyller 15 år – ved redaktør Andrea Rygg Nøttveit

12.20 Slik engasjerer me ungdom i Årets ungdomskommune. Ved leiar i Kvam ungdomsråd, Hallvard Valland Nordheim og Kari Weltzien Vik, rådgjevar i Kvam herad.

12.35 Korte innlegg og samtale om å engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet.

13.00 Møteslutt og lunsj

Det kan bli mindre justeringar i programmet.

Påmeldingsfrist: 6. mai kl 15!

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt! 

Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer alle kommunestyrepresentantar og folkevalde som ynskjer å setja seg meir inn i saksfeltet til digitalt seminar.

Tysdag 21. januar klokka 12.30 og klokka 19.30 

Meld deg på her!

Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga for nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Gjeremålsliste for nynorsk folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år) – be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk

Meld deg på her!

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen.

Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har gått gjennom førsteutkasta til partiprogram frå dei ulike partia. Dei fleste er for lite konkrete, meiner han.

– Fleire parti har rett analyse av språksituasjonen – det er eit ujamt tilhøve mellom bokmål og nynorsk, og politikken må gjera noko med dette. Diverre er det for få effektive tiltak å sjå, seier han i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Håpar på mobilisering

No håpar han nynorskvener i alle parti mobiliserer inn mot landsmøta som skal ferdigstilla dei ulike programma. Særleg løftar han fram Noregs Mållag sine fem hovudkrav som viktige tiltak:

– Grunnlovfesting av jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, styrking av sidemålsordninga, eit nynorsk kulturløft, at lærarutdanninga sikrar gode nynorsklærarar og tiltak for å gjera det like lett å vera nynorskbrukar som bokmålsbrukar på internett, er hovudprioriteringane våre. Vi håpar partia tek med seg så mange som mogleg av desse, seier Lofnes Hauge.

Sidemål

Særleg er sidemålsordninga viktig. Denne vil Mållaget halda på og styrkja:

– Vi fryktar heile ordninga er i fare. Difor vil vi at så mange parti som mogleg går til val på å halda fram med sidemålsordninga. Denne er ein berebjelke i norsk språk- og opplæringspolitikk. Høgre vil fjerna karakteren i skriftleg sidemål, Frp vil gjera opplæringa valfri, og i KrF er det dissens om sidemålskompetansen skal vera synleg på vitnemålet med eigen karakter eller ikkje, seier Lofnes Hauge.

– Sidemålsopplæringa må heller bli betre, starta tidlegare og ha gode, kompetente lærarar som kan engasjera og motivera elevane. Det er viktig at alle får tilgang til heile det norske språket, og då treng vi sidemålsopplæring. Denne gjev alle elevar høve til å meistra både bokmål og nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Avhengig av språkpolitikk

Mållagsleiaren seier det vil bli jobba hardt i tida framover for å gjera partiprogramma betre for nynorsken.

– Noregs Mållag er partipolitisk uavhengige, men nynorsken er avhengig av partipolitikk. Erfaring frå heile verda syner at språk treng gode rammer for å bli skrivne, lesne og lærte vidare. Alle språk treng god språkpolitikk, seier Lofnes Hauge.

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985.

– Medlemer er sjølve grunnlaget for ein medlemsorganisasjon, og dette medlemstalet vitnar om at nynorsksaka er viktig for veldig mange i 2024, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

No er Mållaget 6000 fleire medlemer enn for tjue år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan og 2500 fleire enn for fem år sidan.

Nynorsken treng eit stort mållag

Alle språk treng språkpolitikk. Dette gjeld særleg nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.
– Nynorsken treng nynorskpolitikk, og Mållaget veit kva som trengst, seier Peder Lofnes Hauge. Med fleire medlemer ventar han fleire politiske oppturar i året som kjem.

Partiprogramma for det komande stortingsvalet er under arbeid, og dei politiske partia bør notera seg at rekordmange no er opptekne av målsak. Rikdomen i å ha to skriftspråk – som speglar både ordtilfanget, dialektmangfaldet og kulturen vår – er ein del av den norske identiteten som me må ta vare på.

Målreisinga treng målfolk

I fjor strøymde nye medlemer til Mållaget då Jon Fosse, som sjølv er medlem i Mållaget, takka nynorsken og målreisinga for nobelprisen. I år har lokale tillitsvalde i Mållaget verva over 1000 nye medlemer. Slik det ser ut no, aukar medlemstalet i alle 18 fylkeslaga frå i fjor.

– Eg er stolt av all innsatsen folk gjer for organisasjonen vår, seier leiar Peder Lofnes Hauge.