Heim Nyhende 200.000 til skaparglede og bulyst i Sykkylven

200.000 til skaparglede og bulyst i Sykkylven

Sykkylven i Møre og Romsdal skal bli kommunen for skaparglede. Det får dei 200.000 kroner frå kommunal- og regionaldepartementet til å gjere.

Sykkylven på Sunnmøre har søkt om bulystmidlar til prosjektet som skal skal etablere Sykkylven som kommunen for skaparglede. Identitet og omdømme skal byggje opp under dette, slik at Sykkylven blir sett på som eit attraktivt lokalsamfunn for dei med skaparglede.

Gjennom prosjektet ønskjer Sykkylven mellom anna å oppnå at næringslivet tiltrekk seg kompetanse med skaparglede som kan vidareutvikle verksemdene. Prosjektet legg òg vekt på at folk frå Sykkylven kan vere stolte av lokalsamfunnet og at born og unge blir medvitne om skapargleda i Sykkylven.

I samband med planlegginga av bulystprosjektet har Sykkylven kommune nytta sosiale medium for å få innbyggjarane aktivt med i debatten. Dei har også hatt folkemøte om dette. Kommunen er i gong med å lage ein Samfunnsplan, og bulyst er det første temaet dei tar fatt i i denne planen. Dei andre tema er verdiskaping og regional utvikling.

– Eg ser fram til å sjå kva resultat de klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Utløyser fylkeskommunale midlar

Det var Sykkylven Næringsutvikling (SNU) som sendte inn søknaden til departementet. Dagleg leiar, Harald Espeland, er meir enn nøgd med at bulystprosjektet i kommunen nå får 200.000 kroner.

– Det blir lettare å skape engasjement når prosjektet kan omgjerast til handling med ein god økonomi, seier Espeland. Han fortel vidare at pengane frå departementet også utløyser pengar frå fylkeskommunen.

Bulystprosjektet «Skaparglede» inneheld 10 forskjellige prosjekt i Sykkylven.

– Vi er opptatte av å kople skapargleda i næringslivet med kulturaktivitetar. Vi har mellom anna oppretta eit nytt tilbod som startar opp i kulturskulen nå i haust. Her tar vi inn 12 elevar frå 8. til 10. klasse som først skal jobbe eit halvår med ein designar. Dette halvåret skal dei prøve å utvikle ein souvenir som symboliserer det Sykkylven står for. Det andre halvåret skal dei prøve å lage prototypen på denne souveniren i PU-fabrikken, fortel Harald Espeland.

Eit anna prosjekt er ei reiselivsbedrift som heiter «Furniture guiding», som driv med industriturisme. I Sykkylven arbeider nemleg rundt 2100 i industrien, og brorparten av desse jobbar i møbelindustrien. Møbelprodusenten Ekornes åleine har 1100 tilsette. Det bur rundt 7500 i Sykkylven kommune.

– Vi ønskjer at folk skal få auga opp for skapargleda i møbelindustrien, og også at dei kan få bli ein del av det fagmiljøet som finst i kommunen, seier Espeland.

– Det blir ein spennande haust i Sykkylven, legg han til.

Attraktive lokalsamfunn

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst.

– Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader, seier Navarsete.

– Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...