Heim Innspel Krav til målform: Nynorsk

Krav til målform: Nynorsk

YTRING: Ein treng ikkje gå mange ti-år bakover for å finna døme på at det var stovereint når kjende kulturpersonar uttalte at dei hata nynorsk, eller at dei hadde fritt spelerom til å mobba og hundsa folk som tala sitt naturlege talemål !

Lov om målbruk i statstenesta kom i 1980, og tilsynet med lova blei lagt til Kulturdepartementet og frå 1985 fekk Språkrådet ansvaret for statsorgan med heile landet som arbeidsområde, Kulturdepartementet har framleis ansvaret for departementa. Men: Alle lokale- og regionale statsetatar, som er dei organa som har mest å gjera med folk flest, dei er utanfor tilsynsordningane. Språkrådet har skrive at dei ikkje har tid til å føra tilsyn med alle desse kontora, men behandlar klager som kjem frå private.

Sender eg ( og 2-3 andre ) klager, kan våre namn bli kjende over det ganske land, men namnet eller namna på den/dei som er lovbrytarar det kjem aldri fram ! Kulturdepartementet viser til at det er ”organet ” som må stillast til ansvar, noko som er feil etter mitt skjøn ! Ansvar kan ikkje delegerast, det er eit ansvar for leiaren!

Eg må tilstå at tiltrua til Kulturdepartementet som tilsynsansvarleg var tynnsliten og blei til eit stort hol i 2006. Då hadde Noregs Mållag teke opp ei sak der eit embetskontor frå 1981 ikkje hadde fylgd reglane i Mållova. Embetskontoret søkte om å bli friteken mellom anna med grunngjeving at ”kontoret i all tid hadde brukt bokmål ” ! Departementet godtok ikkje dette, i svarbrev til embetet i slutten av 2004. Men frå då av og i heile 2005 hadde embetskontoret fleire innlegg i lokalaviser, i intervju, innslag i lokalradio og i tenestsamanheng, som klart viste at dei aktivt motarbeidde norsk lov. Noregs Mållag sende fyldig dokumentasjon på dette, men departementet avviste alt ved å uttala : ” Departementet finn ikkje grunn for å kommentera gamle avisutklipp ”. Etter snaue 1 år og to mnd. var dei blitt gamle!

I brev frå dep 12.08.2009 er det opplyst at embetskontoret som regel skriv på bokmål til vedkomande departement og at dette departementet ” som oftast skriv til embetskontoret på bokmål ”. Kort sagt lovbrot både frå embetskontoret og frå deprtementet som Kult.dep. har tilsynsansvaret for!!

Skal kommunar og private få brev og skjema på rett målform, er det fåfengt å stola på andre enn oss sjølve. For å hjelpa statstilsette så dei ikkje av vanvare blir lovbrytarar, kjem eg frå nå av til å skriva etter adr. : Krav om målform : NYNORSK. Dersom kommunane òg er opptekne av å hjelpa statstilsett som på grunn av ein ”glipp ” blir lovbrytarar, ville det vera til stor hjelp om kommunane hadde same innleiing til alt skriftleg til statsorgan : Krav til målform : NYNORSK.

Kåre Seland

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...