Kjartan Helleve tek over stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen etter Anne Svanaug Straume.
Ove Trellevik: – Vestland fylke berre treng 25 kommunar
Ove Trellevik, kommunalpolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, vil halvere talet kommunar i Vestland fylke.
Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk
Gloppen kommunestyre krev at Kunnskapsdepartementet skal gjere meir for at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar.
Dette blir dei viktigaste endringane i læreplanane
På ein av dei første dagane av sommarferien la Kunnskapsdepartementet fram kva som skal bli det viktigaste i kvart skulefag frå hausten 2020.
1,1 million til klarspråk i 36 kommunar
Kommuneorganisasjonen KS har fordelt 1,1 millionar kroner til klarspråkarbeid i 36 kommunar og fylkeskommunar.
– Eg gler meg til å arbeide for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst
Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) frå Volda er tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad.
Ny publikumsrekord for Dei nynorske festspela
Ny festspeldato opna dørene til fleire arenaer og nye programkonsept. Det førebelse gjestetalet på 7823 er det beste nokon gong.
Gratis og uforpliktande festspelsvisning
Laurdag inviterte forfattarane Marit Eikemo og Frode Grytten publikum inn i eit hus til sals i Hovdebygda i Ørsta.
NRK får kritikk for lite nynorsk og samisk
NRK, P4 og Radio Norge oppfylte i hovudsak forpliktingane som allmennkringkastarar i 2017, ifølgje Medietilsynet. NRK hadde likevel for lite nynorsk.
Viljen i Aasen-tunet
Ottar Grepstad (64) gler seg til eit liv utan lange dagar og møtekalender når han 1. november gir seg etter å ha styrt Nynorsk kultursentrum i 19 år.
SV krev fleire tiltak for digitale læremiddel på nynorsk
– Nynorske klasserom fløymer over av digitale læringsressursar som berre finst på bokmål eller engelsk. Dette må vi gjere noko med, seier Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV. Landsstyret i SV i helga vedtok ei kravliste til regjeringa.

