Heim Innspel Kommentar: Kva seier reven?

Kommentar: Kva seier reven?

Det kunne ha vore freistande å skrive noko om Ylvis og den nye songen deira, som fekk over ti millionar treff på YouTube på nokre få dagar. Men songen og sjølve fenomenet har allereie blitt gjennomanalysert i diverse medium. Som musikar kan eg sjølvsagt vere litt misunneleg på suksessen til Ylvis.

 

Den songen eg personleg har fått flest treff på på YouTube, er ikkje ein av dei «vanlege» songane mine; det er faktisk «Setningsanalysesongen», dvs. ein song om grammatikk. Dette er kanskje eit tydeleg signal om at eg bør halde meg til grammatikken.

Kva har så reven å gjere med grammatikk? Førelesingsrekkjene mine startar som regel med fonetikk, dvs. lydlære. Studentane skal få eit innblikk i lydsystemet i norsk, og korleis lydane går saman til ord, som i neste omgang skal finne ein skriftleg representasjon. Alfabetet vårt er i utgangspunktet relativet godt eigna til å gje orda ei skriftleg form. Men skriftnormering møter òg ei rekkje utfordringar.

No finst det vel faktisk ikkje noko offisielt ord på norsk som fortel oss kva reven seier. Sånn sett stiller Ylvis eit relevant spørsmål. Det tyder nok helst at ein ikkje har hatt særleg behov for eit slikt ord. Kua derimot «veit» vi alle seier «mø». Dette ordet blir rekna til kategorien «onomatopoetikon», dvs. lydhermande ord. Det interessante er at engelske kyr seier «moo». Men det er jo mogleg at kyr har ulike dialekter. Det blir straks verre når vi oppdagar at norske griser seier «nøff», mens dei engelske seier «oink» og dei tyske «grunz». Dette må tyde at vi oppfattar lydane rundt oss på forskjellige måtar, og at vi også vel å skrive dei på ulike måtar. Korleis burde ein så representere skrikinga til ein rev i skrift?

Lydane i eit språk kan gjerne identifiserast ved å samanlikne såkalla «minimale par». Dette er ord som skil seg ved berre éin lyd, t.d. orda «sal» og «tal». Lydane s og t kan identifiserast som såkalla «fonem» i norsk fordi desse orda skiftar tyding når vi byter ut lydane. Tek vi også med «sjal», ser vi at vi må bruke to bokstavar for å skrive éin lyd – i «skjold» må vi bruke tre bokstavar for den same lyden, og i «ski» har vi enda ein variant.

Vi har ingen bokstav i alfabetet som representerer sj-lyden. Vi har heller ingen bokstav i alfabetet som representerer såkalla «tjukk l», som kan vere eit fonem i norsk. På den andre sida har vi bokstavar i alfabetet som vi faktisk ikkje har behov for i norsk, nemleg c, q, x og z. Henrik Wergeland var ein av dei første som føreslo at ein skulle fjerne dei frå skriftspråket, og i dag finn vi desse bokstavane først og fremst i lånord og namn.
Éin ting ein kan lære av alt dette er at lyden til reven er verkeleg nok, men at det er vi menneske som tolkar lyden, og som eventuelt også finn eit menneskeskapt, skriftleg uttrykk. Eit relevant spørsmål kan vere om språk som ikkje bruker lydbasert skrift, som t.d. kinesisk, er i stand til å skrive lydhermande ord.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...