Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod. Berre éin av fem kommunar set dette kravet, viser ei undersøking gjort av Framtida.no.

Ei stor klimaundersøking gjennomført av Framtida.no viser at det er store forskjellar kva tid kommunane trur dei vil bli lågutsleppskommunar.

 
Også når det gjeld anbod er det store forskjellar. Av dei 160 kommunane som har svara, er det berre ti kommunar som svarar at dei vektar miljø meir enn 30 prosent i anboda sine. 23 svarar at dei vektar miljø akkurat 30 prosent. Resten vektar miljø mindre enn 30 prosent, ifølgje undersøkinga som Framtida.no har sendt til alle kommunane i landet.

 
– Ikkje éin kommune har spurt om miljø

 
Selskapet Pipelife leverer avanserte røyrsystem for vegar og avløp, og har gjort store investeringar for å møta komande miljøkrav. Men administrerande direktør i Pipelife Kjell Larsen seier til Veier24 at ikkje éin einaste kommune har etterspurt Pipelife sin miljødokumentasjon for selskapet og produkta deira.

 
– Framleis går det heilt kynisk etter lågaste pris, seier han til nettstaden Veier24.

 

– Krevjande

– Difi har ingen høve til sanksjonera kommunane, opplyser Sarah Fossen Sinnathamby, seniorrådgjevar ved avdeling for offentlege anskaffingar ved Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) til Framtida.no.

Sinnathamby understrekar overfor Framtida.no at alle offentlege verksemder skal innretta innkjøpa sine slik at dei bidrar til å redusera skadeleg miljøpåverknad, og fremja klimavenlege løysingar der dette er relevant.

– Mitt inntrykk er at fleire innkjøparar ønskjer å bruka miljøkriterium, men at fleire synest det kan vera krevjande å finna gode kriterium som er eigna til å skilja tilboda frå kvarandre på ein måte som kan etterprøvast, seier Sarah Fossen Sinnathamby ved Difi til Framtida.no.

Foto: Ole-Christian Østreng, Aurskog-Høland kommune

Les også: 11 prosent av kommunane i Noreg har fått seg dei første solcellene på kommunale bygg. Fleire krav om plusshus er venta å setja fart på investeringane

Kan setja absolutte krav

– I mange samanhengar kan det vera meir fornuftig for ein oppdragsgjevar som ønsker ein konkret miljøeffekt å stilla eit absolutt krav til dette, for eksempel maksimum utsleppsverdi, framfor å premiera dette. Sjølv om eit miljøkriterium er vekta høgt, så vil ein låg pris ofte kunna trumfa høg miljøscore, poengterer Sarah Fossen Sinnathamby.

Difi har laga ein kriterievegvisar med krav, kriterium og kontraktsvilkår som innkjøparar kan bruka for å stilla krav til og premiera miljø og sosialt ansvar i innkjøpa sine innan transport og bygg. Men kriteria til anlegg som Pipelife etterlyser kjem først i starten på 2020

Manglar statistikk

Klagenemda for offentlege anskaffingar, KOFA, har ikkje statistikk som omfattar innklaga saker som omhandlar miljøkrava som blir sett i forskrifta for offentlege innkjøp.

– Så vidt eg kan hugsa har ikkje KOFA avgjort nokre saker der temaet har vore om § 7-9 er overhalden, seier Jonn Sannes Ramsvik til Framtida.no. Han er nestleiar i Klagenemndssekretariatet.