Heim Nyhende Det hemmelege språket

Det hemmelege språket

I år feirar kvensk ti år som offisielt språk i Noreg. Vil det overleve?

 

 – Om ein ikkje kan språket, så er ein like mykje kven. Det krev mykje innsats å læra seg språket, så eg veit ikkje om eg hadde gjort det om att, seier Merethe Eidstø Kristiansen, og legg til:

– Det er ikkje mange på min alder eg kan prata kven med.

Sjølv om ho ikkje lærte språket som lita stikk den kvenske identiteten djupt i 31-åringen frå Finnmark.  

– Kvar skal eg byrje? Identitet er ein ganske kompisert og samansett ting, smilar ho.

LES OGSÅ: – Eg kan vera ein kven

10-årsjubileum
Tidlegare i år byrja Eidstø Kristiansen i jobben sin på Kainun Institutti – Kvensk institutt.

På Nasjonalbiblioteket sitt jubileumsseminar for kvensk språk fortel ho dei frammøtte om kvenar i litteraturen og om kvenskildringas pioner – Alf Nilsen-Børsskog (1928-2014).

Ho skreiv masteroppgåva si i litteratur om den fyrste romanen hans «Kuosuvaaran takana» («Bak Kuosuvaara») (2004), som òg var første kvenskspråklege romanen som er gitt ut.

Då Nilsen-Børsskog skreiv romanen fanst det ikkje noko offisiell rettskriving for språket, som har levd munnleg i Noreg sidan kvenane immigrerte frå Finland rundt 1700-talet.

Den første kvenske ordboka kom så seint som i 2014. Ti år før måtte forfattarpioneren normera språket sitt sjølv.

«Viimi vuođet» («De siste årene»), som er fjerde og siste bind i romanserien «Elämän jatko» («Livets fortsettelse») vert i år gitt ut posthumt. Det same gjeld diktsamlinga «Merimies muistelee» («En sjømann minnes»), som forfattaren sjølv leste inn berre nokre månadar før han gjekk bort.

Redaktør i Forlaget Iđut, Nan Persen, har teke turen til Oslo i samband med jubileet og boklanseringa.

LES OGSÅ: Første grammatikkbok på kvensk


Michelle Tisdel (t.h.) ved Nasjonalbiblioteket var ein av fleire som sette pris på innlegget om kvenar i litteraturen av Merethe Eidstø Kristiansen ved Kainun Institutti – Kvensk Institutt.

Er eg kven?
2005 – året etter at Nilsen-Børsskog gav ut debutromanen sin – vart kvensk eit offisielt språk i Noreg.

– Då var det ikkje så lenge sida eg hadde starta å studera. Eg var på utveksling i Finland. Eitt av faga handla om fleirspråklegheit og der leste eg om kvenane. Då byrja eg å tenkja på om eg var kven og om det var dette språket pappa prata då eg var lita, minnast Eidstø Kristiansen.

For utanforståande kan dette uuttalte kring det kvenske verke underleg, men ei slik historie er slett ikkje unik for kvenar fødd etter 1965. Rundt den tida slutta kvenske foreldre å læra språket sitt vidare til borna sine. Det vart sett på som ei byrde, framfor ein ressurs.

Ingen veit kor mange kvensktalande som finst i Noreg i dag, men talet har gått dramatisk ned dei siste femti åra. Truleg er det berre nokre tusen att som talar språket, som no er i ferd med å dø ut.

LES OGSÅ: KrFU oppmodar andre parti til å få samiske og kvenske namn

Norsk morsmål
Sidan Eidstø Kristiansen allereie har lært seg finsk har ho ein fordel når ho no held på å læra seg kvensk, som er i same språkfamilie. At ho bur i Pyssyjoki/Børselv og har fleire nære slektningar som framleis pratar kvensk er òg til hjelp.

– Norsk er morsmålet mitt, men eg føler meg ikkje fornorska slik som mange eldre gjer. Eg føler meg ikkje som noko offer. Eg kan velja å læra meg kvensk og er difor veldig privilegert. Tanta mi er kjempeflink å fortelja historier. Eg kan snakka norsk med alle mine kvenske slektningar, men det er noko spesielt når ein får tilgang til dei spesielle orda og stemningane, seier språkentusiasten, som legg til:

– Eg kjenner på ansvaret for å lære meg godt kvensk. Då kan eg òg læra det vidare til mine born ein gong.

LES OGSÅ: Får tilskot til å laga kvensk film

T.M. Osvald Josefsen (27) er stolt over å vera kven og ser den same tendensen hjå fleire unge, men han skulle gjerne sett at fleire snakka språket.

«Det hemmelege språket»
På jubileumsseminaret er det premiere på den rykande ferske dokumentarfilmen «Det hemmelige språket» regissert av Finn McAlinden.

Tittelen speglar eit utsegn frå T.M. Osvald Josefsen i opningsscena.

– Det kvenske har vore så utruleg nært og ein integrert del av meg heile vegen. Spørsmålet vart etter kvart kvifor dette er ein så naturleg del av meg, samstundes som ingen andre har høyrt om det og språket døyr ut, fortel 27-åringen til Framtida.no i forkant av visninga.

Han byrja å læra kvensk i 16-årsalderen. Mesteparten av språkkunnskapane kjem heimafrå, før han seinare har teke kvensk på Universitetet i Tromsø og delteke på språkkurs i regi av det kvenske lokallaget i Oslo.  

LES OGSÅ: Tromsø-ordførar ber regjeringa om språkhjelp

Symbolske summar
Aller helst skulle Josefsen ynskje han lærte språket frå barndommen av, eller til dømes som tredjespråk på vidaregåande.

– Å læra det som liten er den billegaste måten å læra eit språk på. Ein må få det inn i barnehagen og skulane og ein må få på plass eit skikkeleg læreverk. Dette går veldig sakte og det verkar som om det er ein del symbolikk i dei pengane som vert gitt. Skal ein revitalisera eit språk krevst det midlar. Det er vanskeleg å laga ei ordbok på dugnad, meiner den unge kvenen, som er engasjert i Kveeninuoret – Kvensk ungdomsnettverk under Ruijan Kveeniliitto – Norske Kveners forbund (RK/NKF).

Dette synet deler han med lingvist Pia Lane ved Senter for fleirspråklegheit i Oslo, som har vore delaktig i filmarbeidet som ekspertkjelde, intervjuobjekt og gjennom eit unikt samarbeid der filmmaterialet er gjort tilgjengeleg for forskarar.

– Språket er ein kulturell arv, som me er i ferd med å skusla bort, eller har freista å drepe. Eg er uroa for at me held på å overføre akkurat det same til innvandrar. Det er som om me ikkje har lært noko, seier Lane i dokumentarfilmen.

LES OGSÅ: Den engasjerte samen

Fengslande fortid
Josefsen har kjent på det vakuumet som kan synast å omgje det kvenske blant eldre generasjonar, der språket vart tala, men ikkje omtala.

– Det er som om dei har hatt litt kompleks for det, som om dei har vore i fengsel.

No ser Josefsen at fleire unge interesserer seg for bakgrunnen og språket sitt – ei trend han ser i samband med auka interesse for mellom anna slektsgransking.

– I filmen ser det ut som eg kan ein del, men eg kan føra enkle samtalar, avslører Josefsen, som ikkje kjenner til norske kvenar på sin eigen alder som snakkar språket.

– Det hadde vore morosamt å møta nokon, smilar 27-åringen, som er optimistisk med tanke på framtida til språket.

Hen meiner at det at kvensk no er vorte eit fag på universitetsnivå er eit godt teikn.

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk


Dokumentarfilmskapar Finn McAlinden er sjokkert over kunnskapsløysa om kvenar.

Visste ingenting om kvenar
Fornorskinga har sett sine spor i kvenane, men regissør Finn McAlinden i Lightsource Film Productions ville ikkje framstille dei som noko offer.

Det er applaus i det fullsette auditoriumet etter filmvisninga. Fleire av dei godt vaksne deltakarane er å sjå i filmen, anten som kvensk- eller norsktalande kvenar.

Regissøren sjølv visste lite og ingenting om den kvenske minoriteten før han sette i gang med arbeidet, og vert stadig overraska over kor lite nordmenn veit om kvenane. Nettopp difor meiner han det var viktig å laga filmen.

– Det er ei folkegruppe nordmenn ikkje veit noko om, og dersom dei veit noko så trur dei gjerne det er «ein slags same». Då eg fortalde elevane mine at eg laga ein film om kvensk og at me har fem offisielle språk i Noreg fekk dei bakoversveis, fortel McAlinden, som kom over prosjektet då ein kanadisk filmskapar fortalde at ho laga ein film om kvenar i Canada.

Regissøren som òg er filmlærar ved Norges Kreative Fagskole (NKF) vonar at sjåarane sit att med kunnskap om at kvenane finst og at kvensk er eitt eige språk, som har eksistert i uminnelege tider.

– Kva trur du? Vil språket overleve?

– Ja, dersom dei unge – slik som Osvald i filmen – fattar interesse for det. Men eg trur aldri det vil verte same nivå som med besteforeldregenerasjonen, avsluttar regissøren.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...