Heim Nyhende 14 millionar kroner til fleire nynorsktiltak

14 millionar kroner til fleire nynorsktiltak

Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millioner kroner til fleire store nynorsktiltak i statsbudsjettet for 2012. Dette kom fram under ein pressekonferanse på Aasentunet i dag.

– Språket er sjela vår, og vi skal kjenne ein tryggleik for språket vårt, seier Ingrid Heggø (Ap), leiar i Løvebakken Mållag. Saman med Bård Vegar Solhjell (SV) og Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) la ho fram nynorskpakken i Ivar Aasen-tunet torsdag.

Den største påplussinga går til Det Norske Teatret (DNT). Dei får 7 millionar kroner til Det Multi Norske, eit kunstnarleg integreringsprosjekt for innvandrarar i scenekunsten. Nynorsk kultursentrum får 2,2 millionar kroner ekstra til å arbeide vidare med planar for eit nasjonalt språkår i 2013 og til å byggje opp Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Hordaland Teater får 1 million kroner til å styrkje arbeidet med scenekunst på nynorsk, og Nynorsk Pressekontor får 500 000 kr til å produsere meir nyheitsstoff på nynorsk. Også Norsk Litteraturfestival, Ryfylkemuseet og Opera Nordfjord får ein særleg auke i 2012.

– På vegner av heile nynorskmiljøert takkar vi for denne satsinga, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Satsinga svarar godt til det eit samla nynorskmiljø prioriterte i sommar. Det er ei stor oppgåve å styrkje nynorsk skriftkultur, og desse løyvingane kjem svært godt med i det arbeidet, seier Grepstad.

– «Nynorskpakken» er gledelege nyhende også for NU og BUL. Prosjektet Det Multi Norske er ikkje bare eit prosjekt som omhandlar større mangfald på den profesjonelle scena. Dette er ei kopling mellom ein planlagt elevskule på DNT, og vidareføring av «breiddetilbodet» Den Mangfaldige Scenen, som er driven av DNT, BUL og NU. Dette er full pott i forhold til søknaden frå Det Norske Teatret, så det kunne ikkje bli stort betre, jublar generalsekretær i Noregs Ungdomslag (NU), Eli Ulvestad.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...