Heim Innspel Tullefaget norsk

Tullefaget norsk

Landsmøta i AUF er ein viktig politisk verkstad. Med sine 14 000 medlemer er AUF det største ungdomspartiet, og det som vert vedteke på landsmøta, vert gjerne gjeldande arbeidarpartipolitikk før eller seinare – ofte før.

Då Øystein Hassel frå Fana i Bergen for nokre veker sidan gjekk på talarstolen i Oslo og lanserte eit radikalt framlegg i den såkalla sidemålsaka, hadde han, i følgje Fanaposten, sjølv ikkje tru på at det ville få fleirtal. Både styret i AUF og fleire sentrale politikarar i Arbeidarpartiet har tidlegare signalisert at dei ønskjer å slå saman karakterane i hovudmål og sidemål. Det ønskjer som kjent også Utdanningsdirektoratet, som nyleg har sendt si tilråding i saka over til Kunnskapsdepartementet.

Øystein Hassel nådde fram. Framlegget hans fekk eit stort fleirtal og utløyste ein debatt der mange tok ordet for å tala nynorsken si sak. Den offisielle språkpolitikken til AUF er no såleis at det framleis skal vera eigen karakter i sidemål og hovudmål, at elevane skal møta sidemålet på eit tidlegare klassetrinn enn i dag, og at det skal ryddast opp i det overleste norskfaget.

Hassel seier til Fanaposten at han håpar AUF no skal klara å få dette til å bli gjeldande politikk også for Arbeidarpartiet og få AP-landsmøtet med på den nye lina. Dette er sjølvsagt viktig, men det må mobiliserast og argumenterast lenge før den tid. Landsmøtet i AP skal vera 11. til 14. april 2013, men kunnskapsminister Kristin Halvorsen har alt vedgått at ho vil ta stilling til framlegget til ny læreplan alt i mars neste år.

– Jeg tror vi vant saken fordi det store flertallet i AUF ser verdien av å ha to målformer. En svekking av sidemålet i skolen vil være begynnelsen på en utfasing av nynorsken som selvstendig og likestilt språk. Jeg er glad for at AUF har tatt ansvar og sagt i fra om at det er noe vi ikke ønsker.  Med dette vedtaket sender AUF et sterkt signal til Arbeiderpartiet om at ungdommen ønsker å styrke nynorsken både som hovedmål og sidemål, ikke svekke faget ved å slå sammen karakterer, seier Hassel til Fanaposten.

Utdanningsdirektoratet legg i desse dagar fram «Høyringsnotat om endringar i læreplanen i norsk». Den viktigaste endringa ein legg opp til, er ei nedprioritering av sidemålsopplæringa – stikk i strid med gjeldande norsk språkpolitikk slik han kjem til uttrykk i stortingsmeldinga «Mål og meining».

Direktoratet tek rett nok konsekvensen av den kritikken som har kome mot den noverande læreplanen, og har rydda ut ein del stoffområde som er lite relevante eller kanskje meir relevante i andre fag enn norsk. Dette er bra, men her må det ryddast mykje meir. Norskfaget er framleis overambisiøst på nokre område. Det vert opna for at elevane skal få møta sidemål på eit tidlegare klassetrinn. Det er bra, men det vert sagt lite konkret om korleis dette skal skje i praksis.

Men direktoratet vil altså framleis redusera omfanget av sidemålsopplæringa og ha færre kakakterar i norskfaget. Når det gjeld eksamensordninga, har ikkje direktoratet endra syn, men er litt mindre bastante enn før og legg i det minste ut fleire alternativ enn tidlegare. Eg har lyst til å sitera professor Gunnar Skirbekk: «Eit fag utan eksamen, i eit utdanningssystem basert på eksamen, er ikkje eit serøst fag» (Dag og Tid 19.10.12).

Skirbekk har sjøvsagt rett, og svært mange, både fagmiljø og politikarar frå alle dei politiske partia på Stortinget, tenkjer som han, seinast altså AUF. Me er sjølvsagt for nytenking og pedagogiske justeringar i skulen, men me har ikkje lov til å gjera norskfaget om til eit tullefag.

 

 

Førre artikkelStøttar Unge Venstre
Neste artikkelGodt norsk språkår

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...