– Krevjande
– Difi har ingen høve til sanksjonera kommunane, opplyser Sarah Fossen Sinnathamby, seniorrådgjevar ved avdeling for offentlege anskaffingar ved Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) til Framtida.no.
Sinnathamby understrekar overfor Framtida.no at alle offentlege verksemder skal innretta innkjøpa sine slik at dei bidrar til å redusera skadeleg miljøpåverknad, og fremja klimavenlege løysingar der dette er relevant.
– Mitt inntrykk er at fleire innkjøparar ønskjer å bruka miljøkriterium, men at fleire synest det kan vera krevjande å finna gode kriterium som er eigna til å skilja tilboda frå kvarandre på ein måte som kan etterprøvast, seier Sarah Fossen Sinnathamby ved Difi til Framtida.no.
Kan setja absolutte krav
– I mange samanhengar kan det vera meir fornuftig for ein oppdragsgjevar som ønsker ein konkret miljøeffekt å stilla eit absolutt krav til dette, for eksempel maksimum utsleppsverdi, framfor å premiera dette. Sjølv om eit miljøkriterium er vekta høgt, så vil ein låg pris ofte kunna trumfa høg miljøscore, poengterer Sarah Fossen Sinnathamby.
Difi har laga ein kriterievegvisar med krav, kriterium og kontraktsvilkår som innkjøparar kan bruka for å stilla krav til og premiera miljø og sosialt ansvar i innkjøpa sine innan transport og bygg. Men kriteria til anlegg som Pipelife etterlyser kjem først i starten på 2020
Manglar statistikk
Klagenemda for offentlege anskaffingar, KOFA, har ikkje statistikk som omfattar innklaga saker som omhandlar miljøkrava som blir sett i forskrifta for offentlege innkjøp.
– Så vidt eg kan hugsa har ikkje KOFA avgjort nokre saker der temaet har vore om § 7-9 er overhalden, seier Jonn Sannes Ramsvik til Framtida.no. Han er nestleiar i Klagenemndssekretariatet.