Heim Nyhende 50 millionar til samanslåingskommunar

50 millionar til samanslåingskommunar

Kommunaldepartementet gjev 50 millionar kroner i støtte til infrastrukturprosjekt i 36 kommunar som har vedteke å slå seg saman.

Tilskota går til prosjekt om digitalisering, utbetring av fylkesvegar og planlegging av gang- og sykkelvegar.

Dei 36 kommunane som får støtte skal slå seg saman til 14 nye kommunar, og tiltaka får støtte mellom 1 og 5 millionar kroner. Til saman fekk departementet 41 søknadar frå 106 kommunar.

– Dei samanslåtte kommunane treng ein god start, og då er noko av det viktigaste å byggja kommunane saman til éin ny, seier leiar for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njaastad (Frp).

Han legg til at god infrastruktur er viktig for å trekkja til seg nye innbyggjarar og verksemder.

Førde, Naustdal, Gaular og Jølster kommunar i Sunnfjord får fem millionar kroner for å utvikla digitale tenester, desentralisera tenester og planlegging av breiband i den nye kommunen.

Lindås, Radøy og Meland kommunar i Hordaland får to millionar kroner til reguleringsarbeid for vegprosjektet Samband Vest.

Støtteordninga vart vedteke av Stortinget som del av statsbudsjettet, og det er sett av 100 millionar kroner i 2017, som vert lyst ut seinare. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...