Heim Nyhende – Sjøkabel i Hardanger blir dyrt og vanskeleg

– Sjøkabel i Hardanger blir dyrt og vanskeleg

Sjøkabel i Hardanger blir både dyrare og vanskelegare enn først antatt, viser utgreiingane som regjeringa får overlevert tysdag, ifølgje NRK.

Undersøkingane av botnforholda som vart gjort i fjor haust, viser at det er bratt dei stadene der kabelen skal gå ned i fjorden. Det gjer sjølve bygginga av den omstridde kabelen vanskelegare.

Dei nye reknestykka viser dessutan at totalprosjektet blir dyrare enn kostnadskalkylane frå 2006. Årsaka er at desse utrekningane ikkje tok omsyn til kor mykje anlegga i vasskanten kom til å koste, skriv NRK. (©NPK)

NVE vil ha nye kraftmaster langs kysten ved Bergen

(NPK-NTB): Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) vil byggje kraftlinje gjennom fire kommunar mellom Kollsnes og Mongstad langs kysten nord for Bergen.
Størstedelen av den 35 kilometer lange linja skal gå i luftspenn, om lag 15 kilometer av strekket blir lagt i sjøen. Innstillinga frå NVE skal sluttbehandlast av Olje- og energidepartementet, skriv Aftenposten.
Ordførar Jon Askeland (Sp) i Radøy kommune – éin av dei fire kommunane som blir omfatta av planen – seier at det er eit stort lokalt engasjement i saka, og at saka kjem til å bli ein kystvariant av Hardanger-opprøret.
– Dette er langt meir dramatisk enn Hardanger. Inngrepet i naturen vil bli meir synleg fordi kraftmastene skal byggjast i eit flatt og ope kystlandskap, seier Askeland.
Han meiner framlegget frå NVE, dersom det blir ståande, vil gjere det svært vanskeleg for han som Sp-politikar å forsvare regjeringa i lokalvalkampen seinare i år.
Kommunane som blir rørt av planen er Øygarden, Radøy, Austrheim og Lindås. Ordførarane ønskte at heile linja skal leggjast i kabel, slik at ho ikkje vil vere synleg. NVE har valt å satse på ei linje i lufta på ei strekning av 20 kilometer av totalt 35 kilometer.
Naturvernforbundet og NVE sjølv skildrar særleg området Austrheim som eit spesielt sårbart naturområde. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...