«Mamma, koffor spilte Per Spelemann sånn at guttene danset og jentene dret?»
Eit saltande friskt spørsmål frå 7-åringen min i fjor. Nynorskkunnskapen hans var slik ein kunne forvente av ein artig drolt i bergensskulen. Folketonane tydelegvis ikkje godt nok ivaretatt i heimen heller. Men moro vart det. Og sjølvsagt allereie ein klassikar i heimen. Ein klassikar som skal forfølgje han langt inn i konfirmasjonstala, stakkar. Eg svara han blidt at når jenter blir ekstra glade av god musikk, klarar dei ikkje å halde på avføringa. Neida. Joda. Neida.
Men det fekk meg til å tenke på ord i barnesongar eg song som lita og ikkje skjøna eit kvekk av. Særleg kveldssongen «Nu lukker seg mitt øye, Gud Fader i det høye, i varetekt meg tar». Eg hadde inga aning om kva varetekt tydde. Heldigvis, får ein seie, slik ordet stort sett er nytta, luktar det kriminalitet lang veg. Eg trudde dessutan orda var ivare tekkmeitar. Tekkmeitar var noko rart, men definitivt både gudeleg og trygt. Tekkmeitar fekk meg til å sove godt.
Og no er det straks jul. Og med den ei røys julesongar. Eg er gal etter julesongar. Eg må synge flest mogleg heile tida, både der det fell seg naturleg, og der det fell seg pinleg, men det er songane som gjev meg den rette julekjensla. Eg hiv meg glupsk og galen over dei i slutten av november. Veltar meg rundt i dei, gryler av full hals og er lett ekstatisk, varm og tårevåt etter kvar avsynging. Julesongar er orgel og trompetar i søkk og kav. Eller berre småsakral/småskral nynning langs vegen på tur med bikkja om kvelden i nysnø. Stort, stille, mektig, inderleg, jazz, sølvgut, ståpels, you name it. Julesongane har alt. Ein køddar ikkje med julesongane, det er eg den første til å meine. Derfor berre litt småkødding i kjømda no.
For ein anar ikkje alltid kva ein syng om. Vi skjønar hovudbodskapen. Men hallo; språket i enkelte julesongar er fabelaktig tungt og tullete. Gamal sprengnynorsk som vi blir bortanom klappeland rørte over. Jepp, alle elskar julenynorsk!
Eg tok ein runde med ungane mine på «Det hev ei rose sprunge» og «Det lyser i stille grender». Kva syng vi om her? Kva tyder desse orda? Spurte eg. Må vi? Spurte dei. Ja, svara eg og minna om at nissen kom til å køyre lukt forbi oss om ikkje dei grov seg ned i tung julesalmenynorsk saman med mor. Neida. Joda. Neida.
Eg noterte meg at allereie opningssetninga «Det hev ei rose sprunge» er dryg kost. 5-åringen foreslo at det er ei rose som har «gått ned i jorden og vokset et annet sted». Han meinte elles at fedrane har sunge var alle fetrane som song, mens 7-åringen meinte at fedrane er det same som brørne, og 9-åringen at fedrane var foreldra. Slekt er vanskeleg. Vi har alle lese historiene der det viser seg at onkelen eigentleg er faren og dei biologiske foreldra berre ei tilfeldig tante. Og gudane veit kor mange søskenborn og inngifte tremenningar vi alle slit med, og som har hatt seg med nokon dei ikkje burde.
9-åringen hevda vidare at setninga «av Jesse rot ho rann» måtte handle om gjæser, sjølv om han var i tvil. «Ho rann» syntes han høyrdest ut som kinesiske samuraiar. Om setninga «Guds rose ljuvleg angar» meinte han at det var mogleg Gud angra på at han hadde skapt juv mellom menneska. Mor stolt.
Om setninga «Det lyser i stille grender», kan eg slå fast at ingen av ungane mine anar kva ei grend er. Eit forslag var at «det lyser svakt i greinene». Mor litt betutta. «Som barn i ein vesal stall» meinte alle handla om eit barn i ein stall. 5-åringen at det var Jesus i hestestallen, 7-åringen at stallen var sauefjøs, men at barn i ein vesal stall høgst sannsynleg var ein barnehage, og 9-åringen meinte at ungen låg i ein stall med ved. Kanskje i sjølve vedstabelen.
Om «Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhamn» meinte mellomste son at dei glade prøver å bli kjende med kvarandre, særleg med han broren som bur i ei hamn, og yngstemann slo fast at alle helsar på Gud. Tendensen er at yngstemann svarar med litt tyngre religiøse overtonar enn sine eldre brør, og at julenynorsk er rikeleg ein gong i året for alle sveitte deltakarar.
Mor og barn lét både julenynorsk og språkåret 2013 segle, så lenge merkelappane på julegåvene er stava rett. Mor sikker. God jul.
Yvonne Algrøy