Heim Nyhende Drifta stabilisert i Samlaget

Drifta stabilisert i Samlaget

Etter tøffe tak med nedskjeringar og omleggingar meiner Det Norske Samlaget at drifta no er stabilisert.

 

– Den store omlegginga kom i 2012 då vi selde Samlaget Utdanning og kontorlokala våre i Jens Bjelkes gate. Saman med at vi greidde å redusera driftskostnadene, førte dette til at vi fekk eit lite overskot i fjor, seier styreleiar Kari Bjørke i Stiftinga Det Norske Samlaget til Nynorsk pressekontor.

Årsrekneskapen for 2013 viser at eit resultatet etter skatt på 0,4 millionar kroner mot eit overskot på 2,1 millionar i 2012. Det reelle driftsresultatet viser ei betring på om lag 12 millionar kroner.

I årsmeldinga heiter det at forlaget no har styrkt eigenkapitalen og har god likviditet.

Treårsplan

Styreleiaren i Samlaget seier styret har hatt ein treårsplan for omstillingane.

– 2012 var året då vi reduserte storleiken på forlaget og tok vekk alt som ikkje var viktig for kjerneverksemda. 2013 var eit konsolideringsår der vi fekk driftskostnadene i samsvar med inntektene. No er vi i ein situasjon der vi kan byrja å investera noko av kapitalen som kom frå omleggingane i 2012, seier Bjørke.

Ho legg ikkje skjul på at omstillinga har vore krevjande.

– Det har vore ein tøff situasjon med vesentleg færre tilsette, men vi hadde likevel mange utgjevingar og eit godt sal, seier styreleiaren og viser til at Samlaget i fjor auka boksalet med 5,6 prosent. Unntaket er barne- og ungdomsbøker der salet gjekk tilbake med 28 prosent.

Nysatsing

Også forlagsdirektør Edmund Austigard er optimistisk.

– No er Samlaget igjen i angrepsposisjon, skriv han i årsmeldinga der han varslar ei sterkare satsing på barn og unge.

Forlaget har alt tilsett ein ekstra redaktør for barne- og ungdomslitteratur og vil framover satsa meir på lettlesbøker for dei yngste. I tillegg skal mange av barnebøkene til forlaget no digitaliserast og gjerast tilgjengelege for nedlasting frå Google-butikken eller App Store.

I tillegg til barn og ungdom satsar forlaget også på høgare utdanning. Der er det også tilsett ein ekstra redaktør.

– Både språk- og litteraturpolitisk er dette to område som er svært viktige for Samlaget, seier styreleiaren.

Sjølv om drifta og økonomien i forlaget no er stabilisert, reknar om ho med at det blir tøffe år framover. Ho peikar på at det er særleg krevjande å vera eit nynorsk forlag i ein stadig meir kommersiell bransje der rammevilkåra er under press. Nysatsingane med lettlesbøker og digitalisering av den nynorske barnebokskatten er også utfordrande.

– Det gjer at Samlaget må rekna med tøffe tider. Vi har varsla eit mindre overskot dei komande åra. Først må vi byggja opp det som skal bli grunnlaget for større inntekter framover, seier Kari Bjørke. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...