Heim Nyhende Blir ressurssenter for vaksenopplæring på nynorsk

Blir ressurssenter for vaksenopplæring på nynorsk

Ulstein kompentansesenter blir ressurssenter for vaksenopplæringssentra som nettopp har begynt å undervise på nynorsk, eller som vurderer å gå over frå bokmål til nynorsk.

 

Ulstein kompetansesenter har dette skuleåret fått 100.000 kroner av Kompetanse Norge for å vere eit ressurssenter for vaksenopplæringssentra som nettopp har begynt å undervise på nynorsk, eller som vurderer å gå over frå bokmål til nynorsk.

Mali Åm jobbar som inspektør ved Ulstein kompetansesenter, og har jobba som norsklærar for innvandrarar på heiltid sidan ho flytta til Ulstein i 2002.

– Her på Søre Sunnmøre var det eit godt samarbeid mellom vaksenopplæringssentra, og vi var fleire som ønska å kunne undervise på nynorsk. Vi tok mellom anna kontakt med diverse forlag og med Aasentunet, fortel ho til LNK.no.

Har undervist innvandrarar på nynorsk i 15 år

I 2003 kom læreverket NynorskPluss med Bjørg Sandal frå Gloppen som redaktør.

– Vi i Ulstein og nabokommunane har drive norskopplæringa for vaksne innvandrarar på nynorsk sidan den tid.

Det er den lange erfaringa og engasjementet som har vore grunngjevinga for at Ulstein kompetansesenter no har fått dette oppdraget frå Kompetanse Norge.

– Kva tenkjer du om læremiddelsituasjonen slik den er no?

– Då vi starta med å undervise på nynorsk, var læreverket berre på data og internett og pc-ane var ein del tregare enn i dag. Dette var krevjande for lærarane og deltakarane, fortel Mali Åm.

Dei siste åra har fleire forlag kome på bana, og no er det parallelle læreverk til alle nivå.

– Det siste vi ventar på er eit nyskrive alfabetiseringslæreverk som skal kome i 2019. Det har aldri vore så mange læreverk tilgjengelege som no.

Foto: ColourboxTre nye læreverk på nynorsk

Då ho fekk vite at dei kom til å få støtte frå Kompetanse Norge, gjekk dei til innkjøp av dei 3 nye læreverka som kom hausten 2017.

– Vi har såleis testa ut det meste av det som finst, og det er mykje bra, understrekar Åm.

På kva måte kan de gi støtte til andre vaksenopplæringssenter?

– Vi har lang erfaring med å undervise nynorsk på alle spor og nivå, og kan dele tips og erfaringar frå klasserommet. I tillegg håpar eg vi kan bygge opp eit nettverk av opplæringsstadar og lærarar som underviser på nynorsk. På den måten vil vi kunne kople saman senter som er like eller nære.

– No er det på tide å gå over til nynorsk

– Kva råd vil du gi til nynorskkommunar som enno underviser vaksne innvandrarar på bokmål?

– No er tida til å gå over frå bokmål til nynorsk. Ta kontakt med oss eller andre opplæringsstader som underviser på nynorsk. Hospiter, sjå på læreverka og snakk med lærarane og skuleleiinga.

Gå til temasidene våre: Nynorsk for vaksne innvandrarar

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...