Heim Nyhende 46 år med bygdeliste i Hå

46 år med bygdeliste i Hå

Kvart valår sidan 1964 har Nærbølista stilt til val og vunne sete i Hå kommune. Nærbølista er ei av landets lengstlevande bygdelister.

Ei bygdeliste er ofte eit teikn på at konfliktnivået i kommunen er høgt, og den kjem ofte til som ein resposn på einskildsaker som engasjerer sterkt. Bygdelister har og relativt kort levetid, men det gjeld altså ikkje for Nærbølista i Hå. Ordførar Terje Mjåtveit, som forøvrig er den einaste Hå-ordføraren som har sete to påfølgjande periodar, meiner lokalpolitikk handlar meir om engasjerte einskildpersonar enn partipolitikk.

– Nokon konflikt er det i alle fall ikkje snakk om no. Vi går til val på vanlege saker som skule, veg og helse, seier Mjåtveit. – Og det finst mange folk i Hå som er engasjerte i desse sakene utan at dei ønskjer å vere medlem i eit politisk parti for det. I ei bygdeliste kan dei få vere engasjerte utan at dei treng knyte seg til eit politisk parti.

Ope møte

Nærbølista kjem til ved at sitjande medlemer inviterer til eit ope nominasjonsmøte på samfunnshuset året før kommunevalet. Dit kan kven som helst kome og diskutere programmet og teikne seg til neste val. Nærbølista har stilt til val i alle år sidan ho kom til for 46 år sidan, og ved kvart val er det ei overlapping av kandidatar frå førre periode.

– Korleis klarer de å ha ein langsiktig politikk viss de ikkje har kjernesaker og verdiar de kan flagge?

– Politikken vår er tufta på dei kristne verdiane, og det ligg i botnen når vi lagar eit program, seier ordføraren.

– I og med at vi alltid har overlapping av folk frå periode til periode, sikrar vi og kontinuitet i politikken og programmet vårt.

Ordføraren fortel at Nærbølista plar gå gjennom programmet sitt halvvegs i perioden for så å gå ut og fortelje veljarane kva dei har oppnådd så langt. – Så langt eg veit er vi det einaste partiet i Hå som gjer dette.

Dobla seg

Nærbølista hadde eit brakval i 2007. dei dobla mandata frå seks til 12, fekk 34 prosent av stemmene og vart det einaste partiet i Hå med framgang. Lista har i denne perioden eit samarbeid med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV, og til saman sit desse med 19 av 33 mandat i kommunestyret. Dei største utfordringane for Hå kommune no, er å greie å utføre alle lovpålagde oppgåver og samstundes ha god styring med økonomien, meiner ordførar Mjåtveit.

– Hå er ein kommune i vekst. Vi veks med 2 prosent i året, og det betyr at vi må ha større skular og fleire barnehageplassar. Det kostar.

I vekst

Jernbanen går rett gjennom Hå og Stavanger kommune ligg berre ein halv time unna. Mykje av veksten kjem av folk som flyttar til Hå og pendlar ut av kommunen for arbeid. Men kommunen sjølv er og godt budd med arbeidsplassar. Eit nytt meieri som er under bygging gir grunn til optimisme i Noregs største husdyrkommune, meiner ordføraren. Og det sjølv om det nye meieriet skal erstatte fire eksisterande meieri i regionen og totalt spare inn 1/3 av arbeidsplassane derfrå.

– Vi har arbeidd så hardt for å få lagt dette meieriet til Hå. Det er så mykje kompetanse innan denne næringa i Hå, spesielt knytt til meieriet, at eg er viss om at det vil kome utvidingar i framtida.

Det at Tine satsar så mykje på denne meieriutbygginga vonar ordføraren vil vere med og stimulere bøndene til å halda fram med mjølkeproduksjon.

Hå er ein av åtte kommunar på Jæren, kor dei minste kommunane ligg tett og har mange samanfallande utfordringar. Kommunesamanslåing er eit tema Høgre har bragt på bana i Hå, utan at det har blitt handtert politisk. Ordførar Mjåtveit er klar på at han aldri vil vurdere å slå Hå saman med nokre av nabokommunane.

– Vi har 16 500 innbyggjarar i dag. Ein så stor vekstkommune med eit aktivt næringsliv, vi skal klare å overleve åleine. Eg ønskjer å ha det som no, med korte vegar og nære forhold, og det trur eg vi skal få til.

 

Førre artikkelSjeldan sak
Neste artikkelBetre med dialekt

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...