Heim Nyhende Nynorsk litteratur i mengder

Nynorsk litteratur i mengder

Handlar du i ein butikk på Stord denne veka, kan du rekne med å få litteratur på kjøpet.

Falturiltu-festivalen på Stord er i gong, og festivaldiktar Hans Sande fortel korleis han måndag stod i ein daglegvarebutikk og såg på ei vare då han oppdaga eit lite skilt med følgjande tekst på:

Hugs mjølk, ost, kaviar og tilgjeving.

Diktet er Sandes eige og er eitt av fleire som er strødd rundt på Stord under Falturiltufestivalen.

Tre veker
Den einaste festivalen for nynorsk barnelitteratur i landet opna på måndag, og tysdag var Sande på Høgskulen Stord Haugesund for å sjå musikalen studentane hadde laga av boka hans Slangen i graset.

Etter premieren, som vart vist for medstudentar og elevar frå barnehage og småskule i nærleiken, kunne Sande slå fast at elevane hadde kome godt frå det.

Trass i noko språkleg rusk meinte forfattaren elevane hadde laga ei flott framsyning. Så godt som heile skulen har vore involvert i oppsetjing av musikalen, frå produksjon av tekst og musikk til scenografi, kostyme og framføring, og alt har skjedd på tre veker.

Midtpunkt
Elevane frå kunst og handverksklassen har dessutan illustrert fleire av Sandes bøker, mellom anna ei ny bok om Arkimedes og Eureka som ikkje kjem ut før i 2012.

Utstillinga av illustrasjonane vart opna av forfattaren sjølv, og ein gjeng 5- og 6åringar frå naboskulen fekk dessutan ei god og grundig omvising av kunstnarane sjølve.

Hans Sande sin jobb som festvaldiktar var ikkje ferdig etter musikalpremiere og utstillingsopning.

No ventar fleire opplesingar rundt om på institusjonar, og i tillegg skal han innleie på eit litterært seminar på fredag. Det er meir med jobben som festivaldiktar enn å berre vere eit strålande midtpunkt, som Sande sjølv skildrar det.

Kan vekse
Årets Falturiltufestival er den fjerde i rekka, og Kristine Torkildsen i festivalleiinga er svært fornøgd med at Stord får vise seg fram som nynorskkommune på denne måten.

– I år har vi 15 forfattarar og eit variert program å by på, seier Torkildsen. Ho meiner festivalen har eit potensiale for vekst også framover, og peiker på at det å nå ut over kommunegrensene med tilbod til nabokommunar er eit mål å jobbe mot.

– Samstundes kan det hende vi baserer oss på å ha færre forfattarar kvart år enn vi gjer no, og heller lar kvar forfattar få fleire oppdrag når dei først er her.

Begeistring
Torkildsen er glad for at Falturiltufestivalen får høve til å løfte fram Hans Sande sin foirfattarskap.

– Som han seier sjølv, så er han ikkje nokon kjendis. Men vår erfaring er at barnehagar og skular som blir kjende med forfattarskapen hans blir svært fascinerte og begeistra. Vi ønskjer å vere med og løfte denne forfattaren enno meir fram i lyset.

Sande har gitt ut 45 bøker, dei fleste av dei for barn. Forfattaren har i tillegg kunstnar og har ei utstilling på Stord kulturhus under festivalen.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...