Heim Nyhende Protesterer mot vedtak

Protesterer mot vedtak

Før sommaren bestemte kommunestyret i Tromsø at byen skulle søke om å få bli med i samisk forvaltningsområde for språk. Det ville likestilt samisk og norsk språk i byen. Men det nye  kommunestyret med borgarleg fleirtal har no vald å trekkje søknaden, fortel NRK.

Samane i Tromsø er svært misfornøgde med avgjerda og planlegg no ein demonstrasjon for å vise kva dei synest om saken.

– Den politiske leiinga i Tromsø set pris på at kuftekledde samar trekkjer turistar. Men ein vil ikkje ha eit levande samisk språk og kulturliv her. Det er rystande at ein ikkje får vere seg sjølv, seier Max Machke til NRK Troms og Finnmark.

Byråd for næring, kultur og idrett, Jonas Stein Eilertsen (V), seier at dette handlar om at ein ikkje veit kva økonomiske konsekvensar ei slik innmelding ville hatt, og at ein reint prinsipielt ønskjer mindre statleg styring i byen.

Av dei rundt 70 000 innbyggjarane i Tromsø er vel 1 000 meldt inn i samemanntalet. Byen har frå før samisk skilting i Tinghuset, på Alfheim stadion og på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...