Heim Nyhende Blir det Vestlands-universitet likevel?

Blir det Vestlands-universitet likevel?

Det verkar mindre og mindre truleg at høgskulane på vestlandet får stå åleine, slik dei ønskjer. No blir det lukta på gamle og avskrivne idéar.

 

Både Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Volda (HVO) har vore klare på at dei ønskjer å stå åleine også framover, når Regjeringa skal gjennomføra fleire samanslåingar i tida som kjem.

Målet er meir robuste utdanningsinstitusjonar – og før jul kom beskjeden frå Kunnskapsdepartementet: Høgskulane i Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde er alle for små til å stå åleine, og må sjå etter partnarar å stå saman med. Elles blir det tvangsfusjonar.

Korleis den nye utdanningsstrukturen i Noreg skal sjå ut, blir klart siste fredag før påske.

LES OGSÅ: Vil stå åleine – kan bli tvangsfusjon

Eit Ivar Aasen-universitet?
Etter kvart som sjansen blir mindre og mindre for at høgskulane får stå åleine, kjem det stadig nye forslag til løysingar på bana. Fleire og fleire kastar seg inn i debatten.

Tidlegare i veka leverte professor Øystein A. Vangsnes ved Det Arktiske Universitet (UiT) sine argument for eit Ivar Aasen-universitet på Vestlandet – ei samanslåing av HiSF og HVO.

– I denne situasjonen bør HiSF og HVO sterkt vurdera å gå i lag. Det er fleire forhold som tilseier at det er ei god løysing i alle tilfelle, og overfor Kunnskapsdepartementet vil det handla om å ta styring over eiga framtid, skriv Vangsnes, og peikar på at dei to institusjonane overlappar på mange studietilbod, medan dei og har eigne område dei er gode på. Her peikar Vangsnes på medieutdanninga i Volda og klima- og energiforskinga til HiSF.

LES OGSÅ: Eit Ivar Aasen-universitet på Vestlandet?

Nynorsksenter
Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, slit med å sjå gode argument for reform for utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal, ifølgje Møre-Nytt.Men om skulane først skal slåast saman, meiner han tanken om ein felles høgskule for Møre og Romsdal kan vera god. Elles støttar han idéen til Vangsnes, om eit sterkt nynorsk-universitet laga av HVO og HiSF.

– Eg synest for så vidt tanken om ein skikkeleg nynorskskule kan vera like god, altså at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman. Det vil vera eit skikkeleg kraftsenter for nynorsken, og desse to skulane har også ei likare fagsamansetjing i utgangspunktet, seier Bjørdal til Møre-Nytt.

Argumentet om eit nynorsksenter vart og brukt av Kunnskapsdepartementet.

– Begge skulane har ein sterk nynorskidentitet. Vår meining er at dette ville stått sterkare i ei samla lærarutdanning, sa Bjørn Haugstad (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, før jul.

LES OGSÅ: Spleisar høgskulane før påske

Går til Plan B
Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore klare på at dei vil stå åleine, også i tida som kjem.

–Me er opne for samarbeid, men no meiner me sterkt at me må ha noko sjølvstende for å utvikla det me har fått til her i fylket vidare, sa Terje Bjelle, viserektor ved HiSF til Framtida.no i november.

Det er det offisielle standpunktet til HiSF, som vart gjort etter å ha vore i samtale med alle dei andre institusjonane på Vestlandet. No, når Kunnskapsdepartementet har gitt beskjeden om at dei ikkje får stå åleine, er det på tide å sjå til Plan B – ein tanke, men aldri eit offisielt standpunkt for HiSF.

– Plan B var ein vestlandsallianse, helst ein stor allianse for vår del. Det burde i så fall vore både Høgskulen og Universitetet i Bergen, samt nokon på vår storleik, til dømes Høgskulen i Volda, så me ikkje enda opp som vetlebror, sa Bjelle den gong.

Denne ideen om eit Vestlands-universitet vart lenge planlagd og diskutert, men eit møte mellom rektorane for alle institusjonane på Vestlandet i september enda i semje om at dei ville halda fram med å stå åleine, men samarbeida tettare.

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitet

No kan tanken om Vestlands-universitetet komma på bana igjen, ifølgje Sogn Avis.Dei melder no at HiSF vil i samtalar med mellom anna Universitetet i Bergen om eit storuniversitet. Ifølgje styreleiar i HiSF, Heidi-Kathrin Osland, vil ein slik fusjon lata høgskulen halda på ein del sjølvstyre.

– Me vil og få større breidde i fag, og då vil fleire fagmiljø finna fleire dei kan samarbeida med. Viss ein skal sjå det frå departementet si side vil det vera lettare å få tak i internasjonale forskingsmidlar, seier Osland til Sogn Avis.

Dette er heller ikkje ein framand tanke for Universitetet i Bergen.

– Om Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å ta opp att tråden med samarbeid med oss, så er det noko me skal handsama på ein skikkeleg måte i styret, seier rektor og styreleiar ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, til NRK Sogn og Fjordane.

At desse institusjonane no snakkar saman, landar godt hos Kunnskapsdepartementet.

– Eg tykkjer det er veldig positivt. Det verkar som om jula har blitt brukt godt, og me ventar no på kva som skjer vidare, seier statssekretær Bjørn Haugstad til NRK Sogn og Fjordane.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...