Heim Innspel Godt norsk språkår

Godt norsk språkår

Vi nordmenn elskar å feire. Når vi er små, går vi i bursdagar og driv med russefeiring. Som vaksne drikk vi oss fulle og giftar oss og feirar jul og nyttår minst ein gong i året. Sidan Kvinneåret ein gong på syttitalet har styresmaktene fått for vane å laga markeringar for alt frå kulturelt mangfald og Bjørnstjerne Ibsen, til miljøet og Fridtjov Amundsen. Neste år er det språket sin tur.

Grunnen til Språkåret i 2013 er at Ivar Aasen ville ha vore 200 år om han hadde levd neste år, noko han sjølvsagt ikkje ville gjort, sidan forventa levealder for menn berre er 75 år. Vi må likevel kunne seie at Aasen gjorde det ganske bra, sidan han vart heile 83 år, og endå betre blir prestasjonen når vi veit at menn på Aasen si tid berre kunne rekne med å bli 52 år før dei segna om. Det er faktisk berre folk i Bibelen som blir så gamle som 200 år, og gjerne eldre, som t.d. Metusalem, som vart 969 år. Men dei lever ikkje lenger, heltane frå Bibelen, med unntak av Jesus, då, som fleire hevdar lever, til liks med Elvis.

For dei som ikkje veit det, laga Ivar Aasen nynorsken då han traska rundt om på Vestlandet for rundt rekna 150 år sidan, medan han raska saman ord og uttrykk frå folk han møtte langs vegen og putta dei inn i ein grammatikk som høyrde vikingane til, sånn omtrent.

Men om du guglar Språkåret, kan du lese at målet med markeringa er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg, og ikkje berre nynorsken. Det er temmeleg frekt, spør du meg. Det blir som å invitere alle ungane i klassen til bursdag og gi alle hundre kroner i gåve medan alle syng «happy birthday to Alle». Kjip bursdagsfeiring, med andre ord.

Eg vil difor i god tid før neste år er gått av stabelen, på vegner av alle likeløna skeptikarar, oppmode om at det blir sett særleg fokus på språk og integrering, slik at alle innvandrarar, og andre med lese- og skrivevanskar, kan lære seg norsk i løpet av 2013, eller eventuelt eit anna språk vi forstår, som til dømes engelsk og svensk.

Det er kanskje ikkje rett å skjære alle over ein kost, men vi må stikke handa i jorda og innrømme at betre språkkunnskap må til før utlendingane får integritet i det norske samfunnet på stram line med nordmenn. Om dei ikkje vil lære seg norsk, eventuelt engelsk eller svensk, bør dei skyte ei kvit kule etter det å få arbeid og trygd.

Vi må henge bjølla på sauen og be dei nye landsmennene våre ta ansvar. Dei må forstå at gode språkkunnskapar gir gode jobbar innanfor reinhald og transport, slik at dei kan kome seg ut av ein situasjon der dei ikkje eig nåla i tapetet. Ein skal tidleg krøkjast som god søkjar skal bli, så her er det berre å henge i. Vi nordmenn må på vår side vise vilje til å ta imot dei framandspråklege med opne hender og eit ope sinne.

Til tjuande og sist sit vi i same bil og bør difor legge tilhøva godt til rette. Vi må ikkje skode hunden på låra og sjå på alle med mørkt hår og sota ansikt som ulvar i saueskinnsjakker, men heller fortelje dei at det er von i hengande tau, og at ein glad laks i panna er betre enn ti i havet. Som førebilete må vi vise veg ved å bruke eit godt språk med stutte setningar frie for vanskelege ordtak og framandord.

Det vil lette kvardagen for immigrantane om vi unngår kontaminasjon, kompliserte idiom og anglofikserte ord, og at vi i all kommunikasjon legg vinn på ein grammatikk med enkel syntaks fri for heavy setningar med lange uforståelege innskot, der vilkårssetninga kjem først og verbalet og subjektet til slutt. Slik kan vi få språkproblema ut av sekken og katta i boks.

Førre artikkelTullefaget norsk
Neste artikkelKven skal definera rammene?

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...