Heim Nyhende Boikott og opprør mot rettskrivingsreglar

Boikott og opprør mot rettskrivingsreglar

Frode Grytten er heilt imot dei nye rettskrivingsreglane. – Dette er ikkje måten å driva språkpolitikk på, for språket kjem nedanfrå. No blir endringane tredd ned over hovudet på oss, seier han til bt.no.

Grytten seier til bt.no at det er betenkeleg (dumt) for dei som er unge og skal læra nynorsk, for dei får mindre valfridom. Noko av poenget med nynorsk er at ein skal ha betre høve til å skriva sånn som ein snakkar.

Det er delte meiningar om dei nye rettskrivingsreglane. Medan Grytten er heilt i mot, seier Edvard Hoem til rbnett.no at den nye rettskrivingsnorma etter reformen uansett ligg nær den nynorsken folk flest brukar.

– Det er ikkje noko nytt og radikalt ved denne reforma, seier Hoem. Dette vil i praksis bli den nynorsken forfattarar og journalistar brukar. Sjølv vil han halde fram med å bruke den forma for nynorsk han alltid har brukt.

Alternativ ordliste

Men det er ikkje berre blant forfattarar at meiningane er delte.

– Me gjer rett og slett opprør, seier leiar av Ullensvang Mållag, Erlend Trones, til bt.no. Trones er ein av fleire mållagsfolk som meiner Språkrådet har skusla vekk ein god sjanse til å stramma inn i det store kaoset av klammeformer som fanst. Bt.no skriv at Arvid Langeland saman med Ola Breivega på Voss har arbeidd med ei alternativ ordliste som tek utgangspunkt i den eksisterande læreboknormalen, men med færre val.

– Me har prøvd å gjera språket tydelegare med mindre valfridom. I dag kan du skriva både «nød» og «naud». Me meiner det heiter «naud» – dermed basta, seier Langeland til bt.no

Han trudde alle sideformer skulle fjernast. No er dei i staden gjort valfrie, og det betyr at du kan skriva til dømes å «byggje» eller å «bygge».

– Under presset frå bokmål, fryktar eg at statsforvaltninga og skulen vil velja det som er nærast bokmålet. Føresetnaden var at nynorsken skulle bli forenkla. Det har diverre ikkje skjedd. Eg vil kalla dette ein sørgjeleg dag, seier Langeland.

Treng du ei innføring i kva for endringar den nye rettskrivingsnorma bringer med seg har framtida.no ein serie der dei tek for seg dei nye reglane. Les “Dette er den nye nynorsken” her.

Les heile saka i bt.no

Les saka frå rbnett.no

 

Førre artikkelPeer Gynt i tradisjon og 3D
Neste artikkelEin varig fest

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...