Heim Nyhende Bryne-foreldre kjempar for bokmålsklasse

Bryne-foreldre kjempar for bokmålsklasse

I småbyen Bryne på tjukkaste Jæren har alle elevane nynorsk som hovudmål. No prøver ei gruppe foreldre å samle støtte til å få danna ein eigen bokmålsklasse.

 

I 2011 var det ikkje nok elevar som ønskte bokmål, til å starte eigne bokmålsklassar verken ved Bryne skule eller Rosseland skule. Men til saman var dei mange nok, og kommunen gav desse tilbod om å gå i ein felles bokmålsklasse på Rosseland. Men av ulike grunnar fell fleire frå, og talet enda til sist under ti, som er grensa for å danne eigne målklassar.

LES OGSÅ: Her vinn nynorsken fram

No prøver ei gruppe foreldre på Rosseland igjen å få starta ein eigen bokmålsklasse for førsteklassingane som byrjar til hausten, fortel Jærbladet.

– Nesten ingen vel nynorsk frivillig. Det er eit språk som er lite i bruk utanfor skulane. Eg forstå ikkje kvifor vi absolutt skal halde på nynorsken, seier bokmålsaktivist og tidlegare mållagsmedlem Henning Bonnez til avisa.

LES OGSÅ: Vil gi stipend til nynorskbloggarar

Bonnez meiner halvparten av elevane på Bryne hadde gått i bokmålsklassar viss det var lettare å gi beskjed om målform. Bokmålsforeldra ville helst kunna ha krysse av for målform på innskrivingsskjemaet. I dag må dei be om fritak frå hovudregelen, som på Bryne er nynorsk.

Bryne skule har så langt ikkje fått nokon ønske om bokmålsklasse, men rektor Geir Soma ved Rosseland skule fortel at talet på bokmålsønske der no nærmar seg den magiske grensa på ti. Fristen for å seie frå er 1. mars. (©NPK

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...