Heim Nyhende 700 000 til Språkåret 2013

700 000 til Språkåret 2013

Regjeringa løyver no 700 000 kroner til Nynorsk kultursentrum for å planleggje språkåret 2013.

Tiltaket er basert på initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som også får hovudansvaret for utviklingsprosjektet.
           
– Språkåret 2013 skal bli noko ingen har gjort før og ingen har sett maken til, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Til det treng vi hjelp frå alle dei ulike språkmiljøa i landet, frå målrørsle til innvandrarorganisasjonar.       
   
Nynorsk kultursentrum har arbeidd lenge for å gjere 2013 til språkåret. i fleire år arbeidd med ideen om å gjere 2013 til eit språkår. Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum har allereie etablert eit samarbeid, no blir fleire inviterte med. 

 
– Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader i Noreg, seier Grepstad. Målet er at det nasjonale språkåret skal styrkje den språklege sjølvkjensla blant nynorskbrukarane, skape større aksept for verdien av den språkdelte norske kulturen, og gjere til eit felleseige at Noreg har ein rik og mangfaldig språktradisjon som no blir utvida med nye innvandrarspråk, heiter det i pressemeldinga.  
 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...