Heim Innspel Språkråd frå Språkrådet

Språkråd frå Språkrådet

Preposisjonar

Vi bruker preposisjonar i nesten kvar setning vi når vi snakkar eller skriv, og ikkje sjeldan kan meir enn ein preposisjon vere mogleg. Samstundes er vi bundne i valet, mellom anna fordi preposisjonane er med og avgjer kor klart og presist vi uttrykkjer oss, kva for nyansar vi tek vare på, og korleis stiltonen blir. Ofte er dessutan preposisjonen ein del av ei meir eller mindre fast vending (som med i “sjå gjennom fingrane med noko”). Dette er språkleg tradisjon og ein arv vi kan halde i hevd og føre vidare. Her bør vi ikkje minst sjå opp for samanblanding av faste vendingar (eit døme kan vere “rette søkjelyset på” – av “rette søkjelyset mot” og “setje søkjelyset på”. Vi bør også passe på at uttrykksmåten ikkje blir så knapp at preposisjonsuttrykket knyter seg til feil ord (som med “av våpen” i formuleringa “eksportforbod av våpen” – skriv heller “forbod mot eksport av våpen”).

Det finst elles motepreposisjonar, som ein gjerne kan unngå i skrift dersom ein ikkje ønskjer å stå fram som slave av språkmoten. Eit døme kan vere på, som blir mykje brukt i meir sjargongprega tale (“vere på gang”, “ha rett på pengar”, “køyre på alkoholfritt” o.b.).

Framfor dei fleste norske stadnamn nyttar vi i, men framfor ein del namn er på den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn. Vi rår likevel til at ein skriv på der tradisjonen er slik. Les elles i innleiinga til “Preposisjonsbruk ved stadnamn” om preposisjonsbruk framfor stadnamn som også er kommunenamn.

Mellomrom

Det skal ikkje vere mellomrom framfor punktum, komma, utropsteikn, spørjeteikn, kolon og semikolon. Merk at det skal vere berre eitt mellomrom etter eit punktum som avsluttar ei setning.

Det var ein gong tre prinsesser som budde i eit slott. Ein dag fekk dei besøk av ein prins. God dag! sa han. Du er vel trøytt, så du vil kvile? sa den eine prinsessa. Han sa: Det er vel så, det.

Når ein bryt av ei framstilling med tre punktum, skal det vere eit mellomrom før dei tre punktuma dersom eit ord er utelate.

Viss du ikkje er snill, så … Er det meininga å gjere det slik, eller …?

Språkråd frå Språkrådet sine nettsider www.sprakradet.no.

Førre artikkelSpanande i kyrkja
Neste artikkelTa meg på ordet

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...