Heim Nyhende Betra kommuneservice

Betra kommuneservice

Servicenivået i norske kommunar har blitt betre. Det viser ein ny test gjennomført av Forbrukarrådet.

Ein test av servicenivået i 76 norske kommunar viser at fleirtalet av kommunane gir god service på publikumskontakt. Testen er utført av Forbrukarrådet, som i september og oktober i år totalt har kontakta dei 76 utvalde kommunane 1.216 gonger, skriv Grannar.no.

Dei 51 største kommunane er testa, saman med om lag ti prosent av kommunane med mellom 2.000 og 20.000 innbyggjarar.

Kommunane er testa på 16 forskjellige punkt, og det er kommunane Bærum og Drammen som kjem best ut, med 89 og 88 poeng av 100 moglege. Blant storbyane er det Bergen som gjer det best. Trondheim får òg godkjent, medan Oslo og Stavanger får karakteren «ikkje godkjent». Dårlegast resultat får Oppdal kommune i Sør-Trøndelag, med 47 av 100 moglege poeng.

I kontakten med kommunane har Forbrukarrådet sine personar stått fram som vanlege innbyggjarar, og dei har sjekka kommunane sine nettsider, sendt e-post med konkrete spørsmål, ringt for å få svar på konkrete spørsmål, samt chatta med kommunane om konkrete spørsmål. Størst problem hadde dei med å finne informasjon då dei leitte etter barnehagane sine opningstider i romjula, oppdatert liste over fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og kontaktinformasjon til helsestasjonane.

Då Forbrukarrådet testa kommunar for første gong i 2005, fekk bare ti prosent av kommunane godkjent. Sju år seinare har talet stige til 59 prosent, og Forbrukarrådet opplyser at aldri tidlegare har ein så stor del av kommunane fått karakteren godkjent i deira testar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...