Heim Nyhende 2,5 milliardar til omsorg

2,5 milliardar til omsorg

Regjeringa løyver 2,5 milliardar kroner meir i tilskot til utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

730 millionar av midlane går til utbygging som allereie er i gong i 166 kommunar. Denne auken i det statlege investeringstilskotet skal vere med og sikre målet om 12 000 nye heildøgns omsorgsplassar innan 2015.

Dette styrkjer mulegheita for samarbeid med bustadbyggjelag og andre private ved utbygging av sjukeheimar og heildøgns omsorgsplassar, seier Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding

– Slik får kommunane større spelerom i arbeidet med å få på plass eit framtidsretta omsorgstilbod. Dette handlar om at kvar og ein av oss ønskjer ein trygg og god alderdom – som er tilrettelagd etter dei behova kvar enkelt av oss har, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

KRD føreslår vidare å endre reglane for tildeling av investeringsmiddel, slik at kommunane sjølv kan bestemme om dei vil inngå avtalar med frivillige organisasjonar, bustadbyggjelag, private omsorgsfirma eller andre. Endringa inneber at høvet til å tildele tilskot vidare blir avvikla. Kommunane kan få tilskot uavhengig av om kommunen sjølv byggjer og driftar tenesta eller om kommunen heilt eller delvis kjøper slike tenester av andre aktørar. Kommunane må sikre seg disposisjonsrett til omsorgsplassane i 30 år.

Potten med auka midlar er allereie fordelt, og kommunane treng ikkje søke om  desse ekstra midlane. Lista over kven som har fått kor mykje finn du her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...