Heim Nyhende 110 med i kampen om å bli årets friluftskommune

110 med i kampen om å bli årets friluftskommune

Ved utgangen av Friluftslivsåret 2015 skal årets friluftskommune kårast.

 

Då fristen for å melde seg på gjekk ut 30. juni, hadde 110 kommunar fatta vedtak om å bli friluftskommune. Det inneber at kommunen forpliktar seg til å gi friluftsliv auka merksemd og dermed skape varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av befolkninga. Alle friluftskommunane er med i konkurransen når ein jury i november skal plukke ut tre finalistar og til slutt ein vinnar av tittelen Årets friluftskommune.

Nærmiljøet viktig

Dette er fjerde gongen at tittelen Årets friluftslivskommune vert delt ut. Ål kommune vann i 1997, Sandnes kommune vann i 2005, medan Sandefjord tok sigeren i 2009.

Friluftsrådenes Landsforbund og Miljødirektoratet er godt nøgde med oppslutninga:

– Tilrettelegging for friluftsliv der folk bur, er det som må til for å mobilisere fleire til å vere aktive i det daglege, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Miljødirektoratet har dei siste fire åra gjennomført pilotprosjekt i sju byar for å få fleire folk ut på tur i nærmiljøet. Hovudformålet har vore å hente erfaringar og kunnskap om korleis kommunar og andre lokale aktørar best kan leggje til rette for at befolkninga får god tilgang til naturopplevingar og fysisk aktivitet i sitt nærmiljø.

Mykje å gjere

Sjølv om mange i Noreg er aktive, er det framleis ein stor del av befolkninga som trenger å komme seg ut oftare, meiner Miljødirektoratet. Dei har summert opp erfaringane frå pilotprosjekta.

Ei viktig erfaring er at turområde bør vere i gåavstand frå der folk bur, for at dei skal bli brukt i det daglege. God informasjon, som skilt og kart, er også viktig for at områda skal bli tatt i bruk.

Områda bør også vere lagt til rette for fleire brukargrupper og for alle generasjonar. Nærområde bør kunne brukast til både fysisk aktivitet og rekreasjon, som transportåre, til leik og sosiale møteplassar. Men også til stille og ro for dei som har behov for det. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...