Heim Nyhende Sjeldan sak

Sjeldan sak

Det er sjeldan bygdelister varer så lenge som 46 år, seier forskar Jakob Aars ved Uni Rokkansenteret.

Aars har tidlegare studert verknadane som bygdelister kan ha ved kommuneval. Dei typiske bygdelistene er etter hans erfaring knytte til einskildsaker eller ei samling frå ei grend i kommunen som mobiliserer. Det hender òg at bygdelister omfattar heile kommunen, og primært har dei då eit standpunkt kor dei markere sin avstand frå politiske parti. Ein sjeldan gong er bygdelista ei avskaling frå tidlegare parti eller utbrytarar frå eit politisk parti.

– Felles for dei fleste bygdelister er at dei har relativt kort levetid, seier Aars. – Mange lever berre éin periode, somme greier å strekkje seg til to periodar før dei legg ned.

Elles er det ikkje så mykje som skil bygdelistene frå ordinære politiske parti, meiner forskaren. Mange lister lagar seg politiske program og dei organiserer seg på same måte som ordinære parti gjer.

– Kan bygdelister bli eit demokratisk problem når veljarane ikkje veit frå periode til periode kva lista står for?

– I utgangspunktet er ikkje bygdelister eit problem for demokratiet. Men sjølvsagt, viss ein går til val på smale einskildsaker og fristiller medlemene sine i alle andre saker, vil det bli vanskeleg for veljarane å stille kandidatane til ansvar. Når det er sagt så er det også mange parti som er opptekne av einskildsaker og einskildpersonar, ikkje berre bygdelistene, seier forskar Jakob Aars.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...